Ein sunn laks er ein glad laks

Publisert:19. september 2016Oppdatert:19. september 2016, 14:49
Forbrukarane ønskjer å kjøpe fisk som har hatt eit bra liv før den havna i fiskedisken. Med professor Karin Pittmans metode kalla muculus mapping kan oppdrettarane vise at fiske har hatt god helse, ikkje bere fråver av sjukdom. - Vi har ein måte å verifisere velferd på, seier Karin Pittman. Foto: Ida Bergstrøm

Korleis kan ein finne ut om fisken har det bra? UiB-professor Karin Pittman veit svaret.

Mange forbrukarar ønskjer at fisken dei får på bordet skal vere rein, sporbar og minst mogleg behandla med antibiotika. Metoden muculus mapping kan fortelje mykje om helsa til fisken, samt gje oppdrettarar og fôrprodusentar eit strategisk verktøy. Foto: Colourbox

– Med vår metode kan vi analysere slimhinnene til ein fisk og slå fast: Denne fisken har ikkje vore sjuk. Den har faktisk hatt det bra, seier Karin Pittman.

Sportsfiskarar har visst det lenge: Tørkar du slimet av laksen du trekk opp av elva,  kan dette føre til at fisken døyr. Dei som arbeider i oppdrettsnæringa har også visst at slimhinnene som dekkar fisken, kan fortelje mykje om helsa til fisken, og om kva fôr den et. I forsøket på å måle fiskehelsa brukte dei ofte «kredittkortmetoden», der dei skrapa i fiskens overflate for å måle mengda slimceller.

Problemet er at kredittkortmetoden ikkje er heilt til å stole på. Verken metoden eller resultatet held vitskapleg mål.

Då eg fann metoden vi kallar muculus mapping, tenkte eg OH MY GOD!

Slimceller er levande bevis for fisken sin tilstand
– Bjarne Ravnøy har jobba i næringa i ein mannsalder. Han kom til meg og spurde om det var mogleg å finne ein metode der vi brukte slimcellene til å analysere helsa til fisken, seier professor Karin Pittman.

Ho tok med seg innspela frå Bjarne Ravnøy inn i laboratoriet. Frå før visste ho at barrierevevet til fisken seier mykje om helsa på organnivået.

Med andre ord: sunne slimhinner vitnar om ein sunn fisk.

– Eg oppdaga at det var ei påliteleg og reproduserbar åtferd i cellene sin konfigurasjon, seier Karin Pittman.

– Då eg fann metoden vi kallar muculus mapping, tenkte eg OH MY GOD. Dette er stort! Her kan vi på ein heilt ny måte sette fokus på nærver av helse, ikkje berre fråver av sjukdom. Vi har ein måte å verifisere velferd på.

Kan gi betre fiskefôr
Fisken har slimhinner fleire stader i kroppen, blant anna i tarmen og i gjellene. Slimhinnene er ein del av det medfødde immunforsvaret. Og dei ulike slimhinnene kommuniserer med kvarandre.

Med den nye metoden ein finne ut effekten av tiltak. Kva skjer med tilfella av lus når ein endrar samansetninga i fôret? Får fisken betre immunrespons i tarmen viss ein endrar på maten?  Testen av slimceller viser kor effektiv ulike behandlingsformer er. Den kan difor vere eit nyttig verktøy når dei som arbeider med laks skal ta strategiske val.

– Når fôrselskapa utviklar nye oppskrifter på fiskefôr, kan vi hjelpe dei med å finne ut om kosten gir betre, dårlegare eller uendra helse hos fisken. Med denne metoden kan vi bevise at det er ein samanheng mellom det vi målar, og det oppdrettarane opplever.

Eit firma i vekst
Oppfinninga er utvikla og finansiert i samarbeid med næringa og har mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge. Saman med Bjarne Ravnøy har Karin Pittman etablert firmaet Quantidoc.

– Vi har brukt metoden muculus mapping i fire land; Spania, Canada, Japan og Norge. Vi samarbeider med store aktørar som Niva, Nofima, Salmon Breed, Veterinærinstituttet og Ilab. Vi har også kommersielle kontraktar med store aktørar, seier Karin Pittman.

Prisvinnar til Kina
Måndag reiser ho til Kina for å ta i mot pris for arbeidet med muculus mapping. Prisen vert delt ut av Global Aquaculture Alliance.

– Kva betyr det at Quantidoc får denne prisen?
– Det betyr eksponering. Eg har vore havbruksforskar i om lag 30 år. No tek vi steget over til brukarane, seier Karin Pittman.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed