Med ny forsking kan Stian løyse mysteriet i Isdalen

Publisert:2. november 2016Oppdatert:10. mai 2017, 11:20
Stian Suppersberger Hamre forskar mellom anna på middelalderskjelett, men hjelper og politiet med til dømes identifisering av beinrestar. Isotopanalyse er eit av verktøya hans. Foto: Dag Hellesund

Moderne atomforsking kan gi gjennombrot.

Ved hjelp av nye, vitskaplege metodar kan Stian Suppersberger Hamre finne ut kor Isdalskvinna vaks opp og budde.

Trass mange forsøk har ingen klart finne ut kven Isdalskvinna var, og kva som skjedde før ho blei funnen daud i Isdalen i 1970.

NRK har tatt saka fram att, og etter at rettsmedisinar og UiB-professor Inge Morild fann vevsprøver og kjevebein frå den uidentifiserte kvinna i kjellaren under Haukeland universitetssjukehus, blei det denne veka klart at ein har klart å hente ut ein DNA-profil frå materialet. Det vil kunne gi ei sikker identifisering av kvinna – dersom ho eller slektningar av ho finst i internasjonale DNA-databasar.

– Om dei får treff på det, er jo saka på mange måtar løyst, seier Hamre.

Isotopverdiar for oksygen over heile verda finst i databasen til Det internasjonale atomenergibyrået.

Middelalderskjelett
Men dersom DNA-sporet ikkje fører fram, er saka framleis langt unna ei løysing. Då trur forskar Hamre at han kan komme vidare ved hjelp av atomar, regn og moderne teknologi.

Han er ein av svært få biologiske antropologar i Noreg, og truleg den einaste med doktorgrad i faget. Utdanninga si har han frå Australia og England, og faget er læra om evolusjonshistorie, vekst og utvikling av individ, og anatomisk og fysiologisk variasjon.

Til vanleg jobbar Hamre mest med gamle skjelett, til dømes frå Middelalderen, eller endå eldre. Postdoktorprosjektet hans, «Immigration and mobility in mediaeval and post-mediaeval Norway», går ut på å analysere migrasjon i middelalderen, gjennom å analysere tenner og beinrester.

Signatur frå isotopar
Isotopanalyser er eit av verktøya til Hamre. Grunnstoff har ulike isotopar, og desse kan brukast til å hente ut informasjon om organisk materiale. Mest kjent er kanskje C14-metoden, som brukast til å datere materiale, til dømes i arkeologi.

Men mange grunnstoff har ulike isotopar som kan innehalde informasjon: Oksygen har fleire isotopar, og dei varierer etter kor på jordkloden ein er, og dette set sitt spor i vatn, der oksygenet er bunde opp. Avstand frå hav og høgde er to av faktorane som påverkar isotopane i oksygen. Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har lagd kart over isotopverdiar i heile verda, slik at ein kan finne ut kva region eit menneske kjem frå.

Vatnet på staden vil setje sin signatur i kroppen, og den lokale oksygenisotopen vil setje sitt merke på cellene. Tannemaljen, som berre blir danna ein gong, vil difor spegle kor personen var då emaljen blei til. Emaljen på seksårsjekslane er til dømes skapt fram til ein alder av to år, mens visdomstennene blir lagde i 10-12-årsalderen. Skjelettet blir byta ut fortløpande, og viser difor kor ein har budd dei siste 5-15 åra avhengig av hvilke bein som undersøkes.

– Og med hår og negler kan du få vite kor folk har vore dei siste månadane, fortel Hamre.

Sjølv om både folk og matvarer reiser meir i dag enn til dømes i middelalderen, tydar nyare forsking på at ein framleis kan plassere folk geografisk basert på oksygenisotopar.

– Det er framleis eit brukbart samsvar, viser artiklar publisert i 2015, fortel Hamre.

Nytt i Noreg
Etter at saka om Isdalskvinna igjen er henta fram, har Hamre tenkt gjennom kva type analyser som kan hjelpe til med å plassere ho geografisk. I tillegg til analyse av oksygenisotopar trur han det kan vere nyttig å analysere svovel- og strontiumisotopar.

Svovel gir til dømes ulike verdiar for innlandet og kysten, og isotopar av det radioaktive grunnstoffet strontium finst i ulik konsentrasjon i bergartar. Strontium set og sitt preg på mat og vatn, og deretter den som får det i seg.

Ved å bruke fleire slike analyseverktøy, eventuelt kombinert med andre metodar, kan ein plassere eit menneske på kartet, og slik komme nærare svaret på kven ukjende er.

I USA  er det og utvikla ein metode for å spore opp kvar ulike narkotiske stoff kjem frå, basert på isotopanalyser. I tillegg til at metoden blir brukt i nokre tilfelle der ein ikkje finn opphavet til uidentifiserte lik.

Hamre kjenner òg til at isotopanalyse er brukt i forsvinningssaker i Irland, men i Noreg er det truleg aldri brukt før.

Black Notice
Seksjonsleiar Nils Jarle Gjøvåg ved kriminalteknisk avdeling i Vest politidistrikt har allereie forskinga til Hamre med i planen.

– Stian Suppersberger Hamre ligg inne på våre lister, og vi har planlagt eit møte med han, seier Nils Arne Gjøvåg til På Høyden.

No er det funne ein DNA-profil av kvinna, men ho må likevel treffe ein profil i eit DNA-register for at det skal vere til hjelp.

– Profilen kan seie oss noko om slektsband i verda, fortel Gjøvåg.

Med ein DNA-profil vil Kripos sende ut eit såkalla «Black Notice» i Interpolsystemet, som er eit varsel om eit uidentifisert lik ein prøver å finne ut meir om.

Anar ikkje om DNA gir løysing
Kunnskap om DNA blei utvikla særleg på 1940 og -50-talet, men DNA blei først tatt i bruk i politisaker på midten av 1980-talet. I Norge kom DNA-analyse for fullt i identifikasjonsarbeidet etter Scandinavian Star i 1990 og Operafjellulukka i 1996, då eit russisk fly styrta på Svalbard.

Då Isdalskvinna blei funnen var altså DNA ikkje i bruk for å identifisere lik av ukjende personar, og materiale frå sakna personar blei heller ikkje samla inn.

Per no anar vi ikkje om vi kjem vidare

– Men sakna-register har vore bede om å innhente DNA seinare, og dei kan vere oppgraderte i ettertid. Per no anar vi ikkje om vi kjem vidare, seier Gjøvåg.

Og dersom ein ikkje får treff i DNA-databasar, kan isotopanalyse fort vise seg å vere eit særs nyttig verktøy. Brukt på denne måten er kunnskapen endå nyare enn DNA. Så langt På Høyden kjenner til har isotopanalyse aldri vore brukt i politisaker før i Noreg.

Difor er det Kripos som først vil vurdere om det er tenleg å ta i bruk metoden.

– Kripos er vårt bistandsorgan, og dei har fagpersonar som eg stør meg til. Her er det heile tida ei utvikling, og det kan av og til vere ei utfordring å velje den beste. Då er det veldig greitt å ha Kripos, seier Gjøvåg.

Billeg metode
Til vanleg er det tanndata, fingeravtrykk og DNA som blir brukt til å identifisere ukjende lik.

Isotopanalyser er ikkje dei mest kostbare, og Hamre vurderer at politiet kjem langt med 10 000 kroner.

Hamre er òg mannen politiet tek kontakt med når nokon finn beinrestar, gjerne i samband med graving og byggeprosjekt. Men ofte er eit blikk nok for å avgjere om ein hovudskalle er frå middelalderen eller nyare tid.

– På gamle funn ser du at der er ein heilt anna tannslitasje, og inga tannbehandling. Dei sleit tennene mykje meir i middelalderen, fortel Hamre.

Men sjølv om politiet av og til ber om hjelp, er det mest gamle lik i skapet til Hamre. Han har granska middelaldersamfunnet i Trondheim, men ønskjer å forske meir på temaet.

Set du saman ein god porsjon skjelett, så har du eit samfunn

– Eg har lyst til å gå vidare her i Bergen. Og det finst plenty med materiale. Eit skjelett inneheld massevis av informasjon om sjukdom og levekår, endringar i diett og anna. Set du saman ein god porsjon skjelett, så har du eit samfunn. Målet er å seie noko om det samfunnet. Og det er forferdeleg spennande å få det ut på den måten.

Stian Suppersberger Hamre jobbar mest med middelalderskjelett. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed