Dag Rune Olsen tek attval

Publisert:2. juni 2016Oppdatert:3. juni 2016, 13:46
Dag Rune Olsen går for fire nye år. Foto: Ida Bergstrøm

Rektor Dag Rune Olsen stadfesta i dag at han stiller til val i 2017.

– Eg kjem til å stille til val, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.

I universitetsstyremøtet onsdag 2. juni blei det bestemt at UiB vil halde på styringsforma ein har i dag.

Dermed blir det ein ny periode med valt rektor og intern styreleiar ved UiB.

Endringar i Team Olsen
Våren 2017 blir det etter alle solemerker klart for nytt rektorval ved UiB.

Dag Rune Olsen vil stille som rektorkandidat, men kven har får med seg på laget er ikkje klart.

– Vi får kome tilbake til dette, seier Dag Rune Olsen.

Prorektor Anne Lise Fimreite er ikkje interessert i ein ny periode, etter det På Høyden kjenner til.

Viserektorar er i dag  Robert Bjerknes, viserektor for tverrfagleg verksemd, Tine Johannessen, viserektor for internasjonalisering og Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed