Kina opnare enn mange trur

Publisert:18. oktober 2016Oppdatert:18. oktober 2016, 10:37
Stein Kuhnle har mykje erfaring frå Kina, og har no vore ein av sjefredaktørane i ein ny UNDP-rapport om levekåra i det kinesiske samfunnet. Foto: Dag Hellesund

Kinesarane er overraskande opne om ulikskap og sosiale utfordringar, synest professor i samanliknande politikk.

UiB-professor Stein Kuhnle har vore sjefredaktør for UNDPs siste rapport om menneskeleg utvikling i Kina: China National Human Development Report 2016 - Social Innovation for Inclusive Human Development.

Openheit og sosialistiske sigrar
Arbeidet har gitt han eit særleg godt innblikk i korleis ein vurderer og jobbar med samfunnsspørsmål i Kina. Og det han har sett har til dels vore overraskande:

– Denne rapporten har vore mykje opnare enn ein kanskje skulle forvente, seier Kuhnle til På Høyden.

Når ein les gjennom den 200 sider lange rapporten blir sjølvsagt ulike kinesiske politiske sigrar nemnde: Den sosialistiske bygginga av landet, ulike sosiale omveltingar og framsteg blir trekt fram. Kva anna land kan vise til å ha fått 600 millionar menneske ut av ekstrem fattigdom frå 1980 og til i dag?

Kinesiske stab
Men store delar av rapporten tek opp utfordringar rundt sosial inkludering av fleire grupper i den kinesiske veksten. Rapporten er i hovudsak er lagd av The Development Research Center of the State Council of China, som er ein leiande tenketank for parti og regjering.

Berre tre av dei rundt 30 personane som har vore involerte i prosjektet er ikkje-kinesarar, og Kuhnle er den einaste utanlandske av dei tre sjefredaktørane.

Lett å bli einige
– Det har vore eit veldig spennande prosjekt å jobbe med. Eg blei i hovudsak hyra inn for å sjå på korleis rapporten skulle byggjast opp, og kommentere ulike utkast, fortel Kuhnle.

– Og det har ikkje vore vanskeleg å bli einige i redaksjonelle diskusjonar.

Dette skuldast altså ei ganske så open haldning til samfunnsutfordringar.

– Det er mellom anna ein reel diskusjon om politisk deltaking, noko eg synest er ganske interessant. Det speglar òg at folk har større forventningar til politikken, seier Kuhnle.

Han er òg imponert over kor god kunnskap det kinesiske forskingsmiljøet har om kva som rører seg ute blant folk.

Deltakande demokrati
Rapporten gir òg råd om korleis sosiale utfordringar kan møtast i Kina, på felt som fattigdom, utdanning, helse, pensjon og deltaking. Når det gjeld deltaking er rådet å utvikle det upolitiske sivilsamfunnet meir, med organisasjonar og interessegrupper, og politisk tilrår rapporten større openheit og ei form for deltakande demokrati på lokalt nivå, ikkje minst for å utvikle gode tenester for folk.

– Men mange av forslaga til korleis ein skal gå vidare speglar at dei trur at europeiske velferdsstatar kanskje blir for dyre å finansiere. På same tid har ein del eit auge mot Norden, og sansen for korleis dei nordiske landa tenkjer, seier Kuhnle.

Fordel med Bergen
Og endringane i det kinesiske samfunnet er allereie i gong. Dei har fått ei form for tvungen pensjonsordning for dei som er i arbeid, og betringa når det gjeld helse og utdanning er stor.

– Og dei skjuler ikkje at sosial ulikskap er ei av dei største utfordringane framover.

Kuhnle, som særleg har jobba med forsking på velferd, veit ikkje korfor han blei spurd om å vere redaktør. Styresmaktene gir framleis det offisielle Noreg ei kald skulder detter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010.

– Men eg føler at UiB har eit godt forhold til Kina. Det kan nok òg vere ein fordel at vi ikkje ligg i hovudstaden. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed