Meiner musea viser fram glansbilete

Publisert:10. mai 2016Oppdatert:10. mai 2016, 09:37
Hilde Wallem Nielssen og Sigrid Lien har skrive bok der dei les utstillingane i fleire norske museum, mellom anna Sjøfartsmuseet i Bergen. Planen er at boka mellom anna kan verta brukt som lærebok. Foto: Hilde Kristin Strand

Kva forteljing er det eigentleg dei norske musea fortel? Eit glansbilete, meiner to kunsthistorieforskarar, som no har gitt ut bok om å lesa museumsutstillingar.

Båtar, båtfragment, båtbilete. Marin arkeologi, båtbyggeri. Dette finn ein mykje av på Sjøfartsmuseet i Bergen. Men kva finn ein ikkje?

– Ein ser til dømes eit fråver av historia om transatlantisk slavehandel, der Danmark-Noreg var engasjerte, seier Sigrid Lien.

Ho er professor i kunsthistorie ved UiB og har nyleg skrive boka «Museumsforteljingar. Vi og dei andre i kulturhistoriske museum» saman med UiB-forskar Hilde Wallem Nielssen.

Internasjonalt 
Lien seier at det er gjort få forsøk på å etablera forståingskontekstar i form av tekstar til dei mange utstilte objekta.Der det finst slike tekstlege referansar – til dømes der opphevinga av den britiske navigasjonsakta er nemnd som ein føresetnad for gullalderen i norsk skipsfart på 1800-talet – er den breie økonomiske ramma for denne oppgangstida underkommunisert. Utstillingane fortel ikkje noko om føresetnadene for gullalderen: Internasjonal kolonial handel, krig og bruk av norske sjøfolk som billig arbeidskraft. Det som slik ikkje vart tematisert, er spørsmåla om kor norske skip segla på verdshava, kva last dei hadde, og kva rolle Noreg som sjøfartsland spelte og framleis spelar i den internasjonale økonomien.

Sjøfartsmuseet er berre eitt av fleire museum dei to kunsthistorieforskarane har sett nærare på. Utgangspunktet for boka er at dei deltok i eit prosjekt finansiert gjennom Hera (Humanities in the European Research Area) som undersøkte korleis europeiske museum handterer den visuelle arven frå kolonitida.

– Me oppdaga raskt at dersom me skulle seia noko om det visuelle, altså fotografia, måtte me òg sjå på utstillingane, seier Lien.

Men sidan lite er skrive om å «lesa» slike utstillingar som kulturelle konstruksjonar, blei det også ei bok – den første i sitt slag – om å analysera museumsutstillingar.

Barn av nasjonalismen og imperialismen
I boka analyserer forskarane ei lang rekkje sentrale norske museumsforteljingar. Blant anna ser dei på representasjonen av den no tjue år gamle framstillinga av norsk historie ved Maihaugen på Lillehammer, historia om utvandring ved Migrasjonsmuseet på Hamar, misjonshistoria ved Misjonsmuseet i Stavanger, representasjonen av dei andre ved Kulturhistorisk museum i Oslo og korleis det samiske folket representerer si eiga historie ved det samiske museet i Karasjok.

Forskarane sitt utgangspunkt var følgjande: Korleis snakkar me om oss sjølve på norske museum? Og korleis snakkar me om dei andre?

– Musea er barn av både nasjonalismen og av imperialismen, seier Nielssen.

Ho seier at dei to forskarane har sett på både kva historie musea fortel og korleis historia vert fortalt.

– Men det er òg viktig å seia noko om kvifor historia vert fortalt på akkurat denne måten. Då handlar det om mellom anna institusjonshistorie, politisk historie og kulturhistorie.

Kva ville ein samla?
I Bergen vart Bergens museum skipa i 1825. Den eldste delen av dagens museumsbygg er frå 1865. I Oslo opna Etnografisk museum dørene for publikum i 1957. Der var det ein førespurnad frå England som starta det heile. Kunne Oslo-miljøet skaffa samiske gjenstandar, i byte mot noko anna? I boka skildrar forskarane at etnografiske museum spring ut frå ein global imperialismekultur knytt til kolonitida.

– Viser musea fram eit glansbilete?

– Ja, seier dei to UiB-forskarane.

Nielssen utdjupar:

– Det handlar mellom anna om kva gjenstandar ein viser fram og kva gjenstandar ein har ønska å samla inn. Den materielle kulturarven har ein så sterk posisjon i musea at viktige sider av den maritime historia ganske enkelt blir utelatne på grunn av mangel på høveleg gjenstandsmateriale. Det gjeld til dømes historia om den dansk-norske deltakinga i den transatlantiske slavehandelen frå midten av 1600-talet og dermed også deltakinga i den koloniale økonomien – der bergensaren Jørgen Thormøhlen var ein sentral aktør.

I boka skildrar dei eit måleri som heng i ein privat heim i Oslo. Biletet viser to kvite menn – og ei kvinne med mørk hud og svart hår.

– Dette måleriet skal stamma frå ein bergensfamilie. Ein rik kjøpmann sendte sønene sine ut i verda. Ein av dei kom attende med ei mørk kvinne. Beskjeden var klar: Han måtte senda henne attende dit ho kom frå, fortel Lien.

Ein organisme under isbreen
– Det er også museum som baserer formidlinga på gjenstandslause scenografiske tablå, seier Lien, og viser til utstillinga av norsk historie på Lillehammer. Der vert nasjonen Noreg skildra som ein organisme som nærast ligg og vakar under isbreen og ventar på å verta fødd. Denne organismen gjennomgår eit livsløp som tar til heilt tilbake i istida, og som blir følgt fram til vår eiga tid, der jakta på stat og identitet endeleg blir fullført. Som noko naturgitt er nasjonen der heile tida, som den viktige hovudpersonen i forteljinga.

Nielssen seier at noko av problemet er at musea ikkje har eit bevisst nok forhold til kva ein seier gjennom utstillingane. Det er ikkje alltid lett å få gjenstandane og formspråket ein vel til å fortelja det same.

– Musea er i dag i en viktig endringsprosess, og må redefinera si eiga rolle. Og dersom dei skal laga noko nytt må dei reflektera over kva dei gjer og kva dei har gjort, seier Nielssen.

– Korleis kan ein til dømes relevantgjera musea sine forteljingar for eit samfunn i endring? Og korleis kan ein snakka om norsk historie til eit multikulturelt publikum?

Vellukka på Universitetsmuseet
Forskarane peikar på at fagfeltet museologi er i endring, og heng saman med postkolonial kritikk. Dei seier at fordi museumsutstillingar er viktige ytringar i det offentlege rommet, er det naudsynt å reflektera kring dei som kulturelle konstruksjonar. Men samstundes er dei opptekne av at museumsutstillingar òg informerer, fascinerer og kan underhalda. I boka peikar dei på noko dei meiner er eit vellukka døme på ei nyare utstilling: «Kolonitid» frå Universitetsmuseet i Bergen i 2009.

– Dette var ei forskingsbasert utstilling som viste nordmenn som ein del av kolonimakta. Her brukte museet dei gjenstandane dei allereie hadde til å fortelja ei ny historie. Utstillinga sa òg noko om korleis gjenstandane kom til museet, og forskarane sin rolle var tydeleg, seier Lien.

– Boka heiter «Vi og dei andre». Men det høyrest ut som om det er mest «vi» på norske museum?

– Når ein fortel om dei andre, så seier det òg mykje om oss sjølve og kva me tenkjer om dei. Men det er òg ein viktig funksjon for musea å snakka om vår eigen identitet, seier Nielssen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed