Psykologar fryktar for teieplikta på helsecampus

Publisert:17. november 2016Oppdatert:17. november 2016, 09:05
Per Einar Binder, Helge Molde, Helge Holgersen og Signe Hjelen Stige fryktar både plassmangel, dårlegare studium og sviktande tryggleik for pasientjournalar ved flytting til Årstadvollen. Foto: Dag Hellesund

Den planlagde organiseringa i helseklynga på Årstadvollen kan føre til at pasientopplysningar kjem på avvegar, trur psykologar.

– Vi er urolege for prosessen og løysingsforslaget som ligg føre, seier førsteamanuensis Helge Molde.

Leiinga ved Det psykologiske fakultetet ønskjer å flytte Institutt for klinisk psykologi til den nye helseklynga på Årstadvollen. Dei tilsette ved instituttet har vore spørjande til kor god ideen er. No har dei fått meir konkrete planar om kor stor plass dei får, og korleis både forsking, utdanning og pasientkontakt kan organiserast. Det har ikkje roa dei, heller tvert imot.

– Det er ikkje muleg å kombinere det å drive forsvarleg med det forslaget, sa førsteamanuensis Signe Hjelen Stige på eit allmøte på instituttet måndag.

Vil miste studentkontor
Det er særleg drifta av studentklinikken som uroar tilsette og studentar. I dag held instituttet til i Christies gate 12 i sentrum. Der har dei eigne lokale der pasientar blir tekne imot på ein studentklinikk, under rettleiing av erfarne psykologar. Dei rundt 150 studentane som til ei kvar tid har praksis på klinikken har eigne studentkontor, der fire og fire studentar sit saman. På desse kontora kan dei både sjå video av pasientsamtaler, skrive og lese journalar, få rettleiing og diskutere pasientar.

Men i bygget som er tenkt bygd på tomta der det gamle odontologibygget står i dag ligg plassen an til å bli trong: Studentane vil ikkje få eigne kontor, men må veksle mellom lesesalar, grupperom, videorom, terapirom og andre spesialrom. Dei må tinge plass i dei ulike romma, noko som vil gi ein heilt annan arbeidskvardag enn i dag.

Teieplikt
Bruken av pasientopplysningar er sterkt regulert, då det er særs viktig at uvedkommande ikkje får innsyn i innhaldet.

– Vi har ikkje lov å ta journalar ut av klinikken. Eg er særs uroleg over planen. Vi går under helsepersonellova, seier Helge Holgersen, som både er førsteamanuensis på instituttet og tillitsvald for Forskerforbundet.

Psykologane kan ikkje sjå at det er muleg å sikre at teieplikta blir respektert når 150 uerfarne studentar skal bruke journalar og video på ei rekke ulike rom over heile bygget.

– Vi legg i praksis ned ein veldig velfungerande pedagogikk. Vi taper i praksis på alle frontar. Studentane vil få ei heilt anna trening enn dei får i dag, seier universitetslektor Roar Solholm.

Trangbudd klynge
Dei tilsette vil og få langt mindre kontor i den nye klynga: I dag har dei fagleg tilsette kontor på 14 kvadratmeter og oppover. På Årstadvollen blir kontora åtte kvadratmeter. Dermed kan psykologane ikkje ta imot pasientar på kontora sine, men må tinge eigne terapirom.

Administrativt tilsette, stipendiatar og vitskapleg tilsette med 50 prosents stilling eller mindre må uansett sitje i opne kontorlandskap.

Instituttet har i dag 2000 kvadratmeter til disposisjon for kontorer og klinikk. Ved flytting vil kring ein fjerdedel av denne plassen forsvinne, og enno er ikkje prosjektet i mål: Det er gått ut ei oppmoding om at alle må sjå korleis dei kan kutte enno meir i plassbruken.

I ein alternativ plan har Institutt for klinisk psykologi gjort framlegg om å heller flytte andre delar av Det psykologiske fakultetet til Årstadvollen. Hemil-senteret, den nevropsykologiske klinikken ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, logopedi og forskingsseksjonen ved fakultetsadministrasjonen er miljøa dei tilrår å flytte, mens dei sjølve blir i Christies gate 12 i sentrum.

Dysfunksjonell leiing
Dei tilsette ved instituttet har lite håp om at fakultets- og universitetsleiinga vil høyre på det dei har å seie. Det er likevel  planlagt eit møte torsdag denne veka.

– Ingen har nokon gong høyrd på argumenta våre. Vi har eigentleg eit dysfunksjonelt fakultetsstyre og ei dysfunksjonell leiing, meiner tillitsvald Helge Holgersen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed