Snart seier alle bergenske barn «sjino» og «sjole»

Publisert:18. mai 2016Oppdatert:18. mai 2016, 06:00
Kva er dette? Ein kjole? Eller ein sjole? Det kjem an på kven du spør, men mange under 40 vil nok uttala plagget med tydeleg sj-lyd først. Foto: flickr.com/storebukkebruse

Insisterer du på at det heiter «KJIno», «KJøleskap» og «KJole»? Vel, du er truleg ein utdøyande rase.

Professor Helge Sandøy er ein av hovudredaktørane av det fire band store verket om norsk språkhistorie. Foto: Hilde Kristin Strand

I 1978 intervjua språkforskarar frå UiB bergenske skuleelevar som var 14 år. I to prosent av dei aktuelle orda hadde elevane bytta ut kj-lyden i ord som «kjøleskap» og «kjole» med sj-lyd. I 2010 vart neste generasjon undersøkt. Over 90 prosent av dei sa då til dømes «sjino». Dette var barn fødde i 1995.

– Lyden smitta frå Bergen til Stavanger og gjekk deretter i sprang vidare til byar sørover og austover.

Det seier Helge Sandøy, som er professor i nordisk språkvitskap og tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Eg trur at frå 2020 vil alle barn som vert fødd i Bergen ha bytta ut kj-lyden med «sj». Men det vil truleg ta 200 år før lyden har spreidd seg til heile landet. Og det er svært raskt til språkendring å vera.

Nokon fekk det ikkje til
Sandøy veit kva han snakkar om. Han er ein av to hovudredaktørar av det store verket Norsk språkhistorie. Det første bandet er no i handelen, det neste kjem etter planen før jul.

– Kva er det som skjer når ein lyd vert bytta ut med ein annan?

– Det er vanskeleg å skilja mellom «kj» og «sj». Det ser me på at få språk har begge lydane. Difor har det nok alltid vore nokre barn som har streva med desse lydane. Så starten på denne endringa er rett og slett at nokre ikkje har lært å uttala denne lyden sjølv når dei har vorte vaksne. Etter ei stund kjem den sosiale dimensjonen inn ved at samanfallet vert eit gruppesærmerke som fleire tøyer seg etter. Ei ungdomsgruppe er då ein effektiv formidlar, forklarar Sandøy.

Men kjem ein i framtida òg til å skriva «sjino»? Neppe i vår tid, trur språkprofessoren.

– Eg trur det er lenge til dette kan verta ein del av eit normert skriftspråk. Men det kan sjølvsagt vera nokon som gjer feil, seier han.

– Tenk på orda «sann» og «sand». I Noreg uttalar dei fleste desse orda likt. Men det ser ikkje ut til å vera eit problem i skriftspråket likevel.

Hell i uhell
Totalt 38 forskarar har skrive artiklar til verket Norsk språkhistorie, som er den første samanhengande, vitskapelege norske språkhistoria. Eit av banda er kronologisk, dei andre tek føre seg ulike tema. Men innanfor kvart tema har forskarane jobba kronologisk, heilt frå den urnordiske tida med runeskrift frå om lag år 200 e.Kr.

Eigentleg første planen skulle ein vore i mål no, siste band skulle vore ferdig i fjor. Det kjem no neste sommar.

– Det tek tid å få 38 personar til å gå i lag og ikkje minst å få alle til å gå over målstreken samstundes, smiler Sandøy.

I tillegg har redigerings- og forlagsarbeid teke lenger tid enn ein i utgangspunktet trudde.

– Alle artiklane er lesne av minst ein fagfellelesar. Då har me stort sett brukt kollegaer i utlandet. I tillegg har redaktørane lese alt grundig, og me har ønska at flest mogleg av medforfattarane i same bandet har lese det dei andre har skrive, seier Sandøy om verket som han reknar med kjem til å verta mykje brukt i undervisning på ulike nivå.

– Men samstundes har me lagt vekt på å skriva på ein måte som eit allment, språkinteressert publikum kan finna interessant.

Undervegs har det òg kome ut eit par andre bøker frå det store språkhistoriesamarbeidet, som ein slags bieffekt. Sandøy håpar òg at sjølve forskingstradisjonen kan ha vorte påverka. Det fanst nemleg få reine språkhistorikarar i Noreg då arbeidet med språkhistoria byrja.

– Eg trur fleire språkforskarar no tenkjer historie, òg når dei jobbar med andre problemstillingar, seier Sandøy.

Forskarane som har vore med i prosjektet, sju av dei frå UiB, har brukt si eiga forskingstid. Forskingsrådet ville nemleg ikkje rekna språkhistorieskriving som eit  forskingsstøtta prosjekt.

– No kan me seia at det kanskje var hell i uhellet. Dersom mange skulle grava seg ned i fleire år, er det slett ikkje sikkert at alle kom opp att. Og samordningsarbeidet ville vorte uendeleg mykje større, seier Sandøy.

Overflod
Då det første bandet var klart, skreiv Agnete Nesse, professor ved Høgskulen i Bergen og den andre hovudredaktøren, ein kronikk i BT om at grammatisk kjønn i norsk språk kan forsvinna.

– Grammatisk sett finst det ein del luksus i språket vårt som eigentleg er ganske unaudsynt, dersom ein ser på språket som noko som ein berre skal bruka til å kommunisera med. Den bergenske dialekten - prega av språkblanding - har berre to kjønn, og det kan tenkjast at dette kan skje andre stader òg, seier Sandøy.

– Kva med kasus? Ein har jo genitivsformer som «til fjells» og «til havs».

– Definitivt luksus. Mangt i språket representerer redundans, altså språkleg overflod. Ei viss overflod vil ein alltid ha, elles kan kommunikasjonen verta for vanskeleg. Men det finst døme på språk som greier seg godt utan kjønn på orda.

– Kven då?

– Engelsk. Og det går jo bra, humrar Sandøy.

Han legg til:

– På Vestjylland finst eit system der ein lar det som kan teljast, vera felles kjønnsord og det som ikkje kan teljast, inkjekjønnsord. Den som lever om to-tre hundre år, får sjå korleis det er gått i norsken.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed