— Forskarane må våga å visa seg fram

Publisert:14. september 2016Oppdatert:30. mai 2017, 11:10
Kristof Vlaeminck vart tilsett som leiar for UiB sitt Brusselkontor i mai. Ein stor del av jobben er å informera forskarane om kva for moglegheiter som ligg i Horisont 2020.

Sjølv om UiB har ein høg suksessrate i EU-programmet, er leiaren for Brusselkontoret klar på at det framleis er eit stort potensiale som ikkje er utnytta. — Ein må gjerne reklamera litt meir for seg sjølv der ute, seier Kristof Vlaeminck.

UiB sin kontaktperson i EU-hovudstaden har travle dagar når han er i Bergen. Han prøver å få møtt så mange personar han kan, og kartlegga kva for forsking som føregår ved Universitetet. 

— Slik kan eg kopla dei opp mot dei rette miljøa, og formidla kontakt med andre europeiske nettverk, seier Vlaeminck.

Han satsar på å vera ei veke i Bergen i kvar månad. 

Ei av oppgåvene hans er å halda kurs og work-shops for UiB-tilsette. Når På Høyden treff han, hjelper han ei gruppe forskarar med å skriva strategiforslag.

— EU-kommisjonen ber annakvart år om forskingsidear til neste periode. Men det er ikkje nok å berre skriva ned ein setning eller to. Ein må verkeleg fortella ei historie, så eg prøver å læra dei korleis dei skal strukturera ideane sine.

Og ikkje minst formidlar han kva fordelar eit godt strategidokument kan føra med seg. 

— Blir ideen plukka opp, kan dei i neste omgang søka på prosjektet sjølv. Så det er om å gjera å overtyda i ein tidleg fase.

 Eg er veldig klar på at det å reisa ut er ein stor del av suksessen.

Treng eit dytt i riktig retning
UiB-kontoret i Brussel blei opna i oktober i fjor, og er samlokalisert med kontoret til SINTEF og NTNU. Vlaeminck, som sjølv er frå Belgia, har vore tilsett sidan mai. Målet er å få meir utbytte av Horisont 2020.

— UiB følte nok at ein del informasjon gjerne gjekk mellom Brussel og Oslo, og aldri fann vegen heilt til Bergen. No har ein eit direkte kontaktpunkt, som kan følga med på det som skjer i der nede, seier Vlaeminck.

Han har oversikt over dei ulike forskingsmiljøa rundt om, og korleis søknadsprosessen fungerer. Han viser vegen gjennom det, som for nokre, kan verka som eit krunglete system.

— Det er mange som er veldig motiverte, men dei treng litt hjelp og eit dytt i riktig retning. Folk er litt redde, fordi det er eit stor program som kan verka litt komplisert. Og konkurransen er høg, det må ein vera ærleg om.

Han prøver å vektlegga fordelane med å vera med i eit internasjonalt miljø

— Det er fint å vera i ein europeisk kontekst, og jobba med kollegaar frå andre land. Om ein samarbeider med dei beste i Europa blir ein betre sjølv, og ein vil få forskinga si opp på eit høgare nivå

I fjor viste tal frå Forskingsrådet at UiB hadde best gjennomslag i landet på søknadar til programmet, om lag ein tredjedel av søknadane blei aksepterte.

Fram til og med juli 2016 har UiB toalt fått innvilga 45 kontraktar under Horisont 2020, til ein verdi av om lag 243 millionar kroner.

Kor mykje meir ein kan klara å få ut av programmet i kroner og ører er vanskeleg å seia, ifølge Vlaeminck.

— Det er ein hard kamp om midlane, men me ønsker å bli ennå betre enn me er no. Det er også snakk om ein porsjon flaks. Men me ønsker å få meir penger til Bergen – det er jo målet. 

Kristof Vlaeminck held work-shop for ei gruppe forskarar ved UiB førre veke. Dei skal læra seg korleis ein best kan formidla gode idear til EU-kommisjonen.

Mykje å henta utanom ERC
Det er ERC- og Marie Curie-stipenda som er dei mest populære å søka på.

Vlaeminck trur også det er mykje meir å henta i dei to andre søylene i programmet, konkurransedyktig næringsliv og samfunnsutfordringar.

I dei delane kjem kommisjonen sjølv med eit konkret problem som dei ønsker svar på.

– Forskarar på universiteta er meir komfortable med ERC-biten, det er meir individuelt, og dei kjenner betre til det. I dei andre delane må ein også tenka på innovasjon, og korleis ein skal tilføra samfunnet noko. Ein må samarbeida utanfor universitets-verda, og det er dei gjerne ikkje vande med. Men her ligg det mange moglegheiter, og eg prøver å finna fram til prosjekt som kan vera aktuelle for UiB.

– Er det vanleg å ha ein slik koordinator som no både UiB og NTNU har?  

– Det er langt i frå slik at alle universitetet har dette, men det er heller ikkje uvanleg. Mange universitet i Storbritannia har til dømes ei slik ordning, dei har det nok i DNA-et sitt å vera meir politisk retta.

Sjølv har han jobba som nasjonalt kontaktpunkt opp mot EU-kommisjonen for Belgia i sju år. Han har også vore medlem i ein av programkomiteane, der han har forsvart idear frå belgiske forskarar framfor kommisjonen.

– Eg likar det eg driv med svært godt. Folk har mange spørsmål, og eg jobbar med korte tidsfristar. Det er utruleg kjekt når ein kan bidra til at forskarar får pengar til prosjekta sine. 

Noreg og Bergen hadde han ikkje særleg kjennskap til før han tok jobben.

– Det viktigaste er kjennskapen min til Brussel, og kva som foregår på UiB sjølvsagt. Eg har berre vore i Bergen to gonger. Første gongen, i juni, var heilt fantastisk. Været var strålande. Men eg har forstått at det ikkje er slik det pleier å vera, ler han. 

Kontoret i Brussel er i første omgang eit treårig prosjekt.  

Må ut av Bergen
Han er opptatt av at folk kjem seg ut av Bergen for å visa fram kva dei driv med.

– Eg er veldig klar på at det å reisa ut er ein stor del av suksessen. Ein må møta folk og vera synleg. Ingen kjenner deg om du berre er i Bergen. Ein må reklamera litt for seg sjølv. Det er også mogleg å få støtte frå kommisjonen til å reisa ut.

Han merker at fleire no er interesserte i å komma nærare Brussel.

– Folk er i grunn meir positive til å reisa ut enn eg frykta. Det er minst to grupper som skal til Brussel neste veke, og fleire utover hausten. Så det går i riktig retning. 

Han ser fram til å hausta fruktene av arbeidet. 

– I EU blir UiB oppfatta som ein god partner med mykje folk som gjer god forsking, men det er framleis potensiale og ting å gjera for oss. Eg er sikker på at dette vil gje gevinst over tid.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed