Pogge fjerna frå styre etter sex-skuldingar

Publisert:21. oktober 2016Oppdatert:31. oktober 2016, 10:09
Den tyske-fødde moralfilosofien Thomas Pogge er i hardt vêr etter at fleire studentar skuldar han for seksuell trakassering.

Den verdskjende moralfilosofen Thomas Pogge er skulda for seksuell trakassering i USA og Europa, og er ikkje lenger ønska som leiar i CROP-styret tilknytta UiB.

Thomas Pogge er professor ved Yale-universitetet i USA, og har mellom anna ei professor II stilling ved Senter for studiar av rasjonell, språkleg og moralsk handling ved Universitetet i Oslo.

Han er verdskjend for sine teoriar om fattigdom, og han argumenterer for at det er dei vestlege landa som er ansvarlege for global fattigdom.

Dei siste månadane har det vore stor merksemd rundt han i amerikanske media, etter at han blitt skulda for å ha gjort seksuelle tilnærmingar mot studentar og tilsette i USA og Europa.

Akademikarar har signert opprop
I følge nettstadene Buzzfeed og Huffington Post er det mellom anna ein tidlegare student, Fernanda Lopez Aguilar, som hevdar Pogge hadde gjort seksuelle framstøyt mot ho under ein studietur til Chile i 2011.

Lopez Aguilar melde frå om saka til Yale fleire gongar, men dei har bestemt at bevisa ikkje var sterke nok til å opna sak, og no har Lopez Aguilar gått til sivilt søksmål mot Pogge i USA.

Ifølge Buzzfeed har det vore fleire kvinner som har kome fram med skuldingar dei siste åra, og over 1000 akademikarar har signert eit opprop der dei fordømer oppførselen til Pogge.

Pogge sjølv offentleggjorde eit ope brev kor han møtte skuldingane frå Lopez Aguilar.

– Min respons er, kort sagt, at ingen av dei påståtte tilfella av usømmeleg oppførsel nokon sinne fann stad, heiter det i brevet.

Pogge seier til På Høyden at skuldingane er falske, og at han utover det ikkje ønsker å kommentera saka.  

Til Klassekampen har Pogge sagt at han reknar med å bli utestengt frå det akademiske miljøet grunna det som har skjedd.

– All denne negative publisiteten har også skremt og marginalisert dei mange kvinnene eg har undervist og vore vennar med gjennom åra, inkludert dei 20 hvis doktorgrader eg veileda (inkludert fem på Universitetet i Oslo), skreiv Pogge i ein e-post til Klassekampen.

Tilknytta UiB i over seks år
Pogge har i over seks år leia ein vitskapeleg komite i CROP (Comparative Research Programme on Poverty) tilknytt UiB.

Crop er eit internasjonalt program som arbeider for å fremma alternativ og kritisk kunnskap om førebygging og utrydding av fattigdom. Crop blir finansiert av UiB og ISSC (International Social Science Council), og har sekreteriatet sitt ved UiB.

Han har tidlegare også halde sommarforskings-kurs og gjesteførelesingar ved UiB.

UiB, ISSC og CROP har i dialog med Thomas Pogge bestemt at han ikkje lenger skal vera med på møter i den vitskapelege komiteen.

– Det me har beslutta er at me held fram med styret utan formelle endringar, men han har ikkje leia møter sidan dette vart kjend. Og han kjem ikkje til å leia møter fram til perioden hans går ut til jul, seier rektor Dag Rune Olsen. 

Olsen innrømmer at det er vanskeleg å halda fram med å ha han i styret.

– Reint praktisk, så er dette også ei eksponering som er vanskeleg for Pogge. Og omdømme til CROP, UiB og ISSC tilseier at me ikkje ønsker ein høgprofilert leiar med slike skuldingar hengande over seg. Og ein må finna ei avklaring på desse skuldingane, seier Olsen. 

Held ikkje fram etter jul
Perioden Pogge er vald for går fram til jul, og den vil ikkje bli fornya.

– Han kjem ikkje til å stilla for ein ny periode. Den avgjerda er tatt. Eg synest denne avtalen som er gjort, er fornuftig, fordi det vil gje Pogge tid til å møta skuldingane mot han, i eit rettsleg forum. Det vernar alle dei involverte institusjonane, og gjev han tid til å forsvara seg sjølv, seier direktøren i CROP-sekreteriatet ved UiB, Alberto Cimadamore.

Den vitskaplege komiteen i CROP har møte ein gong i året.

– Komiteen er sett saman av forskarar frå ulike delar av verda, som er spesialistar på fattigdom. Pogge er ein av dei fremste ekspertane på fattigdom og menneskerettar. Han er veldig relevant for fattigdomsforskinga i verda, seier Cimadamore.

Rektor Dag Rune Olsen understreker at dei ikkje tar stilling til spørsmålet om skuld.

– For oss er det viktig å ta den type skuldingar på alvor, i den forstand at det er eit omdømmeproblem. Samstundes har Pogge krav på rettssikkerheit i slike omstende også, så det er viktig for oss å balansera dei to tinga. Me er ingen domstol, men me registrerer dei forholda som har kome fram, og må også tenka på omdømme og rolla som han har. Me har ingen grunnlag for å seia at det han er skulda for har skjedd. Det er langt utanfor vår kontroll og vårt mandat, slår Olsen fast.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed