Rektor skal tilsetja ny rådgivar

Publisert:5. juli 2016Oppdatert:5. juli 2016, 06:00
Rektor Dag Rune Olsen skal tilsetja rådgivar for det neste året. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Stillinga som rådgivar ved rektor sitt kontor er no ledig. Men ver rask, du må kunne byrja i jobben allereie 1. august.

Rektor Dag Rune Olsen har hatt fleire rådgivarar dei siste åra. Først Erlend Horn, som vart erstatta av Maria Dyrhol Sandvik då Horn fekk politikar-stilling. Sandvik takka for seg etter nokre månader og reiste til fast stilling i Oslo, og vart erstatta av Tommy Aarethun. Han vart i første omgang tilsett i eit vikariat utan utlysing. No er det lyst ut eit vikariat som varer eit år. Søknadsfristen er allereie 12. juli, og den som får stillinga må kunne byrja 1. august.

Eit år
– Fristane her er korte. Er dette ei reell utlysing, Olsen?

– Me lyser ut stillinga og me held oss til regelverket. Dette er ikkje ei stilling der me reknar med å få mange søkjarar som har tunge toppjobbar og eit halvt år oppseiingstid. Dette er ei førstekonsulentstilling som truleg vil få ein del nyutdanna søkjarar, seier Olsen.

Tommy Aarethun sitt vikariat går ut 1. august, og difor ønskjer rektor at ein ny kandidat er på plass frå den datoen.

Erlend Horn er tilsett i fast stilling ved UiB. Men han vart byråd etter valet i fjor haust.

– Kvifor varer ikkje vikariatet like lenge som Horn er ute?

– Me ønskjer no ein rådgivar som sit ut rektor sin periode. Ein eventuell ny rektor skal sjølv kunne velja om ein ønskjer ei slik stilling, og må sjølv få tilsetja ein med ein passande profil.

Kva med sosiale media?
I utlysingsteksten er følgjande arbeidsoppgåver lista opp: Førebuing av møte, talar og presentasjonar og rådgivingsoppgåver for rektoratet i strategiske spørsmål. Aktuelle kandidatar må ha minst bachelorutdanning, erfaring frå informasjons- og formidlingsverksemd og innsikt i forskings- og utdanningspolitiske spørsmål.

– Sosiale media er òg ein del av jobben. Kvifor er ikkje det med på lista?

– Det kan eg ikkje svara på. I dag skriv Aarethun ein del av innlegga på bloggen, Twitter og Facebook, men størstedelen av jobben er å skriva talar og ymse innlegg, seier Olsen.

Han seier at då Erlend Horn vart tilsett, måtte kandidatane gjennom ein skrivekonkurranse.

Halvnøgd fagforeining
– Greitt nok.

Det seier Jørgen Melve, som er hovudtillitsvalt for NTL ved UiB. Melve har tidlegare vore kritisk til at rektor tilset rådgivar utan utlysing.

– No er stillinga lyst ut, og ein kan tenkja seg at ein kan få ein del nyutdanna søkjarar. Det er sjølvsagt ein fordel å vera intern søkjar fordi ein då veit kva jobben går ut på, men det kan òg koma svært gode søkjarar utanfrå, seier Melve.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed