Kasta ut frå elite-program

Publisert:11. mai 2016Oppdatert:11. mai 2016, 13:42
Den profilerte matematikkprofessoren Jan Martin Nordbotten har dratt på jordomsegling med full løn frå Universitetet i Bergen. VISTA-programmet, som han hadde stipend frå, blei ikkje informert, og valde å kaste Nordbotten ut av programmet mens han var på segltur.

Jan Martin Nordbotten blei kasta ut av det prestisjefulle VISTA-programmet då styret fann ut at han var på jordomsegling.

UiB-professor Jan Martin Nordbotten tok med seg VISTA-professoratet på jordomsegling.
– Misleghald, meinte VISTA-styret, og sa opp avtalen med Nordbotten. 
 
Den eksponerte UiB-professoren i matematikk tok doktorgraden som 22-åring, blei professor som 27-åring, og har blitt løfta fram som ein av UiB sine unge einarar. Han har vunne Meltzer-prisen for unge forskarar, og har vore medprogramleiar i NRK-serien «Norges Smarteste». I 2013 vart det høgthengande VISTA-professoratet tildelt Jan Martin Nordbotten. VISTA-programmet er finansiert av Statoil, og blir administrert av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Professoratet inneber at den som får det blir frikjøpt frå å undervise, og kan bruke all tida si på forsking. Nordbotten har ikkje hatt ordinær forskingstermin det siste året. 
 
Gjort oppmerksom på jordomsegling
I september i fjor søkte Jan Martin Nordbotten om at VISTA-professoratet skulle forlengast frå 2016-2018. I søknaden viser Nordbotten til at han ønskjer å forske vidare på numeriske metodar for flyt og deformasjon i porøse medium. Instituttleiar Sigmund Selberg ved Matematisk institutt stilte seg bak søknaden. Det same gjorde fakultetet, ved dekan Helge Dahle og fakultetsdirektør Elisabeth Muller Lysebo. UiB ba og om at Nordbotten skulle få lønsauke, frå lønstrinn 80 til 84. Dekan Dahle kjem frå same forskingsgruppe som Nordbotten, og har vore rettleiar for han. 
 
Men VISTA-styret sa stopp. 
I eit brev datert 15. september skriv dåverande preses Kirsti Strøm Bull at <<Det norske Videnskaps-akademi og VISTA-styret er blitt gjort oppmerksom på at VISTA-professor Jan Martin Nordbotten er på jordomseiling. Denne informasjonen har ikke kommet fra Universitetet i Bergen (UiB) som forvalter arbeidsgiveransvaret for VISTA-professoren eller Nordbotten direkte. Akademiet finner dette underlig. Vi ser ikke at jordomseiling i utgangspunktet er forenelig med å ivareta sine plikter som VISTA-professor og ønsker en redegjørelse fra dere om dette>>. 
 
På Høyden kjenner ikkje til korleis VISTA-styret har fått høyre om jordomseglinga. Men kjærasten til Nordbotten, Cecilie Evjen, var tidlegare VISTA-koordinator med ansvar for mellom anna Nordbotten sitt prosjekt. 

Det gjekk ei grense for kva VISTA skulle finanisere

Jordomsegling gjekk for langt
Generelt er VISTA-styret nøgd med innsatsen til Nordbotten.
 
– Vi har heile tida vore klare på at han leverer veldig god vitskap, og han har oppfylt dei planane han hadde i forkant, fortel noverande preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, Ole M. Sejersted. Han er professor i medisin ved UiO, og medlem i VISTA-styret.
 
– Bekymringa til VISTA-styret var at han ved ein slik tur ikkje var i Bergen. Vi ønskjer at han skal bidra med miljøbygging der. Men vi blandar oss ikkje opp i at Universitetet i Bergen som arbeidsgivar har latt han dra på jordomsegling. Vi ser at det å etablere gode kontaktar i utlandet kan vere fint fagleg sett. Men her syntes vi det gjekk ei grense for kva VISTA skulle finanisere, seier Sejersted. 
 
– Synest du at UiB har gått for langt ved å gi han lov til å dra på ein slik tur?
– For å setje det litt på spissen: Det kjem an på kor mange professorar dei ønsker å ha på jordomsegling med full løn, seier Sejersted. 
Saka er unik i VISTA-samanheng. 
– Vi har aldri hatt eit liknande tilfelle. Dette er ein lærdom vi må ta i høve til framtidige avtalar. Men eg er litt ulukkeleg over saka, eg kan ikkje seie noko anna. Og eg håper at Nordbotten vil bidra til akademisk arbeid i Noreg. Han er absolutt eit talent. 
 

Vi har tillit til den enkelte vitskapleg tilsette si dømmekraft

 
Jarl Giske: Nordbotten burde informert grundigare
– Han skulle kanskje ha informert oss grundigare. Men vi har ikkje noko apparat for å avkreve folk info om reiser, reisemåte, arbeidsstad og tidsbruk. Vi ber heller ikkje om å sjå kor godt folk er forsikra. Vi har tillit til den enkelte vitskapleg tilsette si dømmekraft.

Dette seier prodekan Jarl Giske ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Han understrekar at  Nordbotten sitt internasjonale nettverk gjev ei kvalitetsheving for Matematisk institutt.

– Nordbotten har gjort nettopp det vi oppmodar folk til å gjere: Å reise ut for å skaffe seg internasjonalt nettverk. Fagmiljøa han har kome i kontakt med ved  anerkjente institusjonar i utlandet gir ei kvalitetsheving til hans institutt. Dette er noko som gir langsiktig gevinst, seier Jarl Giske.

Visste ikkje om reisa
Han viser til at VISTA-styret kritiserte Nordbotten for å ha vore vekke frå nettverket i Bergen.

– Nordbotten er eit av våre beste kort. Når alt kjem til alt, er han av stor verdi både for fakultetet og UiB. Vi kan ikkje sjå at Nordbotten har gjort noko som er strid mot det vi ventar av ein professor i matematikk, seier prodekan Jarl Giske.

– I eit brev sendt til Det Norske Videnskaps-Akademi står det at  «UiB er av den oppfatning at Nordbotten sin planlagte seilingsaktivitet fremover ikke er forenlig verken med hans arbeidsavtale med UiB eller avtalen UiB har med DNVA om VISTA-professorat. Etter at omfanget av hans seilingsaktivitet ble kjent for UiB, har vi derfor ønsket å komme i dialog med DNVA for sammen å finne frem til en akseptabel løsning, i første omgang frem til avtalens utløp neste år.» Var ikkje fakultetet klar over kor langt Nordbotten skulle segle og kor lenge han skulle vere vekke?

– Nei. Men fakultetet veit heller ikkje alle ting som samtlege tilsette gjer. I praksis oppdagar vi ikkje reisemåten til folk før dei leverer reiserekning etterpå. Vi visste at Jan Martin Nordbotten har flytta seg mellom byar der han hatt forskingsopphald. Og vi visste at han har budd i båten sin. Men akkurat kor mykje han var ute og reiste, det visste vi ikkje.

– Etter tonen i breva å døme, hadde VISTA-styret tidleg i dialogen med UiB bestemt seg for å terminere avtalen. Seglinga til Nordbotten har skapt sterke reaksjonar i VISTA-styret?

– Ja. Eg meiner saka kunne vore løyst på ein ordentleg og meir danna måte. Eg ser på denne saka som ein blanding for lite kommunikasjon og for mykje fornærmelse, seier Giske.

Akkurat kor mykje han var ute og reiste, det visste vi ikkje

Avviser at Nordbotten har fått særbehandling
– Er jordomsegling forenelig med å utføre pliktene ein har som UiB-professor?

– Nordbotten har ikkje vore på jordomsegling. Han har segla mellom større byar der han har vore på forskingsopphald.

– I søknaden til Polarinstituttet omtalar Nordbotten turen til Antarktis som ein del av ein jordomsegling?

– Ettersom VISTA terminerte kontrakten, gjennomførte han ikkje jordomseglinga.

Verken instituttleiar Sigmund Selberg eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo ønskjer å kommentera saka i På Høyden.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed