Hit skal språkskattane flytta

Publisert:14. april 2016Oppdatert:14. april 2016, 16:53
Språksamlingane hamnar i dette bygget, som husar Bibliotek for humaniora i Bergen.

Språksamlingane, som UiB no formelt har teke over ansvaret for, skal reint praktisk plasserast under universitetsbiblioteket. Det gjer ein for å skjerma samlingane for svingingar i fakultets- og instituttøkonomien.

Instituttleiar og primus motor Johan Myking seier at målet er å ha på plass ein permanent struktur for språksamlingane frå 2017. Den praktiske flyttinga skal etter planen skje i år og neste år. Foto: Hilde Kristin Strand

– Haha, no er samlingane tilbake i Bergen. Det har vore eit trauma at namnesamlingane forsvann frå Bergens museum og hamna i Oslo eit par år før UiB vart oppretta.

Det sa førsteamanuensis emeritus Ole-Jørgen Johannessen under det store språksamlingsseminaret i Bergen torsdag. Om lag 70 språkforskarar frå heile landet var samla for å diskutera korleis ein best kan utvikla samlingane vidare. Som kjent overtok UiB ansvaret for språksamlingane frå nyttår, etter at Universitetet i Oslo i 2014 vedtok at dei ikkje lenger ville ha ansvar for dei.

Ville byrja med ordbok i 1929
I Bergen var det Torleiv Hannaas som samla inn språkleg materiale til museet. Han vart få år seinare professor i vestlandsk målgransking, og i 1929 skreiv han ein søknad om støtte til å byrja arbeidet med ei nynorsk ordbok. Dette arbeidet ville Hannaas gjera saman med kollegaer ved UiO, og sjølv skulle han vera redaktør. Men professoren døydde berre to månader etter at søknaden var sendt. Arbeidet med ordboka starta likevel allereie året etter, og no er ordboka gitt ut i 12 band. Men berre siste halvdel er digitalisert.

Det ideelle: 11 stillingar
I 1972 vart norsk leksikografisk institutt oppretta ved UiO. Dette skjedde etter at Vogt-komiteen i si stortingsmelding (1968-69) mellom anna skreiv at «utforskingen av norsk språk er en forutsetning for at den allmenne diskusjonen om språklige spørsmål kan bygge på sikker og objektiv informasjon og at allmennheten kan nyttiggjøre seg forskningens resultater».

Men no er altså samlingane attende i Bergen, og med på lasset følgjer seks millionar kroner. Det skjedde etter at det vart plussa på seks millionar kroner på UiB si ramme i statsbudsjettet for 2016.

Summen betyr at det er ein heil del ting ein førebels ikkje har pengar til. Professor Helge Sandøy har laga ei oversikt over kor mange stillingar som bør knytast til språksamlingane: 11.

I den summen er både fagleg tilsette, ein administrativ ressurs og teknisk personale. Men ein får ikkje elleve stillingar for seks millionar.

– Pengane rekk til 3,5 stilling, og i alle fall to av dei må knytast til det datafaglege. Det betyr at det vil ta tid å få på plass faglege stillingar, sa Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).

Volda-rektor Johann Roppen (framme til høgre) er klar for å ta over ansvaret for Norsk ordbok. Han peikar på at ein i Volda og Ørsta allereie har ei nynorskklynge, der mellom anna Nynorsk kultursentrum og direktør Ottar Grepstad (bak Roppen) er viktige. Foto: Hilde Kristin Strand

Fagleg linje frå UB
Myking er oppteken av at det er to ting ein må passa særleg på i oppstartfasen: Namnebasen og ordbøkene på Internett skal vera operative.

– Samfunnet skal ikkje merka driftsstans i denne kritisk viktige infrastrukturen. Dette må me passa nøye på, slik at det ikkje oppstår mellombelse skadeverknader, sa Myking.

Instituttet Myking leiar vert på mange måtar heimstad for språksamlingane. Men reint praktisk vert samlingane plasserte under universitetsbiblioteket (UB).

– Det er viktig, for då kan ein skjerma samlingane mot svingingar i den vanlege fakultets- og instituttøkonomien, sa Myking.

Frå UB skal det gå ei fagleg linje mot Det humanistiske fakultetet og LLE, og ein skal ha ei samarbeidslinje mot Volda. Nasjonal og regional medverknad, mellom anna gjennom UH-nett vest, vert òg viktig, men det er ikkje avklart korleis dette skal gjerast praktisk.

– Me skal ha ei lokal, fagleg leiing, ei lokal styringsgruppe og truleg òg ei regional styringsgruppe. Rektor Dag Rune Olsen har tidlegare sagt at han meiner at me òg bør ha ei nasjonal referansegruppe, sa Myking.

Veit ikkje heilt kva som skal flyttast
Myking har tidlegare fleire gongar snakka om at det trengs ein trailer for å få flytta språksamlingane over fjellet. Heilt kva som finst i Oslo er ikkje heilt avklara, men ein veit at det er mykje.

– Arkivet inneheld samlingar over syntaks, morfologi, fonologi, ordtilfang, stadnamn og gamalnorsk språk. Her finst kart, lydopptak, protokollar, arkivsamlingar over ord og namn, her er store korpus, ordbøker og digitale forskingsverktøy. Men det er ikkje heilt avklart kor mykje som faktisk skal flyttast, sa Åse Wetås.

Ho er direktør i Språkrådet, og var tidlegare prosjektdirektør for Norsk Ordbok. Ordbokprosjektet vart avslutta i fjor haust, men drifta av nynorskordboka og bokmålsordboka er ein del av oppgåva som følgjer med frå Oslo til Bergen.

Eller rettare sagt til Volda. Eit samarbeid mellom UiB og Høgskulen i Volda var snakka om lenge før ein visste om språksamlingane kom til å flytta vestover. No skal etter planen ansvaret for ordboka plasserast i Volda.

Volda-rektor Johann Roppen la vekt på at høgskulen, som har bruk av nynorsk i forsking, formidling og undervisning som ein del av strategien sin, vil ta vare på skatten etter Ivar Aasen. Han kom frå nabobygda Ørsta, der Nynorsk kultursentrum held til i dag. Roppen peika på at ein allereie har ei nynorskklynge i Volda og Ørsta.

– Me har allereie på gang eit prosjekt som skal munna ut i ei brukarrettleiing for ordboka. Me tek sikte på å vera ferdige med det prosjektet i haust. Digitalisering av dei første banda av ordboka står deretter øvst på lista. Det norske folket fortener tilgang til denne skatten, sa Roppen.

Han meiner at ein eigen ordbok-app er noko av det ein bør få på plass.

– Slik eg ser det, er eit leksikografisk miljø eit godt tillegg til nynorskklynga. Ei ordbok kan vera noko meir enn ein stad der ein slår opp kva som er rett og kva som er gale, sa Roppen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed