– Vi går ikkje rundt og lograr med halen for ei næring

Publisert:1. april 2016Oppdatert:1. april 2016, 14:32
Bjarte Bogstad, lokallagsleiar i Forskarforbundet ved Havforskingsinstituttet (HI) er klar på at hans kollegaer ikkje kan påleggast å levere modellar som viser at det er forsvarleg å nå gitte politiske mål. Han vil ta fiskeriminsteren sitt innspel vidare hos Forskarforbundet. Foto: Dag Hellesund og IMR.no

Sjømatnæringa er uroa for at forskingsrapportar frå Havforskingsinstituttet (HI) kan skade næringa. Fagforeningsleiar Bjarte Bogstad vil ikkje la politiske oppmodingar true forskarane sin integritet.

– Vi synes det er håplaust å pålegge oss å vere næringsvennlege. Vi skal ikkje ha den typen mandat, seier Bjarte Bogstad, lokallagsleiar for Forskarforbundet ved Havforskingsinstituttet (HI) til På Høyden.

Han fortel at utsegna frå fiskeriminister Per Sandberg om å vere eit «næringsvennlig institutt», har blitt diskutert blant dei tilsette i dag.

Råd basert på vår forsking har ofte effektar på meir enn éi næring. Kva næring skulle vi i så fall vere mest positive til?

Sandberg vil finne ut om forskinga skadar næringa
Det var BT som først omtalte saka. Avisa skriv at fiskeriminister Per Sandberg torsdag ettermiddag hadde møte med leiinga ved Havforskingsinstituttet og Norske Sjømatsbedrifters Landsforening (NSL).

I eit intervju med BT seier Per Sandberg at «Jeg har tillit til alle forskningsinstitusjonen våre. Men samtidig er jeg minister for næringen, og min oppgave er å legge til grunn for at næringen har det best mulige grunnlaget å vokse fra. Tar jeg ikke på alvor den bekymringen som kommer fra næringen, gjør jeg ikke jobben min».

BT skriv at bakgrunnen for møtet var ei uromelding som ministeren har fått frå sjømatforeninga. Foreninga har kritisert ein forskingsrapport gjort av HI som handlar om forskning på villaks i Guddalselva og Etneelva i Hordaland. NSL har den siste tida offentleg kritisert forskinga.

No vil Per Sandberg finne ut om denne eller andre rapportar frå HI gjer at politikken som vert utforma er negativ for næringa.

«Rolleforståing»
Bjarte Bogstad er klar på at Havforskingsinstiuttet ikkje kan påleggast å levere modellar som viser at det er forsvarleg å nå politiske mål.

– Vi skal ikkje vere kritiske til næringa for ein kvar pris. Men vi går ikkje rundt og lograr med halen for ei næring, seier Bjarte Bogstad.

Han meiner dette handlar om rolleforståing.

– Vi er eit rådgjevande, statleg institutt, eigd av Nærings- og fiskeridepartementet. Kva vi skal forske på er i betydeleg grad politisk bestemt. Men vi skal ha integritet på den forskinga vi produserer.  Den skal vere etterprøvbar, seier Bjarte Bogstad.

Han legg til:
– Råd basert på vår forsking har ofte effektar på meir enn éi næring. Kva næring skulle vi i så fall vere mest positive til?

Høyres fjernt ut
Kan forskarar instruerast til å ha ei positiv grunnhaldning til ei gitt næring?
– Her på universitetet høyres det nokså fjern ut for meg, seier Frank Nilsen.

Han er professor ved Institutt for biologi, og er leiar for Lakselussenteret, som er eit Senter for forskingsbasert innovasjon.

Lakselussenteret har ikkje fått ei oppmoding frå fiskeriminister Per Sandberg om å vere «næringsvennlig».

– Lakselussenteret har eit styre som godkjenner planane våre. Ingen andre. Det er ganske klart nedfelt i både konsortieavtalen vår og kontrakten med Forskingsrådet. Her står det klart kven det er som bestemmer seier Frank Nilsen.

I samspelet mellom miljø og oppdrett kan det dukke opp resultat som er problematiske for næringa

Må tole upopulære forskingsresultat
– Eg trur at mykje forsking blir gjort er til nytte for næringa både på lakselus og fiskehelse. Det betyr ikkje at alt vil vere like populært.  I samspelet mellom miljø og oppdrett kan det dukke opp resultat som er problematiske for næringa. Det betyr ikkje at vi som forskarar har noko imot næringa, seier Frank Nilsen.

Han legg til at resultat som ser ut til å vere negative på kort sikt, på lang sikt kan vise seg å vere positive for næringa.

Lakselussenteret har fleire industripartnarar. Dei har  ikkje vetorett på kva resultat Frank Nilsen og kollegaene skal publisere, opplyser han.

 Dette er også regulert i konsortieavtalen alle partnarane har signert.

– Dei er klare over at det kan dukke opp resultat som ikkje er like populære hos alle. Det er nettopp difor det er viktig at forskinga er uavhengig, seier Frank Nilsen.

Audun Lysbakken krev svar frå regjeringa
Fredag har saka fått politiske etterspel. Audun Lysbakken (SV) seier til BT at «Dette smaker av en skandaløs holdning til forskning. Jeg hadde ikke vært overrasket hvis det kom fra en russisk fiskeriminister, men det er ikke til å tro at en norsk statsråd sier dette.»

Han har sendt skriftlege spørsmål til fiskeriminister Per Sandberg samt til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen der han blir spurt om han verkeleg krev ei haldningsendring blant forskarane. Kunnskapsministeren blir spurt om dette er regjeringa sin politikk på feltet.

UiO-rektor ber fiskeriminister om forklaring
Ole Petter Ottersen har fredag blogga om saka. Han ber fiskeriministeren om ei forklaring på korleis utsegna harmonerer med dei etiske retningslinjene for statstenesten.

Her står det at «For ansatte ved universiteter, høyskoler og forskningsinstitusjoner regnes det som en del av deres arbeidsoppgaver å bidra til samfunnsdebatten, komme med sakkyndige uttalelser osv. Selv om ansatte også ved disse institusjonene har en lojalitetsplikt, er det en del av deres arbeidsoppgaver å bidra til kritisk debatt. De ansatte har dessuten, i kraft av sin stilling, forsknings- og formidlingsplikt, og har dermed rett og plikt til å gjøre forskningsresultatene kjent, også dersom de strider mot vedtatt politikk

Vidare skriv UiO-rektoren at «Det er et ufravikelig krav at forskning må være uavhengig i den forstand at konklusjonene ikke skal påvirkes eller sensureres av oppdragsgivere eller myndigheter. Tilliten til forskningen er uløselig knyttet til dens uavhengighet. Viktige politiske beslutninger fattes på grunnlag av forskning og da er det avgjørende at det ikke kan sås tvil om konklusjonene. Det dreier seg faktisk om et viktig prinsipp for et fungerende demokrati.»

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (@konservativ) har fått spørsmål om saka på Twitter. Han skriv at «Forskning må være faglig uavhengig for å ha verdi. Så enkelt.»

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed