70 år sidan første UiB-bygg blei påbyrja

Publisert:26. oktober 2016Oppdatert:26. oktober 2016, 13:25
Det var store folkemengder som hadde samla seg for å sjå arbeidet med det nye UiB-bygget starta i 1946.

For 70 år sidan la Kong Haakon ned grunnsteinen til dei to fløyene på Geofysen. Det skulle blir det første nybygget etter at UiB blei oppretta.

Eva Røyrane, prosjektleiar i Eigedomsavdelinga.

9. april 1946 vedtok Stortinget formelt å oppretta Universitetet i Bergen. Det var det siste klarsignalet ein trengte for å kunne reisa dei to fløyene på Geofysen.

– Når vedtaket blei gjort, så blei det sendt pengar til Bergen for å starta bygginga. Universitetet hadde byggeløyve klart, og stod omtrent klar med maskinene. Det var viktig å komma i gong fort med å bygga. Museet hadde jobba i mange år for at det skulle bli eit universitet i Bergen, fortel Eva Røyrane.

Ho er prosjektleiar i Eigedomsavdelinga, som i samband med ein forvaltningplan har gått gjennom historia til alle bygga.

Det første byggesteget på Geofysen, som stod ferdig i 1928, var ein markør for at museet ville noko stort, fortel ho. Og 25. oktober 1946 kunne byen samlast for å markera at bygginga av det første UiB-anlegget var i gong.

Kong Haakon hadde tatt vegen over fjellet for å legga ned grunnsteinen.  

– Det var eit prestisjebygg for Universitetet. Det store bygget blei liggande ved hovudvegen inn frå sør, og UiB vart svært synlege.

Kong Haakon VII under nedlegginga av grunnsteinen i Jahnebakken. Foto: Franz Blaha/Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

Fløyene var planlagde frå starten
På vestveggen i Jahnebakken 5 heng det ein plakett som fortel at der ligg grunnsteinen. Bygginga av dei to fløyene skulle også by på sine utfordringar. 

– Det var rett etter krigen og det var materialmangel, så det var problem med å få framdrift på bygginga, og det tok si tid. Det var også diskusjonar underveis om kva materiale dei skulle bruka.

Men bygget blei ferdig til slutt, og Kongen kom tilbake 30. august 1951 og opna dei to fløyene, som arkitekt Egill Reimers stod bak.

Hovudbygninga på Geofysen plasserte Reimers slik at Allégaten stoppa ved inngangsdøra.

– Dei første teikningane til Reimers som me har av heile anlegget er i frå 1919. Allereie då var fløyene med på teikningane. Heile området skulle utformast, han hadde også planer for fleire bygg i området, men ikkje alle blei realiserte, seier Røyrane.

Fekk ikkje sjå bygget ferdig
Reimers døyde i november 1946, men det var teikningane hans som var byggemelde og blei brukt for å ferdigstilla bygget.

– Atle Urheim hadde vore assistent for Reimers, og vidareførte arbeidet gjennom eit nytt firma som heite Danielsen og Urheim. Det var heile tida teikna som eit hesteskoanlegg, seier Røyrane. 

Dei to fløyene husa botanisk laboratorium og kjemisk institutt i starten, og har sidan hatt ulike fagmiljø innanfor veggane.

No skal Bjerknessenteret inn i vestfløyen.

– Jahnebakken fem er totalt rehabilitert, og skal møblerast i februar. Bjerknessenteret skal flytta inn i mai er planen, seier Røyrane.  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed