Fryktar Trump vil skremma vekk internasjonale studentar

Publisert:15. november 2016Oppdatert:15. november 2016, 14:23
Aldri før har så mange internasjonale studentar ønska å studera i USA. Men med ny president, og ny politikk er fleire i sektoren urolege for at det vil bli vanskeleg å få visum til dømes. Bildet er frå Bentley University i Waltham, Massachusetts, USA.

Akademikarar i USA er redd færre internasjonale studentar vil finna vegen til universitet og høgskular i landet etter at Donald Trump blei vald som president.

Talet på internasjonale studentar i USA er rekordhøgt, og er no på over éin million. Men fleire akademikarar i USA trur at Australia og Canada er blant landa som kjem til å tiltrekka seg ein større del av dei i framtida, grunna Trump sin retorikk mot immigrantar. Det skriv tidsskriftet Times Higher Education.

Les også: Slik blir president Donald Trumps utdanningspolitikk

Philip Altbach, professor og direktør ved Senter for høgare internasjonal utdanning ved Boston College, seier at Trump sin lovnad om å innføra «ekstrem-kontroll» av muslimar og andre immigrantar som kjem til USA, vil «avskrekka nokon studentar frå å søka på amerikanske skular», og «gjera det meir vanskeleg for dei som vel å søka».

Altbach legg til at det er veldig truleg at Australia, Canada, og andre land som har engelskspråklege utdanningar vil dra fordel av at fleire internasjonale studenta kanskje kjem til å leita etter andre stadar å studera.

– Det kan også henda at Storbritannia er i same situasjon som USA, sidan dei globalt er sett på som lite innvandringsvennlege, seier Altbach til Times Higher Education. 

– Studentane vil følga med
Jason Lane, leiar for avdeling for utdanningspolitikk og leiarskap ved Universitetet i New York Albany, trur mange studentar vil følga nøye med framover.

– Det er sannsynleg at internasjonale studentar er veldig merksame på kva den nye administrasjonen vil føra med seg, og at dei vel bort USA, anten fordi dei ikkje trur dei vil få visum, eller fordi dei ikkje er einige med den ny politiske profilen til landet.

– Det kjem til å bli mykje merksemd rundt kva den nye Trump-administrasjonen kjem til å gjera når det gjeld studentvisum, særleg J1-visumet som tillèt studentar å jobba. Trump har sagt at det kanskje må endrast, seier Lane.

Trur ikkje det vil ha så mykje å seia
Åtvaringane kjem samstundes som det USA-baserte institutt for internasjonal forsking publiserer ein rapport, som viser ein auke på 7, 1 prosent i talet på internasjonale studentar som gjekk på amerikanske universitet og høgskular mellom 2013 og 2016.

Talet på internasjonale studentar er no oppe i 1 043 839. Den største delen kjem frå India, med Kina på andreplass.

Dei som står bak rapporten trur ikkje retorikken til Trump kjem til å påverka studentane i så stor grad.

– Flyten av studentar er vanlegvis påverka først når det er konkrete skifte i politikken, seier Rajika Bhandari, visepresident i institutt for internasjonal forsking.

Ho peikar på instramminga i visum-tildelinga etter 9. september, som førte til ein nedgang i internasjonale studentar, men som gjekk tilbake til normalen kort tid etter. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed