Han skal leie Nansensenteret

Publisert:14. oktober 2016Oppdatert:14. oktober 2016, 12:00
Sebastian H. Mernild vil bli godt kjend med strekninga Odense-Bergen. 1. desember startar han i stillinga som direktør ved Nansensenteret.

– Ein skal lytte til folk. Alltid. Ingen skal føle at dei blir trakka på, seier nytilsett direktør Sebastian H. Mernild.

Feiar du for mykje under teppet, blir haugen du sit på så stor at du kan dette ned. Det meiner Nansen-senteret sin nye direktør Sebastian Mernild.

Den danske professoren i klimaendringar og glasiologi pendlar i dag mellom familien i Odense og arbeidet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. 1. desember startar han i stillinga som direktør ved Nansen-senteret i Bergen.

– Dialog, samarbeid, medstyring. Det er metodikkar som ligg meg svært nær som leiar, seier Sebastian Mernild.

Før han vart forskar og forskingsleiar, tenestegjorde han i det danske militæret. Her tok han leiarkurs, og vart offiser. Seinare gjorde han teneste i Kosovo og i Afghanistan.

– I Danmark seier vi at den militære leiarutdanninga er den beste leiarutdanninga du kan ta. I det militære kombinerer du teori og praksis kvar dag: Samtidig som du arbeider strategisk med leiing, leier du menneska i di eiga eining, seier han.

Han lærte at konstruktive endringar og konfliktløysing går lettare når han har god kontakt med dei involverte menneska. Når han veit kva dei er opptatt av. Kva behov dei har. Dette vil han ta med til Nansen-senteret.

– Eg vil snakke med folk. Eg trur på opne dører og gjennomsiktigheit.

Les også: Nansensenterets PhD-student Gaute Hope dro til Woods Hole for å lære av de beste

Har forska frå Alaska til Chile
Forskinga har tatt han til Alaska. Så til New Mexico. Deretter til Chile.

– Eg har vore ute i verda og arbeidd i mange forskjellige kulturar. Eg tenker at menneska ved Nansen-senteret, som kjem frå 24 ulike nasjonar, alle kan bringe noko til denne institusjonen. Dei har kunnskap og erfaringar som vi kan bruke til forstå problemstillingane vi arbeider med, seier han.

Sambuaren Birgitte har vore med utanlands. Undervegs har ungane Frederik og Benedikte kome til.

– Ungane har opplevd mykje. Vi har hatt det fantastisk. Dei har tent på å bu utanlands. Samtidig sakna vi kulturell stabilitet. Dei skal halde fram med å bu i Danmark, mens eg pendlar til Bergen.

Det er karrieren til Mernild som har vore styrande for kvar familien har flytta.

– Det er ikkje alle som ville akseptert at partnaren skal arbeide slik. Eg har vore heldig!  

I mi verd handlar det om klatre oppover og framover

Oppover og framover
– Kva ambisjonar har du for senteret?

– Nansensenteret har gjort det riktig godt i mange år. Eg kan godt tenke meg å gjere senteret meir synleg, med ein sterkare profil, og å auke senterets scientific impact. Nivået er godt i dag, men det kan alltid bli endå betre. Eg vil også styrke samarbeidet med andre partar nasjonalt og internasjonalt.

Nansensenteret er grunnlagd av Ola M. Johannessen, som var direktør for senteret frå 1986 til 2010. Han var også i ei årrekkje arbeidande styrleiear.

To år etter at Ola M. Johannessen gjekk av som direktør tok professor Peter M. Haugan over som toppleiar. Han ga seg imidlertid etter eit halvår i stillinga, etter ein konflikt med grunnleggar Ola M. Johannessen om overheadmidlar og timeprisar på eksternfinansierte oppdrag.  I tida etter at Peter M. Haugan gjekk av har stillinga vore utlyst i fleire rundar.

Ein periode leia Stein Sandven senteret, før han prioriterte å leie det store EU-finansierte prosjektet INTAROS.

Sebastian H. Mernild såg utlysinga på nyåret i 2016, og fekk lyst til å søkje.

– Eg har ein filosofi om at når ein er i ein jobb, skal ein gjere den så bra i jobben at ein kvalifiserer seg til neste jobb. Eg har vore PhD-student, postdoktor, seniorforskar, forskingsleiar og professor. Og no er eg her. I mi verd handlar det om klatre oppover og framover, og å gjere seg erfaringar og kunnskap som gjer ein klar til neste jobb. Å leie eit forskingsinstitutt var naturleg for meg no, og i åra framover. Først handlar det om å komme i arbeidstøyet – fokus skal vere eintydig på Nansensenteret og på å nå våre forskingsmål gjennom våre forskingsstrategiar, før det skal tenkast på ein eventuell ny jobb som ligg langt fram i tid.

Eg er medviten om at det har vore problem tidlegare, men eg ønskjer ikkje å dvele ved det som har vore

– Sjefen skal bestemme
– Den førre eksterne som vart tilsett gjekk etter kort tid, mellom anna fordi grunnleggaren av senteret framleis hadde mykje uformell makt. Kva tenker du om det?

– No er eg tilsett som sjef. Og då er det eg som står ansvarleg for styringa av Nansensenteret. Eg er medviten om at det har vore problem tidlegare, men eg ønskjer ikkje å dvele ved det som har vore. Skal eg ha ansvaret, skal eg også kunne bestemme og treffe beslutningar til gangn for senteret og medarbeidarane. Mi primære oppgåve er å sørge for at forskarar og stab har det bra, og har så gode rammer rundt arbeidet sitt som det er mogleg å ha av omsyn til budsjettet. Det vil alltid vere utfordringar, slik er det. Men vi kan få til mykje i fellesskap. Med ein felles visjon, der det vert lytta til medarbeidarane, kan vi alle i fellesskap sette Nansensenteret ytterlegare på kartet.

For tidleg å vurdere fusjon
– Den øvste politiske leiing er glade i konsentrasjon, fusjon og robuste fagmiljø. UiB har i brevs form sondert moglegheitene for ein fusjon mellom Uni Research AS, Christian Michelsens Research AS og Nansensenteret. Kva er dine tankar om fusjon?

– Eg vil ikkje seie at vi ikkje skal fusjonere. Eg vil gjerne samarbeide der det er fagleg overlapping. Og vi har mange alternative verkemiddel for samarbeid, vi kan bruke både utveksling og tjueprosent-stillingar for å dra nytte av kvarandre sin kunnskap. Først vil eg vite kva forskarane mine vil i relasjon til den strategien som er lagt for framtida. Og eg må få oversikt over dei potensielle positive og negative konsekvensane av fusjon. Vi treng tid til å drøfte og vurdere dette internt, før vi sier noko om dette eksternt.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed