— Det må informerast betre om at cannabis kan utløysa psykose

Publisert:11. oktober 2016Oppdatert:11. oktober 2016, 10:02
Psykolog Siri Helle har sett på samanhengen mellom cannabis og psykose i si doktorgradsavhandling.

Studiar viser at cannabisbruk kan utløysa psykose, og føra til tidlegare debut av lidelsen. – Særleg unge som er i risikogruppa må vera merksame på dette, seier psykolog Siri Helle.

Siri Helle disputerte nyleg for doktorgraden sin med avhandlinga om psykose, cannabis og hjernefunksjonar.

Ho har vore tilsett i Helse Bergen si forskingsavdeling ved Sandviken sjukehus og doktorgraden er del av eit samarbeidsprosjekt. Forskingsresultata viser at det er ein samanheng mellom utvikling av psykose og bruk av cannabis. 

— På den første studien såg vi på pasientar som var innlagde på psykiatrisk akuttmottak ved Sandviken sjukehus, og som hadde brukt cannabis i løpet av livet, seier Helle.

Dei fant at særleg yngre pasientar hadde meir kognitiv betring når dei var innlagt på skjerma avdeling, og avstod frå å bruka stoffer, samanlikna med dei som ikkje brukte stoff.

— Det kan henda at cannabisen har ført til kognitiv svikt, som kan ha leda dei inn i ein psykose. Det psykoaktive stoffet THC, som me finn i cannabis, aukar også risikoen for å utvikla psykose og kan gje psykosesymptom.

Ein kan få psykose-liknande symptom sjølv om ein ikkje går inn i full psykose.

THC er det viktigaste verkestoffet i cannabisprodukt som hasj og marihuana, og som ein trur kan vera psykoseutløysande. Dei siste tiåra har mengda THC blitt stadig større. Medan delen av eit anna verknadstoff, cannabidiol (CBD), som kan verka dempande på angst og kanskje også psykose, har minska.

— Det er vanskeleg for folk å veta kor mykje THC det er i stoffet som dei tar, og det kan påverka kognitive funksjonar negativt. 

Den andre delen av studien viste at dei som brukte cannabis blei sjuke tidlegare enn andre. 

– Dei som tidlegare har brukt cannabis har ein tre år tidlegare debut av psykosesymptom, samanlikna med dei som ikkje hadde brukt ulovlege rusmiddel. Det er særleg personar som er sårbare for å utvikla psykose, som bør vera ekstra påpasselege.

Ein av fleire risikofaktorar 
— Men kva avgjer om ein er i risikosona?

— Det er vanskeleg å veta kva som gjer folk sårbare. Ein veit at familiehistorikk er ein risikofaktor, altså om ein har førsteleddsslektningar som har hatt psykose. For nokon er det genetiske faktorar som gjer at ein er ekstra sensitiv for THC-verknadsstoffet, og det kan føra til at ein utviklar psykose, eller får det tidlegare. Ein kan ikkje veta kva som gjer akkurat ein spesifikk person sårbar for å få ein psykose, då det er fleire faktorar som spelar inn,  men andre kjende risikofaktorer er det å ha opplevd traume, samt komplikasjonar ved fødsel, seier Helle.

– Hadde desse blitt sjuke uansett, om dei ikkje hadde brukt dop?

— Det er vanskeleg å veta om dei hadde fått ein psykose eller ikkje. Ein ser på cannabis som ein av fleire risikofaktorar. Men det er ein risikofaktor ein kan hindra, ved å ikkje bruka stoffet, fortel Helle.

Ho seier det er viktig å understreka at dette berre gjeld nokon få.

— Det er mange som kan bruka cannabis ofte og som aldri blir psykotiske. Men ein kan få psykose-liknande symptom sjølv om ein ikkje går inn i full psykose.

— Det kan tenkast at dei med noko sårbarheit ikkje får ein  psykose-episode, men kan til dømes bli litt meir mistenksame, engstelege og paranoide. Ein trur at effekten som cannabis gjev for den enkelte er blant anna avhengig av THC/CBD nivået i stoffet, kor ofte og kor mykje cannabis ein bruker, og kor tidleg ein starta å bruka det, i tillegg til genetiske faktorar. 

Kan bli vanskeleg å fungera sosialt
Ho meiner det er viktig å snakka om andre negative konsekvensar ved bruken.

— Det har vore ein del snakk om psykose og hasj i media, men ikkje så mykje om andre faktorar. Det er gjerne andre ting som er meir vanleg å oppleva når ein bruker cannabis.

Det er mellom anna fare for å bli avhengig, ifølge Helle.

— Viss du bruker det ofte, kan det gje ein slags avhengighet, som fører til at ein prioriterer å rusa seg over andre ting. Det kan bli vanskeleg for ungdom å fungera på skulen og sosialt, sjølv om dei ikkje går inn i ein psykose.  Rett etter at ein har inntatt stoffet, og opplever rusen, så er det auka risiko for til dømes at ein køyrer bil og blir utsett for ulukker. Når det påverkar den kognitive funksjonen, kan ein få problem med å læra ting. Men me er usikre på dei langsiktige verknadane av stoffet når det gjeld kognisjon.

Helle si erfaring, er at kunnskapen om konsekvensane av cannabis-bruk ikkje er like stor hjå alle. 

— Mitt inntrykk er at det ikkje er alle som ser den tilleggsbelastninga det gjev å bruka russtoff i forhold til psykiske problem. THC gjer at ein blir høg, og det er ein god følelse, men det kan også gjera ein engsteleg og paranoid.

Legalisering eller ikkje? 
– Debatten om legalisering pågår for fullt. Det er mellom anna fleire rusforskarar som meiner cannabis bør legaliserast. Kva trur du?

— Eg synest det er vanskeleg å seia om me bør avkriminalisera det eller ikkje. Sjølv om det har ein negativ helseeffekten på ein del ting, og spesielt for dei unge, der ein viss prosent kan bli meir avhengige, er det ikkje sikkert det hjelper at det er forbode. Politiet bruke mykje ressursar på å handheva forbodet, og for dei tyngre brukarane så kan også ei avkriminalisering skapa mindre vanskar. Det blir eit etisk dilemma då cannabisbruken gir nokre store vanskar, og ein ikkje veit om ei avkriminalisering/legalisering vil føra til ein auke i bruk eller ikkje, seier Helle.

Men ho er redd lovleg kjøp og sal over disk, ikkje vil vera nok for enkelte.

— Det kan bli lågare dose av THC i cannabis viss ein legaliserer. Om THC gjev den beste rusen, så kan det henda at det blir eit illegalt marknad likevel. Det er mange ting å tenka på.

Ho er iallefall sikker på at ein må informera om kor stort skadepotensiale bruken kan ha. 

— Det er skadeleg for nokon, og når THC-nivåa har auka i cannabis er det ikkje berre ein risiko for psykose, men og i forhold til angst. Når ein ser på dei negative helseeffektane, så meiner eg at bruken må ned. Men kva middel ein skal bruka for å få det til, er eg usikker på. Så lenge cannabis er psykose-utløysande for nokre, så må ein berre halda fram å åtvara folk om dette.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed