555 millionar meir til langtidsplanen

Publisert:6. oktober 2016Oppdatert:6. oktober 2016, 12:06
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la i dag frem et budsjett der han følger opp langtidsplanen for forskning og høyere utdanning med rundt 550 millioner kroner.

Regjeringa følgjer opp langtidsplanen for forsking med 555 millionar kroner. Det blir og endringar i finansieringsordninga for universitet og høgskular.

– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil hjelpe oss på vegen mot eit meir konkurransedyktig næringsliv, grønare arbeidsplassar og fleire verdsleiande fagmiljø, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding. 

Med forslaget til neste års budsjett vil løyvingane til opptrappingar og langsiktige prioriteringar i langtidsplanen ha auka med totalt 2,3 milliardar kroner frå 2015 til 2017, melder Kunnskapsdepartementet, noko som skal innebere ei realvekst på 3,1 prosent til forsking og utvikling i 2017. 

Slik blir dei 555 millionane fordelt: 

  • 48 millionar kroner til 120 nye rekrutteringsstillingar. 
  • 75 millionar kroner til tiltak for større deltaking i Horisont 2020. 
  • Styrking av dei seks prioriterte områda i langtidsplanen: «hav», «eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv», «verdsleiande fagmiljø», «klima, miljø og miljøvennleg energi» og «fornying i offentlig sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester».

Det blir også endringer i finansieringssystemet for universitet og høyskoler. Dette er endringene det legges opp til:  

  • Indikatoren for tal på studiepoeng blir ført vidare. Det vil framleis vere seks kategoriar for studiepoeng.
  • Det blir innført ein indikator for tal på kandidatar (med bachelorgradar, med mastergradar, høgskolekandidatar, kandidatar med praktiskpedagogisk utdanning og enkelte vidareutdanningar i helsefag) innanfor dei same seks kategoriane som for studiepoeng.
  • Insentivet for utveksling blir ført vidare, og med særleg vekt på utveksling gjennom Erasmus+-programmet.
  • Doktorgradsinsentivet får open budsjettramme.
  • Det blir innført eit insentiv for bidrags- og oppdragsinntekter (BOA) med lukka budsjettramme.
  • Insentivet for EU-inntekter blir styrka ved å omfatte alle EU-inntekter og ved å auke den lukka budsjettramma.
  • Insentivet for inntekter frå Noregs forskingsråd og regionale forskingsfond blir ført vidare, men med reduksjon i den lukka budsjettramma.
  • Insentivet for vitskapleg publisering blir ført vidare, med endring i berekningsmåten.

Pengar til igangsette prosjekt
Universitetsmuseet får 137 millionar kroner til byggetrinn 2 av rehabiliteringa av Dei naturhistoriske samlingane. Det same gjeld byggeprosjektet til Kunst- og designhøgskolen i Bergen, så får nybygg på Møllendal. Dette prosjektet får 160 millionar kroner i byggeløyving, i tillegg til 42,4 millionar kroner til inventar og utstyr, samt 2,4 millionar til husleige i nybygget. 

Dei største byggeprosjekta som får løyvingar er allereie igangsette prosjekt ved NMBU, som får 1,63 milliardar kroner, og UiT, som får 470 millionar kroner til nybygg for medisin- og helsefag. 

Flest stipendiatar til Trondheim
UiB får tildelt 2,4 millionar kroner til nye stipdendiatar, mens Høgskulen på Vestlandet får 3,2 millionar. Størst av alle er som kjent NTNU, som òg får 6,8 millionar kroner til stipendiatar og postdoktorar. 

 

Saken vil bli oppdatert. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed