Behandling av rektor-tilsetting drog ut i tid

Publisert:24. november 2016Oppdatert:29. november 2016, 13:47
HVL-styremøtet fann stad på Stord torsdag. Saka om rektortilsettinga vart behandla for lukka dører.

Rektor for Høgskulen på Vestlandet (HVL) blei tilsett på interimstyremøtet torsdag. Men det var tett løp mellom kandidatane, og diskusjon rundt kven ein skulle velja.

Den viktigaste saka på HVL-styremøtet torsdag var tilsetting av rektor for den nye høgskulen. Det rådgjevande tilsettingsutvalet kom med si instilling til kven som skulle få jobben som rektor.

Styret starta behandlinga av saka for lukka dører klokka 10.30, og var ferdig 14.30. 

Les meir: Desse er med i rektorfinalen på Vestlandet

Etter det På Høyden kjenner til, var det tett mellom fleire av kandidatane, og det var ikkje ei einstemmig instilling som blei overlevert styret, noko som gjorde at behandlinga av saka drog ut i tid, før ein til slutt landa på UiB-professor Berit Rokne. 

Det var elleve søkarar til rektor-stillinga, og fire av desse gjekk etter det På Høyden kjenner til vidare til <<finalerunden>>. Dei fire er:

Ole-Gunnar Søgnen (61), sitjande rektor på Høgskolen i Bergen.
Berit Rokne (61), professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. 
Liv Reidun Grimstvedt (55), rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund. 
Geir Anton Johansen (56), dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag ved Høgskolen i Bergen.

Les meir om finalistane her.

Sjå styremøtet her: https://echo.hsh.no:8443/ess/echo/presentation/63e7ced8-1760-4869-8d9b-0…

Her er alle sakene som skal behandlast torsdag: 

Godkjenning av innkalling og saksliste
Orienteringssaker Tilsetting av rektor (u.off.)
Etablering av klagenemnd
Etablering av skikkavurderingsnemnd
Etablering av sentralt arbeidsmiljøutval
Mellombels organisering 2017
Mellombels leiing av grunnskulelærarutdanninga (GLU)
Innplassering av leiarar 
Statusoppdatering: fusjonsprogrammet
Status for infrastruktur og areal, Høgskulen på Vestlandet
Revidert møteplan, våren 2017 

Dette er interimstyret: 
Arvid Hallén er styreleiar.

Styremedlemmar er Ingrid Moe Albrigtsen, Aina Berg, Gunnar Birkeland, Sissel Johansson Brenna, Cecilie Fredheim, Kari Kjenndalen, Sondre Riisøen, Tom Skauge, Marit Ubbe, Trond Ueland, Gunnar Yttri og Christine Øye.

Åse Neraas og Karin Stormo er observatørar med tale- og forslagsrett.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed