«Strilekrigen» var større enn først antatt

Publisert:1. november 2016Oppdatert:2. november 2016, 09:25
Bilde frå Bergen i slutten av 1860-åra. Foto: K. Knudsen, Billedsamlinga, UB Bergen.

I ei ny bok kjem det fram at strileopprøret i 1765 var dobbelt så stort som ein først trudde. Det var heller ikkje berre strilar frå Nordhordland som deltok, men også bergensarar.

Stiftamtmann Ulrik Fredrik von Cicignon var den øvste sivile embetsmannen på Vestlandet. Han var kongen sin trufaste tjenar og skulle sørga for at statsmaskineriet fungerte.

Året er 1765. Både fisket og jordbruket sviktar. Folk svelt. Det er uår. Tre år tidlegare blei ei tung økonomisk bør lagt på skuldrene til alle innbyggarar over 12 år.

Dei måtte betala ein ekstraskatt til Kongen på ein riksdalar. For fattigfolket var den like høg som alle andre skattar til saman.

– Grunna sjuårskrigen i Europa måtte Kong Fredrik den femte setta inn ekstra nøytralitetsvernstyrkar for å kunna forsvara landet i tilfelle krig. Han hadde stor utanlandsgjeld, og trong pengar i statskassa. I tillegg brukte han mykje pengar på festlegheiter, seier Bjørn-Arvid Bagge.

Han er universitetsbibliotekar ved spesialsamlingane til Universitetsbiblioteket i Bergen. Saman med førstekonsulent ved Statsarkivet i Bergen, Gina Dahl, har han nyleg gitt ut boka «Strilekrigen i 1765: Om ville strilar og rabiate bergensarar». Her tar dei for seg opprøret som kom i kjølvatnet av ekstraskatten.

Nytt bilde av historia
Skatten skapte harme hjå det svoltne folket. Det har vore skrive ein del om opprøret før, men no er nye kjelder tatt i bruk

– Me har blant anna utgåande brev som den øvste kommanderande på Vestlandet, stiftamtmannen Cicignon, skreiv til sentralmakta i København, og fogdene i distrikta. Her får me veta dag for dag kvar som skjedde, seier Dahl.

Ho fortel at statsarkivet og universitetsbiblioteket sit på viktige kjelder som knapt har vore opna før, og at det var eit av dei største opprøra i tidleg nytid i Noreg, kor mellom 4000 og 5000 personar truleg deltok.

– Det lagar eit nytt bilde av mykje av det som skjedde for 250 år sidan. Det var eit mykje større opprør enn ein har trudd før. Om lag dobbelt så mange deltok som det som tidlegare har vore skissert. Dette er eit grasrotopprør, kor strilane blandar seg med byfolket. Vanlege folk føler seg så pressa fordi dei har ikkje pengar til å brødfø borna sine, seier Dahl.

I eit av breva dei har funne skriv sorenskrivaren i Hordaland, Garman, at folk har så lite mat at borna ikkje veks skikkeleg, og at vaksne fell i frå.

– I kyrkjebøkene står det at vaksne folk døyr av kolikk. Dei måtte eta umoden korn blanda med bark, og fekk mageproblem, og har døydd av det. Det er grotesk kor lite mat dei hadde, seier Dahl.​

«Gå hjem nu børn»
Opprøret vara lenger enn ein trudde først. Det var sterke reaksjonar på korleis skatten blei krevd inn, kor millitæret gjekk på dørene og nærmast tvang folk til å betala.

– Allereie i mars trakk folk til byen, fleire bønder er i byen i ei heil veke, kor dei klagar, og spring ned dørene til fogden og stiftamtmannen. Det blir til og med handgemeng med soldatar, seier Dahl.

Klagene fører ikkje fram, og 18. april 1765 starta opprøret for fullt. Bøndene reiste inn til byen frå alle kantar, og blanda seg med byfolk. Dei møter i Stiftsgården hjå stiftamtmann Cicignon, og vil ha svar.

Det var fleire grupperingar som prøvde å snakka med han denne dagen. 

– Cicignon prøvde å jaga dei vekk, han behandlar dei som mindreverdige. Han seier mellom anna «gå hjem nu børn». Den tredje delegasjonen som kjem, brøyter seg inn i huset. Dei blir ståande inne i huset og krangla med Cicignon. Ein eldre bonde kallar han for «kongens tjuv», noko som er den ultimate fornærminga. Cicignon prøver å dra fram sverdet, og då hoppar alle bøndene på han. Dei er sinte og svoltne, og det blir ein negativ spiral, seier Dahl.

Det var størst protestar på Vestlandet. Svolten og nauda var mest prekær her

Det var ikkje berre stiftamtmannen som fekk gjennomgå, men også byfogden Oluf Bildsøe

– Bildsøe var nok sterkt forhatt. Han blei skamslått og dradd gjennom byen. Etter opptøyene gjenopptok han aldri jobben sin, og han døyde ikkje lenge etter. Enka meinte at han døyde grunna det som skjedde, seier Bagge.

Dei som gjorde opprør kontrollerte byen i fleire dagar etterpå, til skatten vart betalt tilbake.

– Fogden og Cicignon sørga for at skatten blei betalt tilbake, men det var berre strilane frå Nordhordland som fekk pengar. Dei reiste heim att, og då forsvann guffen ut av opprøret, seier Bagge.

Dømt til døden
Etter opprøret vart tre stykk dømt til døden.

– Dei tre som fekk straff var dei som hadde lagt hand på Cicignon. Dei trengte syndebukkar, og måtte statuera eit eksempel. Dei sat fengsla under grufulle forhold i fleire år, før dei til slutt blei benåda av kongen, og slept fri.

Opprøret gav ingen umiddelbare resultat.

– Folk hald fram med å svelta, og ekstraskatten forsvann ikkje sjølv om enkelte skatteletter kom. Det var størst protestar på Vestlandet. Svolten og nauda var mest prekær her, seier Bagge.

Skatten vara fram til 1772. Det var storpolitikk som gjorde at den blei innført, og storpolitikk som gjorde at den blei avskaffa, fortel Bagge.

– Gustav III gjorde statskupp i Sverige i 1772, og då avskaffa ein ekstraskatten. Kongen i Danmark var redd for at Sverige skulle gå til krig mot Danmark, og kongen trengte lojale soldatar i Noreg.

Avhengige av kvarandre
I boka er opprøret beskrive i detalj, og ein kan lesa korleis forholda var på den tida, både i byen og i distrikta.

– Me har lenge vore opptatte av 1700-talet, og korleis folk hadde det då. I boka har me gått inn på bakgrunnen for opprøret, og korleis samfunnet var i 1765. Me hadde eit hav av notatar etter å ha leita i nye kjelder. Me såg at det var spennande, og tenkte at me ville skriva ei bok, seier Dahl. 

Dei to forfattarane seier byfolk og strilar var gjensidig avhengig av kvarandre.

– Det budde 15 000 innbyggarar i Bergen med forstadane. Dei fekk alle ferskvarene frå området rundt. Det var kjøtt, fisk, og ved til å varma hus med og til å laga mat med.

På strilelandet hadde dei ikkje ressursar og landområde nok til å produsera korn sjølv. Dei tok med seg varer til byen og bytta dei inn i korn.

– Dei hadde litt korn sjølv, men var ikkje sjølvberga. Dei var avhengige av at dei kunne få kornet frå byen, som var importert frå Danmark. Det dei fleste folk levde av var fisk og graut, eller velling. Den eine kunne ikkje eksistera utan den andre, slår Bagge fast.

Ei kvinne frå Bergen kjøper fisk frå ved Bryggen. Opphav: K. Knudsen, Ukjent år. Billedsamlingen, UB Bergen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed