Ho blir rektor på Høgskulen på Vestlandet

Publisert:24. november 2016Oppdatert:29. november 2016, 13:47
Berit Rokne var ein av 11 søkarar på rektorjobben. Etter ein lang diskusjon i HVL-styret blei ho utpeika som den sterkaste kandidaten.

UiB-professor Berit Rokne (61) har fått jobben med å leia den nye Høgskulen på Vestlandet i ein åremålsperiode på fire år.

Etter ein fire timar lang diskusjon kunne interimstyret ved HVL konkludera med at den nye rektoren for Høgskulen på Vestlandet var tilsett. 

Instillinga frå det rådgjevande tilsettingsutvalet var delt, og i styret stod valet til slutt mellom Rokne og sitjande HiB-rektor Ole Gunnar Søgnen.

– Det var sterke kandidatar, og me ville at det skulle vera ein god og grundig prosess. Det var eit krevjande val, men me samla oss fint til slutt. Berit Rokne har full tillit frå styret, og me er viss på at ho har dei beste føresetnadar for å ta tak i arbeidet med å byggje den nye institusjonen, seier styreleiar Arvid Hallén.

Rokne er professor ved institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen, og var prorektor ved UiB frå 2009 til 2013. Ho har tidlegare også vore viserektor for utdanning ved universitetet, tok doktorgrad i sjukepleievitskap i 1993, og jobba som studiedirektør ved Høgskolen i Bergen frå 1996 til 1999.

– Fornøgde studentar
Studentrepresentant for Høgskulen i Sogn og Fjordane i interimstyret, Ingrid Moe Albrigtsen, var svært fornøgd med valet av Rokne.

– Eg blir så glad og får så mykje motivasjon av å tenka på at ho blir rektor. Ho framstår som ei som vil tenka på utdanningspolitikk, og ta godt vare på studentar og tilsette. Ho har ei forståing for kva det vil seia å vera ein stor utdanningsinstitusjon.

Ho trur medstudentane delar entusiasmen ho har for Rokne.

– Ja, eg føler studentane står bak meg i dette. Men ei bestilling blir sjølvsagt at ho må tenka meir enn berre Bergen. Ho må vera klar over at me er fem ulike studiestadar, seier Moe Albrigtsen. 

Høge ambisjonar
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen eg nøgd med at tilsettinga no er i havn. 

– Eg vil gratulera Berit Rokne med jobben som rektor for den nye Høgskulen på Vestlandet. Det er ein spennande og krevjande jobb ho no skal ta fatt på. Ambisjonane for den nye høgskulen er høge, men eg trur Berit har gode føresetnadar for å lukkast, skriv Isaksen i ein e-post til På Høyden. 

Tilsettingsprosessen har vart heilt sidan juni, då stillinga blei lyst ut. Høgskulen på Vestlandet blir oppretta 1. januar 2017, og erstattar då Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed