Konkurrerer om å halda den beste talen

Publisert:26. oktober 2016Oppdatert:26. oktober 2016, 10:13
Instruktør Arne Møller gjev tips til korleis Lisa Sowerby kan formidla bodskapen i talen sin endå litt betre. Ho er spent foran den store finalen neste veke. Foto: Marthe Njåstad

Seks ungdommar og seks ulike bodskap. Dei skal alle prøva å overbevisa i talekunst i konkurransen Ta ordet! som retorikkgruppa ved UiB står bak.

Professor i retorikk og visuell kommunikasjon ved UiB, Jens E. Kjeldsen, er prosjektleiar i Ta ordet!

«Hender det at du blar gjennom Instagram, finn eit skikkeleg fint bilde av nokon, likar det, og så føler deg litt kjip for at det ikkje er deg?» spør Lisa Sowerby.

Tredjeklassingen frå Amalie Skram vidaregåande står stødig og framfører talen ho har skrive. 

Som publikum sit fem andre elevar og to instruktørar og lyttar til det ho seier, og ser på kva kroppsspråket fortel. Eit videokamera surrar og går i bakgrunnen. Dei får med seg kvar minste detalj.

 – Pause, pause, kjem det frå instruktør Arne Møller.

– Du må hugsa å ta pause når du snakkar. Pausane er med på å gje deg status. Når du har god tid er du sjefen, det blir intenst og dramatisk.

Retorikkgruppe står bak
Lisa er ein av seks elevar frå vidaregåande skular i Bergensområdet som har gått vidare til finalen i talekonkurransen Ta ordet! Retorikkgruppa ved institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB står bak konkurransen, kor elevar har kjempa om å skriva den beste talen om eit emne dei brenn for. 

– Det er veldig gøy. Eg hadde på ingen måte fått det same ut av kapittelet om retorikk i norsken, som eg gjer her. Det er trist at det er berre meg det gjeld, og ikkje dei andre tredjeklassingane på skulen min, seier Lisa.

Ulike skular har hatt eigne delfinalar, kor ein jury plukka ut 13 elevar som gjekk vidare til semifinalen. Deretter blei dei seks best vald ut, og har fått opplæring og rettleiing av retorikkgruppa og andre ekspertar på framføring.   

Me håpar me kan bidra til at born og ungdom bli betre til å uttrykka seg

– Dette er noko eg har hatt lyst til å gjera i lang tid, og no har me endeleg fått det gjort. Ideen er at evna til å uttrykka oss og til å overtyda er noko me alle burde ha. Og ein bør ikkje byrja med leiarar og vaksne folk, men med born og ungdom i skulen. Me håpar me kan bidra til at born og ungdom bli betre til å uttrykka seg, slik at alle får ei stemme, seier retorikkprofessor og prosjektleiar Jens E. Kjeldsen.

Finalistane følger nøye med på presentasjonen til Eline Sandnes Fosse.

Meir fokus på retorikk
Professoren seier han opplever at elevar og studentar er flinkare på framføringsbiten no enn dei var tidlegare.

– Det er blitt mykje meir bevisstheit rundt framføring. Det er kome inn i læreplanen, i større grad, og lærarane er blitt meir merksame på det. Når me for fleire år sidan fekk eit retorikkstudie ved UiB, og fekk inn studentar, var dei ofte veldig nervøse. Dei nye studentane er mykje meir villige til å presentera og framføra ting, og er blitt flinkare til det, meiner Kjeldsen.

Elevane har fått eit stikkord å gå etter i konkurransen, og det er forandring. Talane handlar likevel om svært forskjellige ting, alt i frå rasfare på E16 og rasisme til sjølvopplevd spiseforstyrring og valdtekt.

Det viktigaste er at eg må tørra å ta plass, og ta meg god tid

– Me er ikkje berre ute etter at folk skal halda ein flott tale. Me har spesielt vore ute etter ungdom som har ein bodskap dei vil dela. Det er ikkje nok å berre snakka flott, og ha lekre formuleringar. Det er det synet på retorikk som retorikkgruppa ved UiB har. Retorikk er å gripa inn i verda, og endra den med ord, seier Kjeldsen.

– Ei sak som provoserer
Lisa snakkar om forholdet mellom bruk av sosiale medium og eit auka press som unge føler på i kvardagen,

– Det gjeld både når det kjem til auka fokus på utsjånad og press om at me skal prestera bra. At me skal ha perfekte liv, reisa på ferie heile tida, at me skal vera kjempegode til å trena og vera sunne. Det er ei sak som provoserer meg, og som eg synest me bør tenka meir over.

– Kva har du lært om framføring i denne konkurransen? 

– Det viktigaste er at eg må tørra å ta plass, og ta meg god tid. Eg må ikkje snakka så fort, og eg er veldig flink til å snakka fort. Det er viktig å ta pausar, for å skapa autoritet. Eg har også lært meg å sjå ting eg ikkje kunne sjå før, som skjult retorikk. Når eg sit og ser på nyheitene føler eg at eg kan sjå kva knep dei bruker.

Alle dei retoriske verkemidla elevane har lært seg kan ein sjå i finalen som skal vera den 31. oktober i Universitetsaulaen, kor vinnarne stikk av med ein sjekk på 10 000 kroner.

– Eg er veldig spent, men eg gruar meg ikkje, eller ikkje endå i alle fall. Det kjem nok snart. Konkurrentane mine er veldig flinke, så det er vanskeleg å tippa kven som kjem til å vinna, meiner Lisa.

Øving til talekonkurransen Ta ordet! from På Høyden on Vimeo.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed