32 søkarar til stillinga som rektor-rådgjevar

Publisert:25. juli 2016Oppdatert:28. juli 2016, 08:35
Tommy Aarethun har lang fartstid på Nygårdshøyden. Han har søkt det eittårige vikariatet som rådgjevar for rektor Dag Rune Olsen.

Før sommaren vart stillinga som rådgjevar for rektor utlyst. Ein av dei 32 personane på søkarlista er Tommy Aarethun. Han vikarierer i dag i stillinga.

– Arbeidet som rådgjevar for rektor har vore spennande, lærerikt og veldig gjevande. Kvardagen har vore veldig variert, noko eg trives godt med, seier Tommy Aarethun.

Han har vore tilsett i eit vikariat i stillinga som rådgjevar for rektor, etter at Maria Dyrhol Sandvik sa opp stillinga og flytta til Oslo for å arbeide i Klassekampen.

Tommy Aarethun er rektor Olsen sin tredje rådgjevar. Erlend Horn starta i stillinga, men trekte seg då han vart byråd etter valet hausten 2015.

Først midlertidig tilsetting, deretter utlysing
No har stillinga vore utlyst på nytt. Også denne gongen har leiinga valt å først tilsette ein person i eit vikariat utan utlysing, for deretter å lyse ut stillinga i etterkant.

– Dersom du får jobben - korleis tenker du å forme stillinga?
– Mykje er allereie forma i denne stillinga, men det handlar om å byggja vidare på dette. Det er alltid noko ein kan utvikla og bli betre på, det gjeld også i forminga av denne stillinga. Denne stillinga kan bli litt isolert, så det har vore viktig for meg og prøve å bygge ein struktur som gjer at denne stillinga blir knytt til andre naturlege personar og avdelingar ved UiB. Mi oppleving er at det i denne sektoren vert stadig viktigare å synleggjere styrkene til institusjonane og det er noko eg ynskjer å bidra til, seier Tommy Aarethun.

Røynd tillitsvald
Tommy Aarethun har hatt ei rekke verv i studentpolitikken og ved UiB. Han har mellom vore leiar for Studentparlamentet, styremedlem i UH-nett Vest og leiar av Læringsmiljøutvalet ved UiB.

Han har også vore aktiv i Arbeiderpartiet, men trekte seg i januar som ordførarkandidat i Lærdal kommune.

– I denne jobben handlar det om å levera på ulike bestillingar frå rektoratet samtidig som det er viktig å sjå ulike høver som dukkar opp og gje råd og innspel kring desse, slik at ein kan «vera på ballen». raskt. Her føler eg at min kompetanse og bakgrunn har gjort meg godt rusta til å fange opp ulike ting, og gje innspel raskt, når det dukkar opp noko, seier Tommy Aarethun.

I utgangspunktet skulle den som får stillinga starte i jobben 1. august. På Høyden får imidlertid opplyst at tilsettinga ikkje er klar enno.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed