- Ta turen til Botanisk hage på sundag

Publisert:18. august 2016Oppdatert:18. august 2016, 08:53
Rosariet på Milde er eit syn i blomstringa. Rosariet er delt i tre delar: Villrosebakken, Den moderne flaten og Den historiske bakken. Arkivfoto: Bjørn Moe/Botanisk hage
Jubileum på Milde:

Botanisk hage på Milde har bydd på grøn glede i tjue år. Sundag skal ein av dei vakraste hagane til universitetet feirast med musikk, fabelaktig formidling og kortreist mat.

– Sundag anbefaler vi alle å ta turen til Botanisk hage på Milde for å feire dagen saman med oss, og for å oppleve ein annleis dag med læring og aktivitetar for alle.

Det seier Heidi Lie Andersen,  førsteamanuensis i botanikk ved UiB. Ho er ansvarleg botanikar for hagen, og er primus motor for jubileet på Milde.

21. august i år er det tjue år sidan Jan Fridthjof Bernt, dåverande rektor ved UiB, opna Botanisk hage på Milde.

Les også: Her kommer UiBs nye lystgård

Les også: En systematisk hage

Forskingsformidling i det grøne
Sundag skal hagen med dei vakre vekstene feirast med  gjestar, foredrag og aktivitetar.

– Vi har fått eit knippe av Universitetet sine framifrå  forskarar til å presentere tema dei  brenn for, seier Heidi Lie Andersen.

Museumsdirektør Henrik von Achen kjem. Det same gjer VilVite på hjul og studentkoret Sirenene. Det blir sal av kortreist mat og te-servering i Japan-hagen.

– Temaet for dagen vil vere eit blikk inn i framtida. Vi lagar ei ny ramme for forskingsformidling som vi håper vil være attraktiv både for forskarane sjølve og for besøkande, seier Heidi Lie Andersen.

Programmet er rikhaldig. Kikki Kleiven skal ta for seg klimautfordringa. Bjørn Arild Hatteland skal snakke om brunsnegl. Åse Tveitnes skal fortelje om Lønningen Gard, eit hus som vart bygd i 1770 på ein stad der nye Flesland flyplass ein gang skulle kome, og som no får eit nytt liv som formidlingshus på Solåkeren i Botanisk hage.

Heile programmet kan du sjå her.

Heidi Lie Andersen (t.v.) er førsteamanuensis i botanikk ved UiB. Ho er ansvarleg botanikar for hagen, og er primus motor for jubileet på Milde. Siri Skretting Jansen (t.h.) er seniorrådgjevar i Formidlingsavdeinga ved Universitetsmuseet. Ho er arrangør av jubileet. Foto: Ida Bergstrøm

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed