Ser på foto av dei europeiske indianarane

Publisert:23. mai 2016Oppdatert:31. mai 2016, 10:34

Like lenge som ein har hatt fotografi, har samane vorte fotograferte. Kunsthistorieforskarane Sigrid Lien og Hilde Wallem Nielssen ser på korleis Europa sine indianarar vert framstilte.

Hilde Wallem Nielssen og Sigrid Lien forskar på samiske foto. Foto: Hilde Kristin Strand

I samband med eit stort europeisk forskingsprosjekt om fotografi, meseum og kolonialisme oppdaga kunsthistorieprofessor Sigrid Lien og forskar Hilde Wallem Nielssen at det finst mange samlingar av samisk fotografi både i norske og utanlandske museum og arkiv. Denne samiske fotografiske arven har endå ikkje vore forska på.

Dette vart opptakten til prosjektet «Negotiating History: Photography in Sámi Culture», som er støtta av Noregs Forskingsråd. Saman med stipendiat Kjellaug Isaksen frå Senter for nordlige folk kartlegg og undersøkjer UiB-forskarane både fortidig og notidig bruk av desse bileta.

–Kven var det som tok bilete av samane?

– Stort sett folk utanfrå, seier Lien.

– Etnografar, misjonærar, turistar, eventyrarar, lærarar og andre representantar frå øvrigheita. Me har til og med funne bilete tekne av tyske etterretningsagentar som farta rundt med kamera i samiske område i mellomkrigstida. Nordområda og folket der hadde ei eksotisk tiltrekkingskraft på folk i heile Europa. Samane vart sett på som Europa sine indianarar, og det samiske vart brukt som eit lerret ein kunne skriva sine eigne draumar inn i.

Nielssen seier at mellom anna franskmenn, engelskmenn og tyskarar drog på ekspedisjonar til sameland. Enkelte prøvde å setja seg inn i lokalt levevis. Dei lærte seg joik, kledde seg som samar og lærte det samiske språket.

Stort spekter
Bileta varierer i sjanger og motiv: Antropometriske studium grunna raseforsking, etnografiske skildringar av kvardagsliv og ekspedisjonsfotografi, postkort, turistbilete og etter kvart foto tekne av samane sjølve.

Men faktisk var nokre interesserte i det eksotiske folkeslaget i nord òg i før-fotografisk tid. Den franske kongen Louis Phillipe reiste inkognito til Finnmark etter den franske revolusjonen. Dei to kunsthistorieforskarane jobbar no med ei bok der dei set fotografia i samanheng med den prefotografiske biletkulturen knytt til områda i nord, mellom anna maleri av Louis Phillipe.

Forskarane er opptekne av korleis den samiske visuelle arven fekk nedslag innanfor den norske majoritetskulturen. I 1881 kom til dømes boka “Lajla”, skrive av Jens Andreas Friis. Han var språkforskar og er rekna som ein av grunnleggjarane av samisk språkvitskap. Frå 1866 var Friis professor i lappisk og kvensk ved dåverande Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania.

Boka skildrar Laila, som kom vekk frå dei biologiske foreldra  og vaks opp hos ein samisk familie. Boka vart filmatisert som stumfilm i 1929, og fleire generasjonar vart gjort kjende med historia gjennom Nordahl Rolfsens lesebok. Det vart òg laga Laila-postkort og -fotografi.

Kva synest samane?
Noko av det forskargruppa i prosjektet òg ser nærare på, er korleis samane sjølve ser på og nyttar fotografia i dag. 

– Den visuelle arven er i stor grad prega av eit blikk utanfrå. Arven representerer likevel viktig historisk dokumentasjon og har vore formande for førestellingar av det samiske. Difor vert fotografia i vår tid òg reforhandla og gitt ny meining av samar sjølve. Deu tek no i bruk denne visuelle arven på eigne premiss, seier Nielssen.

Dette ser ein mellom anna i den samiske samtidskunsten, der ein mellom anna problematiserer stereotypiane, som til dømes postkortsamen på vidda med reinsdyr.

Ein av samtidskunstnarane som har teke moderne fotografi av det samiske folket, er Bente Geving. Ho har mellom anna fotografert dei tre eldre kvinnene Anna, Inga og Ellen. Ellen var Geving si bestemor. Dei tre kvinnene var av sjøsameslekt frå Kirkenes, og var dei siste i sin familie som snakka samisk. Barna deira måtte læra seg norsk, skriv Geving på heimesida si.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed