Han får æra for fusjonen

Publisert:13. juni 2016Oppdatert:13. juni 2016, 06:10
Ole-Gunnar Søgnen er arkitekten bak Høgskulen på Vestlandet. Det utarta til jubel på HiB då det blei klart at HiSF gjekk inn for fusjon.

HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen jubla då fusjonen han er arkitekten bak blei ein realitet. Men han vil ikkje svare på om han vil vere kandidat til rektorjobben for den samla høgskulen.

– Dette er stas totalt sett, og vi er veldig fornøgde. Når du investerer så mykje tid og energi er det veldig kjekt å sjå at det går, seier Søgnen til På Høyden.

– Eg er veldig glad for dette, men ser det ikkje som ein personleg siger, her det mange som har bidratt, seier han.

HiB-styret følgde med stor spaning sendinga frå Sogndal i minutta før fusjonen blei vedtatt. Foto: Dag Hellesund

Langvarig ønskje ved HiB
Men han er klar på at dette har vore den løysinga han har sett på som mest framtidsretta.

– Heilt frå HiB-styret gjorde sitt vedtak om stor-høgskule på Vestlandet i september 2014 har eg vore veldig klar over at eg har ønska dette. Og Høgskulen i Bergen inviterte Stord/Haugesund, Volda og Sogn og Fjordane allereie i 2009.

Då var det rapporten til Stjernø-utvalget frå 2008 som låg bak, og denne rapporten var forløparen for strukturreformen som den noverande regjeringa er i ferd med å gjennomføre, med eit samla storting i ryggen.

– Tida har vist at anbefalingane frå Stjernø-utvalet har stått seg, meiner Søgnen.

Den gangen fekk HiB nei på frieriet sitt, som kom mens Eli Bergsvik var rektor.

– Alle dei tre svarte høfleg at tida ikkje var inne for fusjon, fortel Søgnen.

Universitet tek lengre tid
Men ut av denne prosessen kom universitetsambisjonen til HiB, som styret vedtok i 2010. Den gongen var det ein ambisjon med ti års perspektiv.

– No skriv vi i den ferske strategien at det bør skje innan 2025, og då har vi tatt inn over oss dei nye krava vi veit vil komme. På grunn av dei må vi utvide tidshorisonten med kanskje tre år. Mellom anna må to av fire doktorgradsprogram ha ein jamn produksjon av fem kandidatar i snitt over tre år.

Får ros av alle
På torsdag, då dei tre styra vedtok å fusjonere, var det fleire som skrytte av HiB-rektoren.

– Ole-Gunnar Søgnen fortener ros for å ha gjort mykje for å kome oss i møte, sa Jan Olav Fretland. Som medlem i HiSF-styret var det han som til slutt avgjorde at det blei ein stor Vestlandsfusjon, i staden for ein meir amputert høgskule mellom Bergen og Haugesund.

– Det er ikkje så lett å ta inn over seg sånn ros. Men eg set veldig pris på det, og det er ei tillitserklæring, seier Søgnen.

Gir ikkje rektor-svar
Han vil ikkje svare direkte på om han har ambisjonar om å bli rektor for den nye høgskulen, men trakk seg ut under handsaminga av spørsmålet, for å unngå å bli inhabil dersom han søkjer.

– Eg er rektor for HiB ut året. Deretter kjem ein ny fase for oss alle, med ein ny organisasjon. Eg har overhovudet ikkje bestemt om eg skal søkje, og har ikkje ofra så mange tankar på framtida. Men eg ser at det blir mange interessante oppgåver i den nye institusjonen framover, og håpar å kunne få jobbe med nokre av dei.

Han er med andre ord ikkje lei av fusjon enno. Men Søgnen held det og ope for å gå tilbake til ein fagleg jobb på ingeniørfag, der han har professorkompetanse innan forvaltning av bygg.

HiB-styret jubla over at sogningane blei med på fusjonen. Foto: Dag Hellesund

Frå Fjordane til Karmøy
Småbruket i Gaular som han eig saman med søsken, blir det aldri nokon leveveg av.

– Det er eit lite jordstykke som andre tek seg av no.

Kona er dessutan frå Karmøy, og dei er stadig innom Haugesund når dei er på hytta i sør.

Søgnen trur det har kan ha spelt ei rolle i fusjonsprosessen å ha ein god kjennskap til Vestlandet.

– Eg likar å tru at det har vore ein fordel. Eg trur eg forstår den skepsisen som har vore i Sogn og Fjordane, og kan setje meg inn i det. Og så har ein jo med seg kultur og språk og slikt, noko som kjem godt med.

Trur motstandarane vil vere lojale
Sjølv er han imponert over korleis miljøa har takla fusjonsforhandlingane.

– Eg var mellom anna imponert over debatten i styret i Sogn og Fjordane. Veldig mange har evna å få fram argument både for og mot. Ein del styremedlem uttrykte stor tvil. Det gjer det litt lettare å leve med eit vedtak med seks for og fem mot. Eg har og snakka med HiSF-styreleiar Trond Ueland, og det var overraskande at sjølv studentane ga han klem og blomar etterpå. Eg trur motstandarane no evnar å snu seg og jobbe for at ein skal få dette til.

Søgnen har òg merka seg at dei har klart å få Torbjørn Røe Isaksen til å slå over til nynorsk for å gratulere høgskulane med vegvalet. Og for første gong gjekk departementet offentleg ut med støtte til universitetsambisjonane til vestlendingane.

Statssekretær Bjørn Haugstad sendte og ein personleg epost for å gratulere.

Feira med is
Ein eventuell framtidig fusjon med Universitetet i Bergen er ikkje noko Søgnen tenkjer på for tida.

– No har vi hatt eit sterkt fokus på å lukkast med denne fusjonen, men vi skal heile tida ha eit nært samarbeid med UiB.

Felles helsecampus på Årstadvollen er eit av dei større samarbeidsprosjekta.

– Vi skal vere med på den smeltedigelen som skal komme der oppe.

Men det blir ikkje aktuelt å flytte til dømes sjukepleiarutdanninga, som nyleg er samla på Kronstad, opp til Årstadvollen.

Mesteparten av jobben ligg framom Høgskulen på Vestlandet, og kanskje var maten HiB valde å feire fusjonen med ikkje tilfeldig valt: Fredag fekk dei is i magen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed