Toppbyråkratar kjøpte tenester ulovleg for 15 millionar kroner

Publisert:18. april 2016Oppdatert:18. april 2016, 18:46
Kjell Bernstrøm, Stener Kvinnsland og Eivind Hansen har alle vore med på å bryte lova om offentlege innkjøp. Kvinnsland er tidlegare administrerande direktør i Helse Bergen. Eivind Hansen har tatt over jobben hans, mens Bernstrøm har blitt universitetsdirektør. Foto: Ingvild Festervoll Melien, Helse Bergen og Dag Hellesund

Skandalene rundt Innovest AS er ikkje over. Leiande byråkratar i Helse Bergen og på UiB har i ei årrekkje kjøpt inn tenester utan anbod.

Toppbyråkratar frå Universitetet i Bergen og Helse Bergen har heilt frå starten i 1996 leigd inn dagleg leiar til å drive skandaleselskapet Innovest AS. Konsulentoppdraget har aldri vore ute på anbod, noko det har vore krav til i alle fall sidan 2001. Berre sidan 2003 har Innovest brukt meir enn 15 millionar kroner på «management for hire».

– Fanga inn uansett
Bruken av innleigd dagleg leiar verkar som eit direkte innkjøp utan anbod, meiner Tore Lunde, som er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Heller ingen av dei andre juristane innanfor feltet som På Høyden har vore i kontakt med er i tvil om at dette er eit direkteinnkjøp, som altså er ulovleg.

– Dette er innkjøp av tenester, i og med at dette ikkje er eit arbeidsforhold, seier Lunde til På Høyden.

Han er open for at dei involverte kan ha oversett plikta til å ha offentlege anbod på grunn av den delte og indirekte eigarskapen i Innovest.

– Det kan vere at dei har tenkt i den retninga, men det er ikkje riktig. Dei blir fanga av innkjøpsregelverket uansett, meiner Lunde.

Sjølv om det er eit lite høve til unntak på grunn av hastverk, kan dette ikkje gjelde i ei sak der kontrakten har blitt fornya fleire gonger.

– Hastverksargumentet har vist seg å vere eit ganske snevert unntak, seier Lunde.

Skulle rydde opp
7. juli 2013 blei økonomi- og finansdirektør Eivind Hansen introdusert som ryddegut etter tvilsam pengebruk i Innovest AS. Under tittelen «Forskere hevet dobbelt lønn» slo Hansen i Bergens Tidende fast at «Det har vært dårlig kontroll med hva pengene har gått til».

Saman med dåverande økonomidirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen hadde Hansen trett inn i styret til Innovest, og saman med ein ekstern prosjektleiar frå Deloitte skulle dei rydde opp. Avtalane som var inngått med hundrevis av universitets- og sjukehustilsette sikra ikkje god kontroll med om tilsette fekk dobbel betaling. Systemet opna òg for at pengane kunne styrast av kvar einskild forskar, mens Innovest-eigarane UiB og Helse Bergen meinte at dei skulle ha råderett over forskingsmidlane.

Direktør fekk skulda
Ryddeprosessen har særleg retta seg mot dei tilsette i helsesektoren som òg blei hyrt inn til å gjere arbeid for Innovest i samband med legemiddelutprøving. Skulda for den dårlege styringa blei i stor grad lagt på skuldrane til Arne Godal, som hadde vore dagleg leiar frå starten i 1996. Avtalen med Godal blei sagt opp i februar 2013.

Men dei største tapa i Innovest har så langt vore knytte til risikoinvesteringar, som styret har hatt ansvaret for. Eigarane har vore nøydde til å overføre 15 millionar kroner til Innovest, i hovudsak på grunn av mislukka risikoinvesteringar. Oppryddinga hadde allereie i 2014 kosta fire millionar kroner.

Dagleg leiar ulovleg innleigd
Eigarane har så langt tapt i retten med påstandar om at forskarane har tatt ut pengar ulovleg.

Men sjølv om Hansen og Bernstrøm skulle rydde opp i Innovest, oversåg dei eit vesentleg lovbrot: Heilt sidan byrjinga har dagleg leiar vore innleigd som konsulent, utan at kontrakten nokon gong har vore på offentleg anbod.

Dei to har dessutan vidareført den ulovlege praksisen ved å leige inn Kjell Inge Arnevig som ny dagleg leiar etter Arne Godal. Arnevig kostar 1625 kroner timen, og i 2014 blei det utbetalt over 2,2 millionar kroner for tenestene hans.

– Historie snart?
Stener Kvinnsland var styreleiar i Innovest i ei årrekkje, men trekte seg like før den dårlege styringa av selskapet blei offentleg kjent. No er han pensjonist, men jobbar mellom anna i ei deltidsstilling som professor ved UiB. Han gir utttrykk for at han synest På Høyden har skrive meir enn nok saker om Innovest. Fleire av dei har vore kritiske til Stener Kvinnslands rolle som mangeårige styreleiar i selskapet.

– Er ikkje dette historie snart? Eg vil oppmode deg til å bruke tida di på betre ting. Eg forstår ikkje dine prioriteringar, seier Kvinnsland når På Høyden ringjer.  

Han understreker at det ikkje var nokon som ville gjere nokon eller noko urett ved å bryte reglane, og at både han og dei andre kjenner regelverket godt. Godal var tilsett allereie i 1996, og Kvinnsland «arva» difor både den daglege leiaren og korleis han var rekruttert. Når Kvinnsland i dag skal peike ut ein grunn til at dei braut lova, viser han til selskapsforma.

– Forklaringa er rett og slett knytt til at dette var eit aksjeselskap.

Såg bort frå lover
UiB sitt eigarskap i Innovest AS går gjennom Stiftelsen Universitetsforskning Bergen – Unifob, som er kontrollert av UiB.

Heilt frå byrjinga var tanken at Innovest skulle vere ein fleksibel administrator av forskningsmidlar, og både leiing og styre såg bort frå at offentleg eigde aksjeselskap, stiftingar og andre sjølvstendige rettssubjekt i stor grad må styrast på same måte som offentlege institusjonar. Difor såg ein bort frå at lover som offentleglova og anskaffelsesloven òg gjeld for verksemder som det offentlege kontrollerer.

I Veileder til reglene om offentlige anskaffelser, lagd av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, går det klart fram at stiftingar og aksjeselskap som i hovudsak er eigd eller kontrollert av offentlege styresmakter må følgje dei same reglane for innkjøp som det offentlege. 

– Har aldri vore på anbod
Tidlegare dagleg leiar i Innovest AS, Arne Godal, blei intervjua før han blei tilsett i 1996. Det skal ha vore eit par andre kandidatar inne til intervju òg, men det var aldri snakk om noko anbod.

– Eg har aldri vore ut på anbod. Og eg er heilt sikker på at vi aldri fekk innspel frå styret om at vi skulle følgje offentlege anbodsreglar, seier Godal til På Høyden.

– Kan styreleiar Kvinnsland ha tatt det opp med deg direkte?

– Eg kan ikkje hugse at Stener Kvinnsland nemnde det. Han ville at vi skulle følgje aksjelova og rekneskapslova, seier Godal.

Kontrakten hans blei fornya rundt kvart tredje år, og kvar gong skulle kontrakten ha vore ute på anbod.

– Ikkje hensiktsmessig med anbod
Då styret ville ha inn ein annan dagleg leiar hasta det, og dei heldt dei fram med den ulovlege praksisen.

– Vi tok det på anbod på den måten at vi prekvalifiserte nokre tilbydarar. Det var tre firma som ga tilbod den gongen, fortel universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Det var ein spesiell situasjon, som oppsto då dagleg leiar gjekk på dagen. Vi trudde vi såg etter ei kortsiktig løysing. Men sett i ettertid burde denne kontrakten vore på ordinært anbod, seier han.

Men det blei aldri gjennomført ein open anbodskonkurranse, slik lova krev for alle innkjøp over ein halv million kroner. Regelverket skal sikre at offentlege ressursar blir brukt effektivt, og hindre korrupsjon. Kontrakten til Arnevig har seinare vore fornya, og heller ikkje då blei det gjennomført anbod.

– Det blei ikkje vurdert som hensiktsmessig med anbod for Innovest, seier Bernstrøm.

Noverande styreleiar i Innovest, Trond Søreide, stadfester at leiarjobben i Innovest ikkje har vore på anbod.

– Men vi har gått ut og gjort undersøkingar i marknaden. Vi vurderte det då slik at det var heilt naudsynt å få inn ein direktør raskt då Godal blei løyst frå kontrakten. Ein kunne sjølvsagt vurdert å ha det på anbod, men planen har vore å avvikle selskapet. Med denne løysinga hadde vi ingen plikter inn i framtida, seier Søreide, som òg er personal- og organisasjonsdirektør i Helse Bergen.

– Kan sjå det i ettertid
Våren 2013 fungerte Eivind Hansen som både styreleiar og dagleg leiar ein periode. Det var travelt, og Hansen trengte å få inn nokon straks.

– Den gongen rekna vi med at prosessen skulle bli litt kortare, seier Hansen.

Mens dei håpte å få avvikla selskapet i løpet av tre månader, har det i staden tatt tre år.

– Men i ettertid kan eg sjå at det var kritikkverdig å ikkje ha anbod, seier Hansen.

Då han kom inn kan det virke som om både styre og dagleg leiar framleis trudde at Innovest som  aksjeselskap kunne opptre langt friare enn offentlege forvaltningsorgan.

– Vår vurdering av dette har vel endra seg noko over tid. Vår rettsforståing av Innovest som offentleg eigd har vore ulik på gitte tidspunkt. Det er klart at vi rettar oss etter lovar og reglar som best vi kan, seier Hansen.  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed