Han er ein av Noregs 12 mest siterte i verda

Publisert:17. november 2016Oppdatert:18. november 2016, 14:15
– At UiB-forskarar er høgt oppe på lista spelar også ei stor rolle for universitetet. Det hjelper på rankinga deira og viser at afrikansk arkeologi er høgt oppe på agendaen, seier professor ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Christopher Henshilwood.

UiB-arkeologen Christopher Henshilwood er blant dei svært få forskarar frå norske institusjonar som hevdar seg blant verdas mest siterte forskarar.

Professor i kardiologi ved UiB, Kenneth Dickstein.

– Eg synest det er fantastisk for prosjektet. Det er eit bevis på at laget jobbar saman med deg. Me publiserer artiklar som ei gruppe, og det viser kor framifrå kollegaane mine er. Det er slik ein får anerkjenning for arbeidet ein har gjort, seier den verdskjende arkeologen.

Les meir om forskinga her: Afrikanske Homo sapiens først ute med kunst

Analysebyrået Thomson Reuters kjem kvart år ut med ei liste kor topp éin prosent av forskarar med gjennomslagskraft på sitt felt er med. Her er mellom anna talet på publiserte artiklar dei siste ti åra, siteringar, og kor artikkelen er publisert med i reknestykket. Det er med på å seia kor mykje forskaren har bidrege til sitt felt på i verda. 

NTNU, UiO og UiB har to forskarar kvar på lista, medan UiT har ein forskar med professor II-stilling. I fjor var det ni forskarar som var knytt til norske institusjonar på lista, medan det i år er 12. 

Her er oversikta:  

  • Dan Atar, professor i kardiologi, Universitetet i Oslo.
  • Sverre E, Kjeldsen, professor i kardiologi, Universitetet i Oslo.
  • Glen P. Peters, forskar, Cicero.  
  • Andrew D. Oxman, seniorforskar, Kunnskapssenteret for helsetjenesten i Folkehelseinstituttet
  • Gunn E. Vist, Kunnskapssenteret for helsetjenesten i Folkehelseinstituttet
  • Michael Scultz, forskar, Meteorologisk institutt
  • Andreas Stohl, seniorforskar, Norsk institutt for luftforskning (NILU)
  • May-Britt Moser, professor i nevrovitenskap, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  • Edvard Moser, professor i nevrovitenskap, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet  
  • Kenneth Dickstein, professor i kardiologi, Universitetet i Bergen (Stavanger universitetssjukehus)
  • Christopher Henshilwood, professor i arkeologi, Universitetet i Bergen
  • Carlos Duarte, professor i arktisk og marin biolog, King Abdullah University of Science & Technology, Saudi Arabia og Universitetet i Tromsø.

– Viktig for universitetet
Forskinga til Henshilwood spring mellom anna ut frå Blombos-grotta sør for Cape Town i Sør-Afrika. Han har tilbrakt mykje tid på feltarbeid i området dei siste 20 åra.

Det er også bra for å få forskingsmidlar, er ein mykje sitert er det lettare å få tildelingar

Han har funne spor etter smykke og verktøy som er 75 000 år gamle, noko som har vore med på å endra oppfatninga om at det “moderne” menneske stammar frå Afrika og ikkje Europa.

– At me er høgt oppe på lista spelar også ei stor rolle for universitetet. Det hjelper på rankinga deira, og viser at afrikansk arkeologi er høgt oppe på agendanen. Det er også bra for å få forskingsmidlar, er ein mykje sitert er det lettare å få tildelingar. 

Nytt prosjekt
Henshilwood har gått vidare til finalerunden i SFF-tildelinga med senteret Centre for Early Human Behaviour (EHB) Homo Sapiens Behavioural Evolution 100-50 000 Years, South Africa.

Prosjektet er tverrfagleg og skal bruka ekspertise i frå ulike forskingsmiljø. Ein skal prøva å forstå korleis menneska levde og oppførte seg for 50 – 100 000 år sidan.

– Til dømes har me med oss samfunnspsykologar som skal sjå på evolusjonen av menneskehjernen, og prøva å sjå korleis menneska har klart å bli så moderne for så lang tid sidan. Viss me får tildelinga er det endå ti år med forsking me får pengar til. Det hadde vore fantastisk, det er så mykje meir me vil finna ut av, seier Henshilwood.

På lista til Thomson Reuters er det over 3000 forskarar med. Tolv av dei jobbar ved norske institusjonar. Våre naboland ligg vesentleg betre an: Finland har 16 personar på lista, Danmark 29 og i Sverige er heile 31 forskarar med. 

Tabellen viser tal på forskarar på Thomson Reuters si liste i Sverige, Danmark, Finland og Noreg. 

– Går alltid rundt med eit tidsskrift
Den andre UiB-forskaren på lista er innanfor eit heilt anna fagfelt, nemleg kardiologi. Hjarteforskarane Kennet Dickstein har vore på lista tre år på rad, og forskar på hjartesvikt.

Les også: Hvem på UiB er blant topp én prosent av verdens forskere?

– Det er den vanlegaste årsaka til innlegging på medisinsk avdeling i heile verda. Over halvparten av dei som er lagt inn har hjertesvikt som primær eller sekundær diagnose, seier Dickstein.

Du kan få gjort mykje her i landet. Pasientane likar og stolar på legane

Han trur at mykje energi og ei god forståing av spelereglane innan vitskapleg publisering gjer at han er høgt oppe på lista. 

– Eg har alltid vore interessert i medisinsk litteratur, og har eit spesielt forhold til tidsskriftene. Far min var også lege, og hadde den same interessa. Då er var ferdig med medisinstudiet spurde han meg kor mange tidsskrift han skulle abonnera på. <<Vel, alle er du snill!>>, svarte eg. Før alt blei elektronisk, gjekk eg aldri rundt utan minst eit tidskrift i lomma. Eg les i heisen, når eg er hjå frisøren, eller på møter. Eg likar det, det er som ein hobby for meg.

– Lett å forska
Kardiologen, som opphavleg er frå USA, meiner det er svært lett å driva med klinisk forsking i Noreg.

– Du kan få gjort mykje her i landet. Pasientane likar og stolar på legane. Det er ikkje slik andre plassar, der er det ofte mistanke og skepsis til legane. Dei pasientane eg har inkludert i forskingsprosjekt er veldig glade for å få vera med. Viss du inkluderer ein pasient i ein studie får han optimal hjelp. Eg har sagt til mor mi: «Viss du blir sjuk, finn ein forskingsstudie å bli med i. Der kan folk passa ekstra godt på deg», seier Dickstein.

Han har skrive over 350 artiklar og blitt sitert over 60 000 gonger.

– Med høg deltaking, og god infrastruktur ligg forholda til rette for utmerka forsking. Eg får mykje ros, men det er forskingsstaben og dei eg jobbar saman med som gjer arbeidet, avsluttar Dickstein. 

Les også: UiB best i landet på siteringer

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed