Tapar på å ha mange årseiningar og enkeltemne

Publisert:14. oktober 2016Oppdatert:16. oktober 2016, 21:31
Profesjonsutdanningar med lågt fråfall får best utteljing i den nye finansieringsmodellen som blei lagt fram i forslag til Statsbudsjett førre veke. Fakultet med mange årseiningar og rigid gradskultur tapar.

Den nye finansieringsmodellen gjer at talet på gradar påverkar kor mykje pengar universiteta og høgskulane får. – Me må sjå om me kan få fleire enkeltemne inn i gradane, seier rektor Dag Rune Olsen.

Førre veke vart forslag til statsbudsjett for 2017 lagt fram. Resultatet blei ein total budsjettauke for UiB.

– Totalbudsjettet er godt. Tilskotet frå Kunnskapsdepartementet (KD) for 2017 viser ein vekst på 6 prosent, 5, 8 prosent dersom ein ikkje tar med Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Det er i all hovudsak auke i resultatinntekter som gjev vekst. Det er også sett av pengar til bygg i sektoren som ikkje er fordelt, så me håpar å få noko der. Men det må me søka på, seier rektor Dag Rune Olsen.

UiB totalt sett kjem nesten heilt likt ut samanlikna med førre modell. 

Ein ny finansieringsmodell for den resultatbaserte tildelinga blei lagt fram, som kravde sin del av talknusing å koma til bunns i:

 – Dei ulike fakulteta tapar og tener i ulike grad på den omlegginga. UiB totalt sett kjem nesten heilt likt ut samanlikna med førre modell, seier Dag Rune Olsen.

Tapar på årseiningar 
Hovudendringane handlar om to ting. Det første går på kor mange kandidatar ein klarar å ferdigutdanna.

 – Det er meir premiering av gradsutdanningar i det nye systemet, altså bachelor- og mastergrader. Då ville ein forventa at høgskular og universitet med mange profesjonsutdanningar ville koma godt ut av det, men det føreset at dei ikkje har betydelig fråfall.

 Trass i mange årseiningar og enkeltemne kjem UiB godt ut på den komponenten som heilheit.

– Det kan vera fordi fråfallet ikkje er større enn det er hjå oss. Ein del fakultet legg også opp til at ein del årseiningar og enkeltemne kan inngå i ein grad. Det gjeld til dømes på Humanistisk fakultet - sjølv om dei har mange årseiningar og enkeltemne så blir ikkje dei særleg negativt påverka av denne endringa. SV tapar i større grad, på grunn av ein meir rigid gradskultur.

 Også MatNat kjem dårlegare ut.

 – På MatNat har ein tradisjon for å levera ein del årseiningar, til dømes til studentar som eigentleg ønsker seg inn på medisinstudiet. Det
er også ein del som ønsker å halda fram med realfag, men då på NTNU i Trondheim. Så MatNat blir straffa for å levera årseiningar og
enkeltemne.

 – Me trur ikkje det er eit stort volum eller stort beløp, men det er verdt å reflektera over. Nokre av desse årseiningane og enkeltemna vart etablerte i ei tid då det løna seg. For nokre år sida oppmoda Kunnskapsdepartementet UiB å redusera omfanget årseiningar.   

Les også: — Ikkje eit sterkt budsjett for UiB   

Samarbeid med næringsliv
Det andre handlar om forsking. Her har regjeringa føreslått å innføra ny resultatsbasert komponent, knytt til bidrags- og oppdragsaktivitetar (BOA), og som skal premiera samarbeid med næringslivet. 

 – Me var ikkje veldig bejublande til forslaget, fordi ein flyttar finansieringa ut frå ein vitskapeleg konkurransearena. Me har naturleg nok ikkje noko i mot
samarbeid med næringslivet, men er opptatt av at det også her er vitskaplege kvalitet som tel, sier Dag Rune Olsen.

Han legg til:

– Me har ganske mykje ekstern finansiering. Om lag 800 millioner kroner, gjennom EU-program, forskingsrådet og anna konkurranseutsett forsking.

 Regjeringa trakk ut 300 millionar kroner av basistalet for å bruka det som midlar til slikt samarbeidet.

 – Det viser seg at det er dei klassiske universiteta som kjem best ut av dette reknestykket. NTNU kjem aller best ut av det. UiO og UiB får omtrent det same som tidlegare, og tener ørlite på omlegginga. Medan dei nye universiteta og høgskulane har tapt.

Eg trur ikkje me bør spissa bachelorgradane endå meir mot konkrete yrke

Det viser at dei klassiske universiteta, har meir av denne typen samarbeid enn ein kanskje trudde, fortel Olsen:

– Dei klassiske universiteta gjer det godt og tener i all hovudsak på regjeringa si endring. Dei nye universiteta og høgskulane får nokre titals millionar kroner mindre å rutta med i 2017. Dei er naturleg nok lite nøgd. KD vart sjølv overraska over kor store utslag omlegginga fekk for desse institusjonane, og valte å dempe effekten første året. Ei endå meir trinnvis iverksetting hadde nok letta situasjonen for desse institusjonane.

Les også: Desse tener mest på nytt finansieringssystem

Vil prøva å få fleire emne inn i gradar
–  Korleis vil de legga om for å få meir av resultatmidla?

– Me kjem til å arbeida endå meir med eksternfinansiering frå EU. Her gjer vi det godt og det gjev utelling i den nye resultatmodellen, seier rektor.

– Det me eventuelt skal sjå på er korleis me kan få fleire emne og årsstudiar til å inngå i gradar. Men me skal ikkje gjera det berre fordi det gjev meir pengar i kassen. Delar av gradstrukturen vår i dag er ganske rigid, som ein konsekvens av kvalitetsreforma. Den var heilt nødvendig på mange måtar, for å sørga for å ferdigutdanna ein del studentar.

Dag Rune Olsen spør seg likevel om det har gått for langt.

– Eg trur ikkje me bør spissa bachelorgradane endå meir mot konkrete yrke og arbeidsoppgåver. Dei kan fort visa seg å bli irrelevante over tid, når arbeidsmarknaden endrar seg. Me bør ta til orde for det motsette, og setta saman litt breiare grader, som til dømes økonomi og kinesisk. Me kan tena pengar på det, ja, men det er ikkje det primære. Generisk kunnskap, analytiske ferdigheiter og kritisk blikk på faget er viktige eigenskapar når ein skal tilpassa seg ulike yrker.  

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed