Arvid Hallén blir styreleiar for HVL

Publisert:24. august 2016Oppdatert:25. august 2016, 07:51
Aina Berg er administrerande direktør ved Uni Research. Ho har også bakgrunn frå styret ved Høgskulen i Bergen. Saman med Arvid Hallén skal ho site i styret til den nye Høgskulen på Vestlandet (HVL). Arkivfoto: Tor Farstad

Med seg i styret får han mellom anna Aina Berg, administrerande direktør i Uni Research.

Arvid Hallén får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland. Dei eksterne styremedlemmene for Høgskulen på Vestlandet (HVL) er oppnemnde av Kunnskapsdepartementet.

I tillegg til medlemmene departementet har valt, skal styret og interimsstyret ha medlemmer som er valde av dei tre høgskulane.

− Styra ved dei ulike høgskulane har gjort ein god jobb med å førebu samanslåinga, og interimsstyret får no det viktige ansvaret for å ta dette vidare. Eg er trygg på at dette vil gje Høgskulen på Vestlandet ein god start, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Fusjonen skal formelt tre i kraft ved årsskiftet. Interimsstyret blir styret for Høgskulen på Vestlandet i perioden frå 1. januar 2017 til 31. juli 2019.

− Høgskulen på Vestlandet har fått dyktige styremedlemmer som skal jobbe med den historiske samanslåinga. Den nye institusjonen vil gjere regionen betre i stand til å møte omstillinga som Vestlandet er midt oppi, seier Røe Isaksen.

Dette er dei eksterne styremedlemmene:

Arvid Hallén: Administrerande direktør i Noregs Forskingsråd fram til 1. mars 2017.

Kari Kjenndalen: Tidlegare styreleiar for Høgskolen i Sør-Trøndelag, tidlegare administrerande direktør for Høgskolen i Lillehammer.

Aina Berg: Administrerande direktør i Uni Research AS. Styremedlem ved Høgskolen i Bergen.

Trond Ueland: Kommunalsjef i Førde kommune. Styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Gunnar Birkeland: Administrerande direktør i Polytec, dagleg leiar i  Haugaland kunnskapspark AS. Styremedlem ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed