Leiar stort prosjekt – med permisjon frå UiB

Publisert:6. juni 2016Oppdatert:6. juni 2016, 09:06
Professor Gerd Kvale leiar eit stort forskingsprosjekt knytt til tvangslidlingar. Hennar inngang til temaet var då ho møtte ei ung kvinne som ikkje torde å vera saman med sine eigne barn – kvinna var redd for at ho var pedofil og kunne skada sine eigne barn. – Dei som får tvangslidingar, får det stort sett når dei er i 20-åra. Mange av dei får hjelp seint – dei er øydelagde for livet, seier Kvale. Her saman med stipendiat Audun Havnen og Bjarne Hansen, som begge er ein del av Helse Bergen sitt OCD-team.

Professor Gerd Kvale leiar eit stort, internasjonalt forskingsprosjekt innan psykiatri. Men for å få det til, har ho tatt permisjon frå universitetsstillinga si.

Då professor Gerd Kvale skulle i gang med to års forskingstermin i 2014, la Helse Bergen til to år, og ho kunne gå i gang med å bygga ho opp OCD-temaet i Helse Bergen. Med på laget var mellom andre førsteamanuensis Bjarne Hansen, som kom frå stilling ved Østmarka i Trondheim og var med i TV3-programmet «Psyk forandring». Audun Havnen, som På Høyden har skrive om, har òg vore knytt til teamet, og det er òg studentar som får tidleg praksis hos teamet.

– Heile konseptet er å bygga fagmiljø. Heilt frå starten har slagordet vårt vore at «kunnskapsbasert behandling + kvalitetssikring + forsking = sant», seier Kvale.

Ho seier at teamet spring ut frå eit samarbeid mellom UiB og Helse Bergen, og meiner at det er all grunn til at både Helse Bergen og UiB kan kjenna seg stolte over det som er skapt.

– Ein av partane ville aldri fått dette til åleine, seier Kvale.

– Leitt
– Me er heilt klart forankra i helseføretaket. Mykje av det me har gjort har tatt utgangspunkt i det å levera helsetenester på ein ny måte, til heilt ordinære pasientar som har rett på behandling i spesialisthelsetenesta, seier Kvale.

Ho seier det har vore avgjerande å ha vore integrert på denne måten – slik har OCD-teamet fått tilgang til naudsynte pasientdata og til å gi pasientane både behandling og oppfølging.

– Det å ha ei leiing som har vore villige til å tenkja nytt har opna opp for ei nesten eventyrleg utvikling både for ei hardt ramma pasientgruppe og forskinga.

Kvale har ikkje lenger forskingstermin, og skulle i utgangspunktet vore attende i ordinær UiB-stilling. Det er ho ikkje. No har ho 80 prosent permisjon frå den vitskapelege stillinga si der. Ho legg ikkje skjul på at ho gjerne skulle sett at det fruktbare samarbeidet kunne halda fram.

–  Eg synest det er leitt at UiB av prinsipielle årsaker har funne at dei ikkje kan vidareføra forsking som fysisk skjer utanfor lokala til UiB. Forskingsrådet ønskjer denne type forsking, helseføretaka ønskjer der, og for så vidt òg universiteta. Eg trur nok insituttta vil koma etter etter kvart.

Prosjekt med 22 mill frå NFR
På Høyden skreiv om Audun Havnen, som er ferdig med dobbeltkompetanseløpet i psykologi fleire år før skjema. Kvale seier at det er fleire som han.

– Me har fleire som er i ferd med å fullføra med same progresjon, og me har òg studentar som har fått publisert artiklar i internasjonale tidsskrift.

No leiar professoren  prosjektet «New treatment strategies for difficult to treat anxiety patients: A randomized placebo controlled national study». Prosjektet fekk nyleg 22 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd. Her er målet å finna behandling til dei pasientane som anten har fått tilbakefall etter eksponeringsbehandlinga OCD-teama nyttar, eller som ikkje har ønska verknad av slik behandling. Noko av det som vert testa, er å kombinera medikament med psykologisk behandling. Med på laget er i tillegg til Helse Bergen fleire store sjukehus.

– Me veit at genetikk spelar ei rolle når det gjeld tvangslidingar. Fordi Noreg er i teten internasjonalt med tanke på at det er bygd opp spesialierte OCD-team, er me i ferd med å gå i gang med eit internasjonalt forskingsprosjekt der målet er å bygga opp den største biobanken i verda for OCD. Målet er at me etter kvart kan seia noko om kva det er med DNA hos desse pasientane som gjer at dei skil seg ut, seier Hansen.

– Dobbeltkompetanseløp tidleg
Ein burde tilby dobbeltkompetanseløp, slik mellom andre Audun Havnen er i ferd med å fullføra, allereie medan ein studerte, meiner Bjarne Hansen. Han seier at studentane som er med i OCD-teamet viser at dette er mogleg.

– Desse studentane får publisert, dei får opplæring, rettleiing og gode internasjonale kontaktar tidleg, supplerer Kvale.

– Her skal det understrekast at både fakultetet og Meltzer bidreg med stipend.

Ønskjer fellesprosjekt
Dekan Jarle Eid skriv i ein e-post til På Høyden at Det psykologiske fakultetet generelt ikkje kan kommentera grunnlaget for permisjonar.

– Men det er slik at behandlingsprosjekt som vert gjennomførte i regi av Helse Bergen og pasientar som får behandling der, skal vera kytt til ein forskar som har stilling i helseøfretaket og den pasientbehandlinga som skjer der.

– Kvifor er det Helse Bergen og ikkje UiB som er deltek i det store, internasjonale OCD-prosjektet?

OCD-prosjektet er eit stort klinisk prosjekt som er knytt sterkt opp mot pasientbehandling og som involverer mange av helseføretaka i Noreg. Det er ikkje unaturleg at Haukeland sit i førarsetet på denne typen program, seier Eid.

Han seier òg at fakultetet ønskjer både fellessøknader og fellesprosjekt med Helse Bergen. Hovudansvaret og kontrakt vil vanlegvis ligga der prosjektleiar har hovudstillinga si.

Eid seier at Det psykologiske fakultetet har samarbeidsavtalar med alle helseføretaka på Vestlandet og har hatt både forskingssamarbeid og felles finansiering av prosjekt i samarbeid med fleire føretak i Helse Vest.

– Doktorgrada til Audun Havnen er eit godt døme på dette. UiB har finansiert tre år av prosjektet og helseføretaket finansierer den kliniske utdanninga.

– Studentaktiv forsking viktig målsetjing
– Me ønskjer absolutt at studentar skal få publisera artiklar, studentaktiv forsking er ei viktig målsetjing for oss, seier Eid.

Han seier at fakultetet har mange døme på at interesserte studentar har vorte involvert i forskingsprosjekt i løpet av studietida. Dette har resultert i fleire publikasjonar, nokre der studentane har vore førsteforfattarar.

– Studentane på psykologprogrammet møter kliniske problemstillingar tidleg i studiet og har fleire strukturerte praksisperiodar i løpet av den seksårige utdanninga si, seier Eid.

Han seier vidare at OCD-prosjektet har vorte bygd opp over fleire år gjennom eit samarbeid mellom UiB og Helse Bergen, der fakultet og Institutt for klinisk psykologi har bidrege til å finansiera rettleiing, stipendiatar, postdoktorar og studentstipend.

– Det har vorte gitt mykje støtte frå fakultetet og instituttet gjennom mange år – og det er gledeleg å sjå at dette samarbeidet har gitt så gode resultat, seier Eid.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed