– Det er sett høge ambisjonar

Publisert:24. november 2016Oppdatert:29. november 2016, 13:47
Berit Rokne blir den aller første rektoren for Høgskulen på Vestlandet. Ho har tidlegare vore prorektor ved UiB.

– No er eg først og framst utruleg glad, seier Berit Rokne.

I ettermiddag fekk ho meldinga om at blir den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Eg synest det var utruleg kjekt. No må eg berre puste slik at eg får pusten ned i magen igjen, seier Rokne.

Ho veit ikkje kva som blei avgjerande for at ho blei vald i innspurten av ein lang prosess for å tilsetje rektor for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen, som blir slått saman til HVL frå nyttår.

– Men det var på høg tid at avgjerda kom, synest Rokne.

Ho har inga klare programerklæringar, men har lært mykje om den nye institusjonen i tilsettingsprosessen.

– Det er sett høge ambisjonar i fusjonsplattforma, både i høve til utdanning, forsking og synlegheit mot profesjonsutdanningane. Og heile tida må kvalitet vere fokus, seier Rokne til På Høyden.

Og ho er glad for at mykje av arbeidet med fusjonen allereie har kome godt i gang.

– Det er allereie sett i gang prosessar med å få desse tre institusjonane fram til å bli éin, og eg gler meg til å vere med på å legge vegen vidare for institusjonen.

– Kor viktige blir universitetsambisjonane for HVL?

– Dei må det jobbast mot, men eg kan ikkje i dag si kva tidsplanen for dei kan vere.

Rokne er i dag professor i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen, og har tidlegare jobba på Høgskolen i Bergen. Rokne var prorektor ved Universitetet i Bergen frå 2009 til 2013. Det er enno ikkje avklart når ho kan byrje i jobben.

Dei tre andre finalistane til jobben er alle tilsett ved det som blir HVL, men måtte altså sjå seg slått av Rokne etter eit svært langt styremøte. Den nye rektoren ser fram til eit godt samarbeid med dei tidlegare konkurrentane.

– Mitt utgangspunkt er at vi må samarbeide godt, og eg ser ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal klare det. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed