Emeritusane er klare til dugnad

Publisert:19. april 2016Oppdatert:21. april 2016, 10:07
Tom Schmidt, Oddrun Grønvik og Ole-Jørgen Johannessen er godt vaksne namnegranskarar. Så mange yngre finst ikkje. No melder (snart) emeritusane seg til innsats for å få orden på materialet som kjem frå Oslo til Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Namnegranskarar er ein sjeldan rase. No melder fleire av dei seg til dugnad når språksamlingane skal flytta til Bergen.

– Akademia har snakka mykje om seg sjølve og lite om verda utanom. Det må de slutta med, sa nynorsk-direktør Ottar Grepstad til om lag 70 frammøtte forskarar. Foto: Hilde Kristin Strand

– Eg har sagt at eg kan koma til Bergen og vera med på å pakka opp og forklara kva som er kva, smiler Tom Schmidt.

Han er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo, og forskar først og fremst på namn. Men no har UiB overteke ansvaret for språksamlingane, og i løpet av dette året og neste år skal samlingane fysisk flyttast til Bergen.

Fullstendig oversikt over kva samlingane rommar er det ingen som har.

– Eg kan svara eit rungande ja på at ein ikkje veit fullt ut kva samlingane rommar, seier Oddrun Grønvik.

Ho er leksikograf, forskar ved ILN og har vore redaktør for Norsk Ordbok.

Stiller seg til disposisjon
Schmidt har to år att til han fyller 70, Grønvik skal feira rund dag neste år.

– Eg vil nok framleis vera interessert i dette materialet etter at eg vert pensjonist. Eg har sagt at eg kan stilla meg til disposisjon dersom det er interesse for det, seier Grønvik.

Dei to UiO-forskarane var blant deltakarane på det store seminaret om språksamlingane torsdag. Der var òg Ole-Jørgen Johannessen. Han er førsteamanuensis emeritus, men framleis aktiv med både undervisning og forsking.

– Dersom det vert klare avgrensa oppgåver som skal gjerast på dugnad, er det noko eg kan vurdera, seier Johannessen.

Får inn ting ein ikkje visste fanst
Samlingane skal altså flyttast frå Oslo til Bergen. Men UiB har òg allereie eigne samlingar. I tillegg får både bergens- og oslomiljøet stadig inn nytt materiale. Dette må takast vare på på ein skikkeleg måte, seier Johannessen.

– Mykje namnemateriale er samla inn av profesjonelle. Men det finst òg drøssevis av større og mindre samlingar som er samla inn av andre. Me har til dømes nyleg fått ei stor samling frå Røldal, som me ikkje visste om at eksisterte. Det eksiterer mykje god frivilligheit ute, men materialet må underkastast vitskapeleg kontroll – ikkje berre puttast inn i eit datasystem, seier Johannessen.

Schmidt fortel om kassane med namneforskar Per Hovda sitt flyttearkiv som nyleg dukka opp på kontoret hans.

– Kanskje eit litt frekt spørsmål, men kan det tenkjast at ikkje alt som skal flyttast over fjellet er verd å ta vare på?

– Nja. I Hovda sine kassar er det til dømes mengder av notisbøker. Det er vanskeleg for meg å seia kva som er viktig og ikkje. Så no har eg rydda og markert kassane med innhald. Så får andre ta stilling til om alt skal takast vare på, seier Schmidt.

Grønvik har òg nyleg fått overlevert eit stort materiale. Ho meiner at noko av det viktigaste for språksamlingane er å få til ein god interaksjon med lokale entusiastar.

– Eg fekk besøk av ei kvinne som hadde med seg permar etter far sin. Ho hadde rydda på loftet, og det viste seg at han hadde dokumentert dialekten i Lærdal og Årdal. Han hadde òg vore med på å reinskriva dei første banda av Norsk Ordbok i ungdommen, seier Grønvik.

 For oss utanfor akademia er seks millionar mykje pengar

Treng meir dugnad
Emeritusane er altså klare for innsats. Og kanskje er det nettopp dugnad som trengs når språksamlingane skal flytta. Ordet «dugnad» vart i alle fall brukt av fleire av deltakarane på seminaret. Løyvinga frå Stortinget er seks millionar kroner, det er ikkje all verda. Ifølgje insituttleiar Johan Myking rekk det til 3,5 stilling – men ein ville helst hatt 11. Det vart difor oppmoda til både dugnadsinnsats for å skriva søknad til forskingsrådet om infrastrukturstøtte og om å oppmoda masterstudentar til å skriva oppgåver om spesielle emne – og slik få gjort litt arbeid på dugnad samstundes.

– Men for oss utanfor akademia er seks millionar mykje pengar. Eg synest ein må tenkja på kva som har gjort språksamlingane og Norsk Ordbok til ein suksess: Det har vore eit fantastisk spleiselag mellom styresmakter, akademia, forvaltninga og kulturinstitusjonar. Det er ikkje mange andre tema som har vore tekne opp på årsmøtet i Samlaget kvart år i 90 år, men ordboka har det.

Det sa Ottar Grepstad.

Han leiar Nynorsk Kultursentrum i Ørsta, og han var initiativtakar til ordbokgruppa, som jobba for å få flytta språksamlingane vestover.

Grepstad sa til eit lydhøyrt publikum at det er ein ting som er viktigare enn noko anna dei neste åra: Å snakka om nytteverdi. Slik meiner han ein kan få politisk gehør for at det trengs meir pengar, og nemnde bokmålsordboka og nynorskordboka på nett som døme. Dei er, ifølgje tal frå Språkrådet, brukt 240 000 gonger kvart døger.

– Nokon må styra og prioritera arbeidet med språksamlingane, førebels er ikkje dette staden for den frie forskaren sine prosjekt. Samstundes bør dette tiltaket melda seg på kvar einaste budsjetthøyring frå i år og til de går av med pensjon, og de bør har møte med ulike stortingspolitikarar kvart år. Ein må få denne saka ut frå universiteta og høgskulane og få andre til å eiga saka, sa Grepstad.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed