Uvisst kor stillingskutta kjem

Publisert:4. oktober 2016Oppdatert:4. oktober 2016, 08:43
Universitetsstyret vedtok torsdag å kutta 50 årsverk i sentraladministrasjonen innan 2020.

Kor mange stillingar kvar av avdelingane i sentraladministrasjonen må ofra, blir bestemt i haust. Dei tillitsvalde er redd det vil bli like mykje arbeid, på færre hender.

Universitetsdirektør ved UiB, Kjell Bernstrøm.

På universitetsstyremøtet torsdag blei langtidsbudsjettet for 2017 – 2020 behandla. Det vart bestemt at sentraladministrasjonen må effektiviserast, og rammetalet på stillingar i sentraladministrasjonen vil gå ned frå 450 til 400 i løpet av dei neste fire åra.

Det er ingen dramatikk i dette, og oppseiingar er ikkje aktuelt.

– Bakgrunnen er effektiviseringskuttet som departementet har gitt tre år på rad, og truleg i år også. Det vil utgjera 75-80 millionar kroner for UiB, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm. 

Han er tydeleg på at kutta skal skje gjennom naturlege avgangar, og at ingen skal mista jobben.

– Det er ingen dramatikk i dette, og oppseiingar er ikkje aktuelt. Me kjem til å klara det heilt fint. Det er snakk om eit kutt på ti prosent på fire år. Så pass høg utskifting er det ute på avdelingane.

Men kor mange kutt det vil bli på dei enkelte avdelingane, kan han ikkje seia noko om endå.

– Me lagar ein plan for korleis me skal kutta, og kor. Den vil bli klar i løpet av hausten, og blir ein del av budsjettet for 2017. Avdelingsleiarane er med i prosessen, og dette vil bli diskutert fram mot november – når ein skal bestemma seg for kva ein skal gjera, seier Bernstrøm.

– Låg utskifting
Direktør for eigendomsavdelinga, Even Berge, seier avgangar der folk ikkje blir erstatta, kan by på problem for dei.

– Utfordringa med spesialiserte avdelingar, er at ein del av stillingane våre krev spesifikk fagkunnskap. Har du ein erfaren prosjektleiar med ingeniørbakgrunn som går av med pensjon, er det gjerne ei stilling som me har behov for å fylla igjen. Me jobbar med å sjå på korleis me kan løysa dette, seier Berge.

Han er også usikker på kor høg utskiftinga faktisk vil bli hjå dei.  

– Me har ikkje oversikt over kven som går av med pensjon enno. Me har 100 tilsette, og til ei kvar tid er gjerne 18 – 20 av desse over 62 år. Mange av dei står i jobb til dei er 70. Det me har av naturleg avgang elles er veldig lav. Det er ein vanskeleg arbeidsmarknad no, så då blir utskiftinga låg.

Han understreker likevel at han går positivt inn i arbeidet.

– Det er lagt opp til å prøva på ei mild nedbemanning, utan oppseiingar. Det bør ikkje skremma så mange dette, seier Berge.

– Like mange arbeidsoppgåver?
For dei tillitsvalde i Parat og NTL, er det ikkje dette med frivillige avgangar som uroar mest.

Ein av ni må gå til saman, det er mykje. 

– Me har lenge sett at det er ei stor aldersgruppe som er i ferd med å gå av. Det er eit generasjonsskifte på gang i organisasjonen, og dermed er me ikkje utrolege for at kutta ikkje kan skje frivillig, seier Randi Heimvik, hovudtillitsvald i Parat, UiB.

Ho er meir redd for at arbeidsmengda ikkje blir kutta tilsvarande.

– Med færre tilsette må ein også sjå på oppgåver som me kan kutta ned på, eller la vera å ta. Viss ikkje organisasjonen ser på oppgåvefordelinga, vil det heilt naturleg bli meir arbeid på dei som er igjen.

Også hovudtillitsvald for NTL, Jørgen Melve, er usikker på kor mykje effektivisering som er råd å få til. 

– Ein av ni må gå til saman, det er mykje. Det er fint med effektivisering, men spørsmålet er om det er realistisk å effektivisera så mykje utan at det får konsekvensar for dei som blir igjen, seier Melve (bildet).

Han fryktar at andre må jobba meir.

– Erfaring frå universitet tidlegare viser at kutt ein plass fort berre fører til at oppåver blir flytta på. Men eg går ut i frå at me skal ha gode prosessar som ser på konsekvensane av å kutta.

Digitalisering av fleire system
Bernstrøm meiner digitaliseringa vil bidra til færre oppgåver.

– Mange av dei administrative systema kjem til å bli heildigitaliserte. Dette er prosessar som er starta, og som går eit par år fram i tid. Det kjem til å påverka heile organisasjonen.

– Fakta er at regjeringa kjem med dette kuttet, og ein må difor ned i talet på stillingar. Men internt i organisasjonen ser ein også at auka digitalisering har konsekvensar for kor mange tilsette ein treng.

Korleis fordelinga på dei ulike avdelinga til slutt kjem til å bli, gjenstår å sjå.

– Om det blir likt fordelt eller om det blir ei skeivfordeling, vil avdelingsleiarmøte avgjera.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed