Internasjonal mingling skal gjere universiteta betre

Publisert:17. juni 2016Oppdatert:17. juni 2016, 12:38
Dei blei mange internasjonale erfaringar rikare i løpet av staff mobility week. Framom frå venstre: Anita Helen Spurkeland, Grete Birkenes, Petra Zavadilova, Brno University of Technology Central European Institute of Technology Czech Republic. Bak frå venstre: Stephanie Power, University of Kent, Beathe Moldestad, UiB, Paula Järvenpää, University of Tampere, Marta Miguel, University of Porto, Michael Bayer, Dresden University of applied sciences.

Utveksling av tilsette skal gå hand i hand med studentutveksling. Dei gode ideane flaut fritt då UiB arrangerte staff mobility week i mai.

– Eg har fått høyre om løysingar denne veka, som eg vil ta med meg heim, fortel Stephanie Power frå University of Kent.

Ho og 30 andre utanlandske universitetstilsette var veka før pinse i Bergen for å lære av kvarandre, og utveksle idear og erfaringar.

Ordninga er delfinansiert av EU gjennom Erasmusprogrammet, og ein finn tilsvarande «staff training weeks» ved mange universitet i heile Europa.

Felles skjebne
I Bergen samla dei utanlandske deltakarane og deira norske kollegaer seg kring felles spørsmål, som til dømes rekruttering.

– I Portugal tek det mellom 6 og 12 månader å rekruttere vitskapleg tilsette på grunn av nasjonal lovgiving. Skal vi klare det på kortare tid, så må lova endrast, forklarer Marta Miguel frå Universitetet i Porto.

Mens det i nokre land berre sit fagleg tilsette i tilsetjingskomiteane, er det andre stader studentar med når nye professorar skal tilsetjast. Det gir andre perspektiv.

– Vi må alltid hugse korfor vi er til, og at vi skal utdanne studentar, seier Stephanie Power.

– Og det er ikkje berre den intellektuelle kapasiteten som er viktig, men og at tilsette fungerer sosialt, supplerer Petra Zavadilova frå Brno i Tsjekkia.

Dei andre nikkar. Balansen mellom faglege omsyn og korleis tilsette fungerer som undervisarar kan vere ei utfordring alle stader.

Brukar nettverket etterpå
Førstekonsulent Grete Birkenes har ansvar for staff mobility week ved UiB.

– Vi organiserer det på den måten at vi går ut i organisasjonen før jul og spør kven som vil vere med. Vi baserer oss på at nokon tenner på tanken, og tar det opp med si avdeling. Vi har absolutt hatt flest grupper frå sentraladministrasjonen, fortel Birkenes, som sjølv jobbar på HR-avdelinga.

Arrangementet har både ei fagleg og ei sosial side, med møte på dagtid, og ekskursjonar og andre ikkje-faglege tilskipingar på ettermiddagen.

Og tilbakemeldingane UiB får frå deltakarane er svært gode:

– Det er hyggeleg at ein svært stor svarprosent seier at dei vil bruke nettverket dei har fått her både fagleg og sosialt. 78 prosent seier at dei vil bruke nettverket etterpå, fortel Birkenes. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed