Slik blir det ny EnTek-bygget

Publisert:13. oktober 2016Oppdatert:13. oktober 2016, 15:17
EnTek-bygget skal etter planen husa mat.nat-forskarar og studentar, randsoneinstitutt og samarbeidsaktørar frå industri og næringsliv.

Arkitektgruppa Cubus frå Bergen og danske Arkitema har vunne kokurransen om å utforma nytt teknologibygg på Nygårdshøyden.

Bygget blir på rundt 17 000 kvadratmeter og kjem til å kosta rundt 1,1 milliardar kroner, skriv UiB i ei pressemelding.  

UiB har gjennomført plan- og designkomkurranse for bygget, kor fem arkitektkontor deltok. No er kontrakten underteikna med arkitektkontora Cubus og Arkitema. 

Energiteknologibygget, også kalla EnTek-bygget strekk seg fra syd til nord, frå Nygårdsgaten til Allègaten.

Les også: Her kommer UiBs nye signalbygg

Heilt ny gate
– Me har vore opptatt av å jobba mykje med bygrepet og byromma rundt det nye bygget. Me etablerer ei heilt ny gate i byen som knyt universitetet saman med sentrum og bybanestoppet, og gjer det lett tilgjengeleg. Me er opptatt av å definera gode uterom, samstundes som me vil laga dynamiske og robuste innvendige strukturar for forskermiljøa, seier sivilarkitekt Jan Erik B-J Rossow i arkitektgruppa Cubus. 

Dekan ved MatNat, Helge Dahle er godt fornøgd med løysinga.

– Eg er veldig glad for at me har konkludert konkurransen. Eg synest me har fått eit kjempeflott konsept, kor vi kan få eit heilt anna byrom på Nygårdhøyden syd. Det vil skapa nytt liv og nye moglegheiter. Det som blir viktig no, er å skapa begeistring rundt prosjektet, seier Dahle.

Kan stå ferdig tidlegast i 2024
Det gjenstår framleis å få finansieringa av bygget på plass.

– Ein har lagt bygget inn som prioritet inn mot Statsbygg. Eg trur at ein kan håpa å få det inn i statsbyggkøen i den neste fireårsperioden, då kan bygget kan stå ferdig i 2024, men det er avhengig av at vi held trykk på prosessen vidare. Me må jobba for å få eit solid innhald i bygget, og me må jobba godt mot næringsliv og politiske myndigheiter, seier Dahle.

Når bygget blir realisert, trur dekanen at ein vil få eit fakultet som har ein skarpare teknologiprofil. 

– Eg trur me då legg grunnlaget for ei endå større satsing på innovasjon og entreprenørskap, med tettare grenseflate mot næringslivet. Me er i gang med eit klyngeprosjekt, teknologiklynga, som eg trur kan bli veldig spennande. Med EnTek trur eg me får til å støtta opp om fleire av dei andre klyngene som ligg rundt oss. Alt frå Media City til klimaklynga, og forhåpentlegvis det som blir ei marin klynge på Marineholmen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed