Vil ha slutt på bruk og kast av midlertidig tilsette forskarar

Publisert:10. oktober 2016Oppdatert:10. oktober 2016, 09:20
Både gruppe B-representant og stipendiat Line Marie Sørsdal eller Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt for Forskarforbundet, ønsker at færre UiB-tilsette skal gå rundt på grunnlause, midlertidige kontraktar.

Store stipendiatkull er bra. Eksternfinansiering er ettertrakta. Begge fører dei til at talet på midlertidig tilsette blir høgt. Korleis skal ein få bukt med den øvrige midlertidigheita ved UiB?

Etter fleire år med oppmoding og tilråding, stiller no Kunnskapsdepartementet krav om at UiB reduserer talet på midlertidig tilsette i løpet av 2016.

Sjølv om prosjektmidlane er kortvarige, er behovet for arbeidskraft langsiktig, er meldinga frå KD.

Med andre ord: Trass at institusjonane hentar pengar frå eksterne kjelder, er også forskarar menneske med behov for bustadlån og ein trygg arbeidskvardag.

– UiB verst i landet
Steinar Vagstad seier han har forståing for at UiB har fått denne klare meldinga frå eigarane.

– Eg skjønar godt at UiB får eit slikt krav, sidan vi er verst i landet på dette området, seier Steinar Vagstad til På Høyden.

1 400 årsverk av dei 3625 årsverka ved UiB vert gjort av personar på midlertidige kontraktar. Dette viser tal frå 2015, henta frå NSD - Norsk senter for forskingsdata. Blant desse er også teknisk-administrative stillingar.

Pilene peikar også i gal retning: Frå 2014 til 2015 steig talet på midlertidig tilsette forskarar og undervisarar frå 23,2 prosent i 2014 til 25 prosent i 2015, viser tal frå Forskarforum.

Ein midlertidig jobb er betre enn ingen jobb
Steinar Vagstad trur noko av forklaringa på den høge midlertidigheita ligg den omfattande eksternfinansieringa.

– Midlertidigheita vil gå ned viss vi gjer det dårlegare på eksternfinansiering og viss budsjetta blir så tronge at det ikkje er pengar til å tilsette vikarar for folk som av ulike grunnar er ute. Men det blir jo ikkje noko betre av den grunn: Det er betre med ein midlertidig jobb enn ingen jobb i det heile. Eksternfinansiering er ein drivar av midlertidigheit i nesten heile sektoren, og truleg hovudgrunnen til at heile klassa er dårleg, seier Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt for Forskarforbundet ved UiB.

Ved UiB gjer de vitskapleg tilsette dei største gruppene midlertidig tilsette: Av dei midlertidige er 592 stipendiatar, 239,77 er postdoktorar og 136,75 er forskarar, viser tal frå NSD- Norsk senter for forskingsdata.

Det er betre med ein midlertidig jobb enn ingen jobb i det heile

Rektor vil sjå på postdoktorstillingane
Eit høgt tal på stipendiatar vert i mange samanhengar rekna som eit kvalitetsstempel. Det vitnar om at UiB har pengar til å drive ei omfattande og attraktiv forskarutdanning.

I følgje lova skal også «postdoktor» vere ei kvalifiseringsstilling, som gir personar med doktorgrad tid, rom og forskingsarbeid nok til å kvalifisere seg til å jobbe som forskar eller førsteamanuensis.  

Rektor Dag Rune Olsen meiner det er semje i sektoren om at «postdoktor» er ein til dels misbrukt stillingsressurs.  I universitetsstyret torsdag 29. september varsla han ein kritisk gjennomgang av UiB sin bruk av postdoktorstillingane.

– Eg veit av eigen erfaring at når ein søkjer eksterne forskingsprosjekt, er det lett å be om ein «postdoktor-ressurs». Då tenker ein eigentleg ikkje på ein postdoktor som skal ha ei karriereutvikling, ein ber om ei arbeidskraft med det kompetansenivået, sa Dag Rune Olsen til universitetsstyret.

Line Marie Sørsdal representerer dei midlertidig tilsette i universitetsstyret. Ho fortel at mange er urolige for om postdoktorane får ei reell mulegheit til å oppnå kompetansen ein må ha for å bli tilsett i ei fast stilling.

Det er litt mykje bruk-og-kast av prosjekttilsette forskarar

– Vi i gruppe B er urolege for om postdoktorane har reell muligheit til å oppnå den kompetansen som krevjast for å bli tilsett i ei fast stilling. Viss kartlegginga viser at postdoktorstillingane ikkje vert brukt som rekrutteringsstillingar, men berre for å utføre eit arbeid av midlertidig varigheit, så er det uakseptabelt, seier ho til På Høyden.

Steinar Vagstad sitt inntrykk er at postdoktorstillingane vert brukt slik dei skal, men med nokre unntak.

– Eg har inntrykk av at postdoktorstillingane fungerer etter intensjonen på dei fleste fakultet,  sjølv om det nok er vanleg at postdoktorane ikkje er kvalifisert til toppstillingar når tida er ute. På MOFA kjenner vi til tilfelle der det er veldig vanskeleg å få auge på kva det er som gjer akkurat denne stillinga til ein postdoktorstilling og ikkje ein prosjektassistent, seier han.

Fast jobb på midlertidig finansiering?
Ved nokre fakultet vert personar fast tilsett, trass i at finansieringa er midlertidig.

Steinar Vagstad trur dette er eit grep som kan fungere. Line Marie Sørsdal er litt meir tvilande.

– UiB har som mål å auke den eksternt finansierte forsking, og dette vil sannsynlegvis føre til at UiB treng fleire tilsette. Det å tilsette eksternt finansierte forskarar i faste forskarstillingar er eit tiltak som får ned talet på midlertidige. Men viss det er slik at desse stillingane forsvinn når den eksterne finansieringa forsvinn, er eg usikker på kva rettar denne gruppa faktisk får, seier ho.

– En implisitt konsekvens av å tilby folk fast jobb, kan være at meir av ansvaret for å skaffe nye prosjektmidlar vert overført frå den enkelte forskar til fagmiljøet. Kva tenker du om denne forskyvinga?
–  Det trur eg institusjonane kan ha godt av. Det er litt mykje bruk-og-kast av prosjekttilsette forskarar, seier Steinar Vagstad.

– I den grad du vil uroe deg for fleksibiliteten til arbeidsgjevar: Vert denne godt nok teke vare på når folk skal verte fast tilsett på midlertidige pengar?
– Det er normalt i resten av samfunnet at fast tilsette er eksternfinansierte. Dette gjeld for eksempel «heile» privat sektor. Enkelte er bekymra for at eksternfinansierte forskarar skal opparbeide seg rett på dei «klassiske» universitetsstillingane, som «alle» er einige om skal fyllast etter open konkurranse. Dette burde ikkje vere noko problem i praksis, men det krev at arbeidsgjevar er litt nøye på ikkje å blande finansiering og arbeidsoppgåver. 

Midlertidig tilsetting, langvarig ørkesløyse
Line Mari Sørsdal meiner det er viktig å få oversikt over korleis fleksibiliteten til arbeidsgjevar vert brukt av UiB.

– Ein midlertidig forskarkontrakt kan vere hensiktsmessig ved å at ein stipendiat som nettopp har levert avhandlinga får høve til arbeid i ein avgrensa periode, mens ein ventar på disputas eller ei postdoktorstilling. Historia til Sigrun Åsebø som var midlertidig tilsett i over 15 år, viser derimot eit system som ikkje berre utnyttar midlertidig tilsette, men også korleis denne gruppa tilsette kan ha svært dårlege arbeidsvilkår og få høve til å kvalifisere seg til fast tilsetting, seier ho.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed