Fekk gatekunst på veggane

Publisert:4. april 2016Oppdatert:5. april 2016, 09:40
Adjø, fargelause kontorlokale. Walter Wehus (bildet) formidla kontakt med gatekunstnar Joy, som har dekorert veggane i det nyoppussa kontorlandskapet til Kommunikasjonsavdelinga. Foto: Ida Bergstrøm

Skjærtorsdag var det mørkt og stille på UiB. Bak lukka dører i Nygårdsgaten 5 fekk gatekunstnaren Joy arbeide i fred.

– Joy er ein av dei mest populære gatekunstnarane i Bergen no, seier Walter Wehus til På Høyden.

Han er kommunikasjonsrådgjevar ved Kommunikasjonsavdelinga (KA) , og ein av dei som har hatt grep om  utsmykkinga av dei nyoppussa lokala til KA.

– Vi fekk frie hender til å velje utsmykking. Vi tenkte det ville passe best med kunst malt rett på veggen.

Slik blei det.

Nye Joy-motiv
Kommunikasjonsavdelinga sine fargesterke møterom er dekorert med ulike stensilar av gatekunstnaren Joy. Nokre av stensilane var laga frå før. Enkelte av dei er såpass krevjande å arbeide med i det bergenske klimaet at dei enno ikkje hadde blitt prøvd på byens veggar.

No prydar dei møterom og korridorar i Nygårdsgaten 5.

Gatekunstnaren fekk betalt for oppdraget. Dette er eitt av mange oppdrag som Joy  har utført dei siste åra. Hotell, sjukehus og BIR har fått utsmykkingar signert Joy.

– Ville passe godt inn
Det var Walter Wehus som formidla kontakt. Han har gatekunstbloggen motveggen.com og har vore med og skrive boka Street Art Bergen om den bergenske gatekunstscena.

– Eg visste at Joy har hatt mange oppdrag før, og at vedkomande har ein stil som ville passe godt inn på KA, seier Walter Wehus.

Homo-Putin og Smiley
UiB har tidlegare betalt for utsmykkingar på universitetet sine bygningar. Fleire har også kome til UiB utan føregåande invitasjon. 

I 2014 dukka til dømes Russlands president Vladimir Putin opp ved Sophie Lindstrøms hus, utstyrt med regnbogefarga slips. I 2015 målte Argus eit portrett av byoriginalen Tore Syvert Moen på John Lundsplass ved SV-bygget.

– Anonymiteten er viktig

Skal ikkje prange
Mens utandørs utsmykkingar er utsett for vêr, vind og hærverk, er bileta på KA sine veggar kome for å bli. Sjølv om arbeida på KA sine veggar ikkje er like forgjengelege som utandørs kunst, er noko av den berande ideen bak gatekunst likevel bevart. Kunstverka skal ikkje prange. For å finne dei, må du oppdage dei.

– Joy sette stor pris på dette, seier Walter Wehus.

At Joy kom til UiB mens korridorane var tomme for folk, var heilt etter planen. Så få som mogleg skal vite kven Joy er.

– Denne anonymiteten til gatekunstnarane, kvifor blir den så sterkt verna?

– Anonymiteten er viktig. Dei målar ofte ulovleg, så det er greitt å forsikre seg mot klagar. Samtidig står ein friare når ein er anonym. Det er sikkert også nokon som set pris på mystikken rundt sin eigen signatur, seier Walter Wehus.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed