Nato, Trump og tryggleik

Publisert:29. april 2017Oppdatert:25. november 2016, 10:35
F.v.: Debattleiar og UiB-rektor, Dag Rune Olsen, debattleiar Lovise Aspunvik, utanriksminister Børge Brende, forskar ved Uni Research Rokkansenteret Lise Hellebø Rykkja, forskar og lærar ved Sjøkrigsskolen og NUPI, Ståle Ulriksen, førsteamanuensis ved UiB, Knut Einar Skodvin.

Polariseringa mellom USA og Russland er aukande, og var i fokus då utanriksminister Børge Brende gjesta Aulaen i Bergen for å få innspel i utanriks- og sikkerheitspolitikken.

USA kjem til å hamra krav om auka bidrag til Nato gjennom. 

NUPI-forskar Ståle Ulriksen fryktar at eit nytt styre i USA vil få store konsekvensar for europeisk forsvarspolitikk, medan utanriksministeren seier han ikkje er uroleg.

Det kom fram under ein paneldebatt om norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk ved UiB onsdag. 

Sidan februar har det vore ei rekke debattmøter rundt om i landet i regi av regjeringa. Målet med prosjektet Vegval er å skaffa innspel til utforminga av den nye stortingsmeldinga om vegval i norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk som blir lagt fram til våren.

Les også: Han spådde republikansk siger for fire år sia

Valdeleg ekstremisme, migrasjon, ustabil økonomi, krig, og maktskifte i USA er berre noko av det som pregar verdsbildet no.

– Me er i ein meir alvorleg sikkerheitspolitisk situasjon enn me har vore på fleire tiår. Eg har ikkje sett ei slik polarisering sidan i alle fall den kalde krigen, det ser ein mellom anna på måten ein ikkje evner å løysa ting på i sikkerheitsrådet, alt i frå Syria og andre pågåande saker, seier utanriksminister Børge Brende. 

USA sin sannsynlege nye forsvarsminister er ein av dei tøffaste jævlane som finst

Fryktar Trump
Nato og alliansepolitikk prega debatten i Aulaen, og det var mange spørsmål knytt til den komande presidenten Donald Trump sitt syn på forsvarspolitikk.

– Eg er veldig, veldig uroleg for den sikkerheitspolitiske utviklinga. Me har to millionbyar, Aleppo og Mosul, som er i ferd med å bli totalt øydelagde. Me risikerer at hundretusenar av menneske kan døy i løpet av dei neste vekene. Her har me vesten som støttar offansiven i den eine byen, og Russland som støttar offensiven i den andre. Me har ei valdsam opprusting plutseleg, Russland, og særleg Kina rustar opp og utfordrar verdsfreden, medan Nordvest-Europa er dei som har rusta mest ned dei siste 20 åra, sa NUPI-forskar, og lærar på Sjøkrigsskulen, Ståle Ulriksen, under debatten.

Han trur valsigeren til Trump kan få store konsekvensar for norsk forsvar, som ved fleire høve har sagt at medlemslanda må bidra meir til Nato enn dei gjer no. 

– Det som er konsistent i Trump sine utanrikspolitiske talar er at i Nato må medlemslanda bidra med meir, og at det er slutt på at USA skal bidra med så mykje som dei har gjort til no, sa Ulriksen.

Avtale om to prosent
Hausten 2014 skreiv Noreg under ein avtale med Nato, der ein skulle komma opp i løyvingar til forsvaret på to prosent av BNP, fordi USA tok mesteparten av byrden.

– No skal ein auka løyvingane, men me kjem ikkje opp i meir enn 1,5 – 1,6 av BNP. Det er ingen signal om at ein skal komma opp i to prosent, som me har lova, sa Ulriksen.

Han trur ikkje at kravet kjem til å bli fira på, og seier det fører til liten handlefridom. 

USA sin sannsynlege nye forsvarsminister er ein av dei tøffaste jævlane som finst (Den pensjonerte generalen James Mattis, red. anm.). Han kjem ikkje til å etterlata nokon tvil om at dette er viktig. USA kjem til å hamra dette gjennom.

Ulriksen la vekt på at Noreg vil bli veldig avhengige av USA når ein ikkje kan ta vare på sitt eige forsvar.

– Me har lagt opp til å ligga tett mot USA. No planlegg me med at me treng hjelp frå første dag. Viss ein ikkje klarer å bidra med så mykje i Nato, at me kan meina det me vil, då må ein rekna med å bli innkalt på teppe kvar gong det skal stemmast i FN, og få beskjed om at me forventar at Noreg stemmer sånn og sånn. Når me ikkje betalar, blir det vanskeleg å halda på verdiane våre. 

.I ei verd i stadig endring er dei ikkje berre berre og trekka lange linjer i ei stortingsmelding – Det er ikkje før blekket er tørt at ein må skriva eit nytt kapittel, difor må meldinga først og fremst også adressera det systemiske, altså metoden, for korleis me kan styrka vår kapasitet til å handtera desse utfordringane, seier Børge Brende.

USA vil stilla opp
Børge Brende understrekte i debatten at han er einig i at ein må rusta opp.

– At me må styrka militæret er eg einig i, og det er ikkje på grunn av utspela i USA. Dei har lenge ikkje hatt noko i mot den posisjonen dei har i Nato. Men me må gå inn å ta større ansvar for vår eigen sikkerheit. Det er eit Atlanterhav mellom oss og USA. USA har heller ikkje eit migrasjonspress som ein har i Europa, og har heller ikkje Russland som nabo, sa Brende.

Brende er heller ikkje redd for at USA ikkje vil stå ved forpliktelsane sine i Nato.

– Trump har ikkje sagt at han ikkje vil forhalda seg til artikkel fem. Det er ingen som er sterkare for eit Nato enn dei republikanaren som sit i kongressen og senatet. Eg er ikkje uroleg for dette framover. Vårt ankerfeste i Nato, og viljen til å stilla opp blant våre fremste allierte er eg ikkje i tvil om eit sekund.

– Me har ei målsetting på eit bidrag på to prosent. Me skal bli betre og sterkare, men kan ikkje legga skjul på at det er ingen andre, utanom USA, som bruker meir pengar per hovud enn Norge i Nato, la utanriksministeren til. 

Ulriksen ser ikkje særleg lyst på tida som kjem, og trur verda er inne i ei djup global endring av maktstrukturar, både militært og økonomisk.

Klima har ein stor sikkerheitspolitisk dimensjon

–  Det vil, og har alltid ført til, lange periodar med krig og elendigheit på eit eller anna vis. Det må me vera førebudde på framover. Det er ikkje ei kortsiktig sak, den kan vara over mange ti-år før det stabilisera seg. Den utfordringa er det er verdt å tenka over mange gonger, sa Ulriksen.

Klima og demokrati
Klima som eit sikkerheitspolitisk aspekt kom også opp under debatten, og vart peika ut som ein svært viktig faktor framover.

– Klima har ein stor sikkerheitspolitisk dimensjon. Globalt får oppvarminga øydelegge matgrunnlaget for folk, dei mister tilgang på vatn og må flytta på seg. Det må me gjera noko med. Kva gjer me om me får tilbakeslag i klimasamarbeidet internasjonalt? spurde Knut Einar Skodvin, førsteamanuensis ved UiB.

Avveging av sikkerheit og fridom, og kvar grensene for kontroll skal gå var eit aspekt Lise Hellebø Rykkja var opptatt av.

Ho er førsteamanuensis II ved UiB og forskar ved Uni Research Rokkansenteret.

– Me er meir sårbare enn før, og terrortrusselen har kome nærare. Myndigheitene sine moglegheiter for kontroll av innbyggarane blitt utvida. Meir sikkerheit fører ikkje nødvendigvis til mindre fridom, men jo lenger me går for å sikra tryggleik, di større sjanse er det for at demokratiske verdiar blir innskrenka. 

– Me må gå foran med eit godt døme og halda fram med å legga vekt på demokrati, ytringsfridom og tillit til sentrale institusjonar, avslutta Hellebø Rykkja.  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed