– Eg gler meg til oljebransjen er på veg opp att

Publisert:12. oktober 2016Oppdatert:13. oktober 2016, 09:50
F.v.: Ingrid Berge Hofland (26) og Hilde Farestvedt (27) er begge på jobbjakt. På standen til FRAMO AS var det lite som gav optimisme.

«Er det håp?» var spørsmålet fleire oljerelaterte bedrifter fekk under Karrieredagane. Samfunnsøkonom Hilde Farestvedt har akkurat mista jobben, og ser etter nye moglegheiter.

Leiar for Karrieredagen 2016, Malin Hauglum Rørvik.

– Eg er veldig open for ulike typar arbeidsplassar. Meg eg gler meg til oljebransjen er på veg oppover igjen, seier Farestvedt.

81 bedrifter var samla på Karrieredagen i regi av Springbrettet i Grieghallen tysdag. Alt frå departement til renoveringsselskap hadde møtt opp for å visa fram kva jobbmoglegheiter som finst i deira bedrift. 

Det var jo ikkje dette ein forventa då ein tok master

– Det er mange i same båt, så det gjer det litt lettare å gå ledig. Men det var jo ikkje dette ein forventa då ein tok master. Ein trudde det skulle vera lettare å få jobb, seier Farestvedt. 

Ho er saman med venninna Ingrid Berge Hofland (26), som er nyutdanna sivilingeniør frå Frankrike. Ho leiter også etter jobb. 

– Eg har akkurat flytta heim til Noreg, og har skjønt at det er dårlege tider. Eg håpar eg finn noko etter kvart. Eg kjem til å sjekka arbeidsmarknaden i utlandet også, og er villig til å flytta på meg. Førebels jobbar eg som vikarlærar i matematikk. 

Ingen stillingar

FRAMO AS rekrutterer mellom anna sivilingeniørar, men dei har ikkje positive nyheiter å koma med.

– Me har ein fabrikk på Flatøy, kor det har vore mykje nedbemanning. Då vil dei ledige stillingane som måtte dukka opp no, blir fylt opp internt. Me meiner det er viktig å vera her likevel, for me håpar jo at marknaden skal snu. Og ting kan snu for oss før resten av oljebransjen, seier salsingeniør i FRAMO AS, Dino Milak.

På grunn av den dårlege arbeidsmarknaden har det vore vanskelegare å fått bedrifter til å stilla med stand, fortel arrangørane.

– Det er mellom anna ein del oljeselskap som vanlegvis er med, som ikkje kunne i år. Me har tatt mange telefonar, og har måtta masa litt ekstra. Men me har klart å få over 80 bedrifter, så me er godt fornøgde med det, seier leiar for Karrieredagen, Malin Hauglum Rørvik. 

Søker trygge utdanningar
Karrieresenteret la i august fram ei kandidatundersøking som såg korleis det gjekk med studentane i Bergensområdet to år etter dei var ferdige å studera.

– Den viser at over 85 prosent har fast jobb. Men det er nok litt høgare arbeidsløyse og irrelevant jobbing enn det var for tre - fire år sidan. Av dei nyutdanna som kjem til oss på Karrieresenteret, er det fleire som bruker lenger tid på å komma seg ut i jobb, seier leiar for Karrieresenteret, Rønnaug Tveit.

Bildet er langtfrå heilsvart, meiner ho. Men mange må gå litt lenger utan jobb, og senda litt fleire søknadar enn før.

Les også: Søkjartala ned på Vestlandet

– For få år sidan var det slik at ingeniørstudentane og andre med realfagleg bakgrunn fekk jobb før dei var ferdig. No er det treigare marknad enn det var for nokre år sidan. Det er heller ikkje sikkert at det vil bli like «bra» igjen.

Studentane ønsker meir tryggleik
– Det me ser i tider der arbeidsmarknaden er dårlegare, er at unge i større grad søker seg til trygge utdanningar som dei meiner dei er sikre på at dei får jobb i. Me ser at er dei legg vekt på tryggleik og stabilitet. Eventyrlysta er ikkje så stor i tronge tider som elles.

Eventyrlysta er ikkje så stor i tronge tider som elles

På Karrieredagen er det mange som ber om hjelp til søkeprosessen.

– I dag er det massiv pågang av folk som vil ha hjelp til CV og søknad. Det er mange som søkjer på dei same jobbane så dei føler dei må skilja seg ut. Ein gjennomarbeidd, god søknad og CV er viktig. Men det er klart at når ein har mange nyutdanna som søkjer same type stilling, så skal det litt til å scora på det og skilja seg ut.

– Kor har folk mest å henta?

 – Mange kan godt løysa litt på snippen. Dei bør kanskje visa litt meir av personlegdomen sin særleg i søknaden, men og i CV-en. Me oppmodar studentane til særleg å legge vekt på motivasjonen. Kvifor ønsker du akkurat denne jobben? Kva kan nettopp du bidra med?

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed