Ulovleg innkjøp får ingen konsekvensar

Publisert:27. april 2016Oppdatert:27. april 2016, 06:00
Kjell Inge Arnevig har vore dagleg leiar for Innovest dei tre siste åra. Før han var Arne Godal leiar i meir enn 15 år. Men konsulentoppdraget har aldri vore på anbod, slik lova krev.

Toppbyråkratane kjøpte inn tenester ulovleg for over 15 millionar kroner. Men lovbrotet får ingen konsekvensar, då Klagenemnda for offentlege anskaffingar (Kofa) ikkje kan gi bøter for tida.

Helse Bergen-toppane Stener Kvinnsland, Eivind Hansen og Trond Søreide og UiB-direktør Kjell Bernstrøm har vore ansvarlege for å bryte lova ved å unnlate å ha konsulentoppdraget som dagleg leiar i Innovest AS ute på anbod.

Aksjeselskapet er heileigd av det offentlege, og anbod over 100 000 kroner skal bli tildelt etter anbod. Saka går heilt tilbake til 1996, då den første daglege leiaren blei tilsett i det som skulle bli Innovest.

Tilsvarande sak ga halv million i bot
Etter å ha fått pålegg frå sine eigne eigarar sa styret i Innovest i 2013 opp avtalen med den dåverande direktøren, Arne Godal. Men då styret skulle skaffe ein ny dagleg leiar braut dei igjen lova, og tilsette Kjell Inge Arnevig utan anbodskonkurranse.

Då Helse Stavanger på same måte tilsette ein dagleg leiar utan anbod fekk dei ei bot på 500 000 kroner av Kofa.

Men Innovest slepp truleg heilt unna bot: Kofa mista i 2012 retten til det meste. Dei kunne ikkje lengre gi bøter til offentlege organisasjonar som braut regelen om kunngjering av anbod. Denne makta blei overført til domstolane.

– I løpet av dei fire og eit halvt åra frå 2007 til 2012 ga vi gebyr for over 100 millionar kroner, fortel Anneline Vingsgård, som er direktør i Kofa.

Ho kjenner berre til nokre få saker som gjelder ulovlege direkte anskaffingar etter 2012, og som har blitt brakt inn for retten.  

Ingen har interesse av å reise sak
På same tid som bøtene forsvann blei det og ti gongar dyrare å klage på innkjøp til Kofa: Gebyret på 860 kroner gikk opp til 8000. I tillegg kan det komme hundretusenvis i sakskostander om ei sak går til retten.

I Innovest-saka, der det ikkje blei gjennomført noko anbod i det heile tatt, finst det heller ikkje konkurrentar som har tapt i konkurransen, og difor ingen som har interesse av å bringe saka inn for retten. Dermed er faren for å få bot mest teoretisk.

Klagefristen for feil i anbodskonkurransar er seks månader etter at kontrakt er inngått. For ulovlege direkteanskaffingar er fristen to år etter at kontrakten er signert. Dermed kan ikkje saker som er eldre enn 2014 klagast inn.

Får tilbake retten til å gi bøter
Men ei endring er på gang: Nærings- og fiskeridepartementet har hatt ei endring av regelverket ute på høyring. I dei nye reglane får Kofa igjen høve til å gi bot, men det vil berre gjelde for kontrakter som er inngått etter at dei nye reglane tredde i kraft. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed