Samlar bærekraftig oppdrettsforsking på perfekt tidspunkt

Publisert:22. november 2016Oppdatert:22. november 2016, 15:25
Lars Ebbesson har planane klare for det nye senteret. Og timinga er perfekt, meiner han.

Nye typar oppdrettsanlegg og fôrtypar er noko av det som kan komme ut av forskinga.

Det nye senteret har fått namnet Centre for Sustainable Aquaculture Innovations (CSAI), og er eit samarbeid mellom Uni Research og Universitetet i Bergen, samt oppdrettsindustrien og andre institusjonar.

Etableringa kjem i eit tid der debatten rundt skadelege verknader av oppdrett rasar, og forventningane til framtidig matproduksjon i havet berre aukar.

– Dette er eit perfekt tidspunkt å starte opp på, meiner forskingsleiar Lars Ebbesson ved Uni Research.

På rett måte
Han fryktar ikkje eit press frå styresmaktene, som somme har frykta utifrå uttaler frå mellom andre fiskerminister Per Sandberg.

– Det er riktig at vi må sjå på korleis vi kan utnytte havet betre, men vi må gjere det på rett måte, seier Ebbesson.

Meir lukka anlegg
Forsking på nye fôr-kjelder til oppdrettsfisk, og effekten av lukka og halv-lukka oppdrettsanlegg er to tema CSAI vil jobbe med. Og forskinga er allereie i gang.

– Eitt av våre fokus er lukka og halv-lukka anlegg. Og næringa ser òg etter løysingar som er berekraftige for dei.

– Ser du for deg ei utvikling mot berre lukka anlegg?

– Det vil truleg alltid vere nokre opne anlegg. Men dei vil òg ha nytte av dei lukka anlegga, mellom anna ved å redusere tida fisken er i opne system, seier Ebbesson.

Ambisjonar om vekst
Mykje av infrastrukturen er allereie på plass, med laboratoriefasilitetar og eit stort og variert miljø i den marine klynga.

– Vi vil først etablere senteret. Så vil vi sjå korleis vi kan få andre miljø i og rundt Bergen til å bli ein del av det. Og vi tenkjer allereie på nye senter for framifrå innovasjon som vi kan opprette, seier Ebbesson. 

Her er nokre av dei som skal jobbe med bærekraftig oppdrett: Frå venstre Lars Ebbesson, Jon Vidar Helvik, Ivar Rønnestad, Sigurd Handeland og Sigurd Stefansson.

CSAI blei opna simultant av Aina Berg i Uni Research og Dag Rune Olsen ved UiB. Og timinga i samfunnet er dessutan særs god. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed