Dei norske språkskattane har fått ein ny heim ved UiB

Publisert:10. oktober 2016Oppdatert:29. mars 2017, 09:26
Språksamlingane, som UiB no formelt har teke over ansvaret for, skal reint praktisk plasserast under universitetsbiblioteket. Foto: Ida Bergstrøm

I løpet av sommaren har fleire hundre hyllemeter med arkivmateriale blitt flytta frå Oslo til Bergen.

Instituttleiar Johan Myking vil gje arbeidet med Norsk Ordbok høg prioritet. I tidlegare intervju har han sagt at samlingane ikkje kan verta ein del av den ordinære drifta ved eit institutt, og at institusjonen må finna fram til ei ordning som skjermar samlingane mot svingingar i den resultatbaserte økonomien.

Arkivet inneheld samlingar over syntaks, morfologi, fonologi, ordtilfang, stadnamn og gamalnorsk språk. Her finst kart, lydopptak, protokollar, arkivsamlingar over ord og namn, her er store korpus, ordbøker og digitale forskingsverktøy.

Alt har kome for å bli ein del av UiB sitt bibliotek.

I tillegg har UiB tatt Norsk Ordbok og dei digitale bokmåls- og nynorskordbøkene under vengjene sine.  Dette er ei teneste som har 90 millionar oppslag kvart år.

– Ordbøkene vil få høg prioritet
Ved UiB er det Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og instituttleiar Johan Myking som kjem til å få eit overordna ansvar for samlingane.

- Er det noko du er spesielt nøgd med å ha fått til Bergen?

- Alt! Når det først var slik at vi måtte ta alt, er eg glad for alt saman.  Arbeidet med ordbøkene har høg prioritet, seier Johan Myking, instituttleiar ved LLE til På Høyden.

UiB har som mål at den vennlege overtakinga vil føre til ny og betre språk- og namneforsking.
Det unike materialet gir også gode høve for betre rekruttering av unge språkforskarar.   

Språkfest i aulaen
- Vi er enormt stolte over å få ta over dette ansvaret. Høgskulen i Volda er ein uvurderleg partnar i samarbeidet om å ta vare på samlingane, seier Dag Rune Olsen.

Måndag vart språksamlingane  ønska velkommen til gards med ei markering i Aulaen. Her var stortingspresentant Svein Harberg,  leiar av familie – og kulturkomiteen til stades. Også Åse Wetås, direktør i Språkrådet, hadde tatt turen til Aulaen.

- Vi vil legge til rette for at norsk språk og kultur skal utvikle seg og leve. Vi er opptatt av mangfald, seier Svein Harberg.

Han minna om at arbeidet med språksamlingane og ordbøkene ikkje er over.

- No er samlingane heime. No er dei samla. Gratulerer med det. Ordbøkene er den sentrale berebjelken i eit felles språk. Kva skulle vi gjort utan? Nettordbøkene blir eit suverent verkemiddel for alle oss som er opptekne av god og korrekt språkbruk. Dette er ei viktig offentleg innhaldsteneste. UiB har teke på seg eit stort ansvar med å drive nasjonal språkrøkt, men det er ikkje første gongen Bergen tek på seg eit viktig nasjonalt oppdrag, og lukkast.

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed