– Tøffare å vera forskar etter kuppforsøket

Publisert:2. september 2016Oppdatert:5. september 2016, 15:13
KRITISK: — Ingen har truga meg med å gi meg sparken, trass i at eg har uttalt meg svært kritisk om politikken til både presidenten og regjeringa, seier Erkan Saka, som er førsteamanuensis på marknadsføringsstudiet ved Istanbul Bilgi University. (Foto: Ola Sæther).

Erkan Saka går til arbeidsplassen sin på Istanbul Bilgi University med hjartet i halsen kvar dag. – Etter kuppforsøket har studentar rapportert forskarar som er kritiske til president Recip Tayyip Erdogan.

Erkan Saka arbeider som førsteamanuensis ved marknadsføringsstudiet på Istanbul Bilgi University. Universitetet er privat og har 17 000 studentar og rundt 3000 tilsette. Det ligg i utkanten av storbyen Istanbul, og då Uniforum besøkjer universitetet, har mange nye studentar kome med foreldra sine for å registrera seg.

—  Dette er eit liberalt universitet som behandlar dei tilsette svært godt, og ingen har truga meg med å gi meg sparken, trass i at eg har uttalt meg svært kritisk til politikken til både presidenten og regjeringa, fortel Erkan Saka til Uniforum

Han er utdanna sosialantropolog, og har gjort feltarbeid på den tyrkiske minoriteten på Rhodos i Hellas. Etter kvart har han begynt å forska meir på media.

— Det mislykka kuppforsøket 15. juli gjorde situasjonen endå vanskelegare for forskarar i Tyrkia. Alle fekk utreiseforbod. Heldigvis har eg følt at eg har ein trygg arbeidsplass på dette universitetet. Det einaste eg klagar over, er at arbeidspresset er for stort. Det er for mykje undervisning, rett og slett. Dessverre er det ikkje lenger me forskarar som bestemmer det, men toppleiinga, fortel Erkan Saka. Gjekk imot gjenninføring av dødsstraff - mista jobben

Gjekk imot gjenninføring av dødsstraff - mista jobben

Sjølvsensur
I Tyrkia er han berømt for å ha kritisert styresmaktene for å ha fengsla journalistar og andre aktivistar. Han ser også at den store kurdiske minoriteten i landet på nytt er blitt syndebukkar for alt som går gale i Tyrkia.

— Difor er det vanskeleg å forska på ting som har å gjera med den kurdiske kulturen. Det fører til at mange av oss har begynt med ein utstrekt sjølvsensur. Ein kvinneleg kollega kom i skade for å seia noko negativt om Erdogan under ei førelesing. Ein student rapporterte det. Kort tid etter mista ho jobben, minnest han.

Politikken blei endra i 2013
Erkan Saka er einig i at president Recip Tayyip Erdogan lenge førte landet inn i ei positiv demokratisk og økonomisk utvikling. 

— Men den utviklinga tok brått slutt i 2013. Då blei mange av dei næraste medarbeidarane til Erdogan arresterte og sikta for korrupsjon. Avsløringane kom i aviser som var eigde av den tidlegare vennen og forbundsfellen hans, Fethullah Gülen.

Deretter begynte Erdogan ein kampanje mot alle han mistenkte for å sympatisera med Gülen. Det kulminerte med kuppforsøket den 15. juli.

— Eg er ikkje einig med dei som meiner at Erdogan sjølv stod bak, men det som er sikkert er at han brukte det som eit påskot til å kvitta seg med alle som han mistenkte var Gülen-tilhengjarar. Det gjekk så langt at ein forskar som er kjend som marxist, også blei arrestert for å vera sympatisør av Gülen. Då dei fann ut han var marxist, blei han sett fri. Kven som eigentleg stod bak kuppforsøket, får me sikkert ikkje vita før om mange år.

Saka er overraska over at vennskapen mellom Erdogan og Gülen tok ein så brå slutt.

—  Dei var jo einige om at Erdogan skulle skaffa seg den politiske makta, og så kunne Gülen-rørsla finansiera private skular, sjukehus og universitet. Faktum er at du også måtte vera Erdogan- eller Gülen-tilhengjar for å bli dommar eller få andre jobbar i rettsvesenet. Difor fekk systera mi, som er utdanna jurist, aldri dei dommarjobbane ho søkte på, peikar han på. 

UTREISEFORBOD: — Det mislykka kuppforsøket 15. juli gjorde situasjonen endå vanskelegare for forskarar i Tyrkia. Alle fekk utreiseforbod. Heldigvis har eg følt at eg har ein trygg arbeidsplass på dette universitetet, seier førsteamanuensis Erkan Saka ved

UTREISEFORBOD: — Det mislykka kuppforsøket 15. juli gjorde situasjonen endå vanskelegare for forskarar i Tyrkia. Alle fekk utreiseforbod. Heldigvis har eg følt at eg har ein trygg arbeidsplass på dette universitetet, seier førsteamanuensis Erkan Saka ved Istanbul Bilgi University. (Foto: Ola Sæther)

Vil vera president på livstid
Om to år vil tyrkarane gå til urnene for å velja president.

— Det som er heilt sikkert, er at Erdogan vil stilla opp på nytt. Og då vil han be folket om mandat til å sitja som president heilt til han døyr, trur Erkan Saka.

Han har ikkje lenger tru på at det kan bli rettferdige val i Tyrkia.

—  Under dei siste lokalvala såg det ut som om fleirtalet av innbyggjarane i Ankara ville røysta inn ein ordførarkandidat frå eit anna parti enn AKP, som er partiet til presidenten. Kona til presidenten jobba for den sitjande ordføraren som stod i fare for å tapa valet, men då valresultatet var klart, hadde han likevel vunne. Eg meiner at det valet var rigga, hevdar Erkan Saka.

Førebur seg på å reisa frå Tyrkia
Sjølv har han tidlegare medstudentar og venner både i regjeringsapparatet og i opposisjonspartia.

— Om eg ikkje hadde hatt denne jobben, ville eg difor heilt sikkert ikkje fått nokon ny akademisk jobb i Tyrkia.

Nyleg søkte han ei ledig forskarstilling ved Universitetet i Oslo.

—  Eg fekk ikkje jobben fordi eg hadde for få vitskaplege artiklar på engelsk. Det meste eg har skrive, har vore på tyrkisk. Difor har eg no begynt å skriva alle dei vitskaplege artiklane mine på engelsk. Du kan godt seia at eg førebur meg på å få meg ein jobb på eit universitet utanfor Tyrkia, seier han.

— Eg er ein ugift mann utan familie, og kan gjera det eg vil. Men med dei kritiske kommentarane eg er kjend for, reknar eg med at styresmaktene vil koma med skuldingar som vil setja meg i miskreditt, og så setja meg i fengsel i tre månader. Då vil eg dra frå Tyrkia, garanterer han.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed