Vil ikkje legga ned utanlandssenter – førebels

Publisert:23. mars 2016Oppdatert:29. mars 2016, 10:16
I St. Petersburg ligg eitt av utanlandssentra UiB er knytt til. Drifta av senteret er dyr, og no må bruken opp om UiB kan forsvara pengane som går med. Det heiter det i rapporten frå arbeidsgruppa som har sett på dei europeiske utanlandssentra. Arkivfoto: Åse Johanne Roti Dahl

Dei europeiske utanlandssentra er for lite brukt,og dei er dyre, konkluderer arbeidsgruppa som har evaluert dei. Men sentra vert freda – i alle fall ei stund.

Europa er viktig, seier HF-dekan Margareth Hagen. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

– Det er nesten umogleg å legga noko ned. Men samstundes vart desse sentra etablerte då verda såg annleis ut.

Det seier Margareth Hagen, dekan ved Det humanistiske fakultetet. Ho har leia arbeidsgruppa som fekk i oppdrag å evaluera bruken av dei europeiske utanlandssentra. UiB er knytt til Det norske institutt i Aten, Det norske institutt i Roma, Det norske studiesenteret i York, Det norske universitetssenter i St. Petersburg, Fransk-norsk studiesenter i Caen, Fransk-norsk senter for humaniora og samfunnsvitenskap i Paris og Tysk-norsk studiesenter i Kiel.

Det er nesten umogleg å legga noko ned

Meir enn arkeologi i Aten?
No er rapporten klar. Konklusjonen er at UiB framleis bør vera ein del av alle sentra. Men for to av dei; Aten og St. Petersburg, anbefaler arbeidsgruppa at ein tek ei ny vurdering om eit år. Totalt kostar desse to sentra UiB over to millionar kroner i året.

Universitetet i Tromsø har allereie vedteke å trekkja seg frå samarbeidet om Aten, og UiO og NTNU vurderer om dei framleis vil vera med. UiO skal sjå nærare på korleis senteret i Roma skal styrast. Dei har òg trekt seg frå samarbeidsavtalen om undervisning i Caen. NTNU vurderer å trekkja seg frå senteret i St. Petersburg.

Nokre av sentra er i hovudsak retta mot forskarar, andre har mest studentaktivitet. Men felles er at dei ikkje er veldig mykje i bruk. Hagen meiner at UiB må ta større ansvar for å informera om ressursane som ligg i dei europeiske utanlandssentra.

– Eg trur tilboda er gode nok, men kanskje ikkje godt nok tilrettelagde og kanskje òg låste fast i for omstendeleg og kostbar drift. I Aten har til dømes fokus vore på arkeologi. Det er ikkje veldig mange klassiske arkeologar i Noreg. Men Aten og Hellas burde vera interessant for dei som forskar på til dømes flyktningar, på religion, økonomi og kunsthistorie, seier Hagen.

Det er nok sentra i St. Petersburg og i Aten me er strengast mot

– Europa er viktig. Det er ikkje slik at det kan opprettast nye senter utan at nokon stiller kritiske spørsmål, og så skal med legge ned dei gamle, humanistiske samstundes, legg ho til.

Strengast mot Aten og St. Petersburg
Senteret som er dyrast for UiB, og som truleg er det som er minst brukt, er senteret i St. Petersburg. I rapporten heiter det at tilbakemeldingane frå fagmiljøa tyder på at bruken av senteret til forskingsformål har vore avgrensa dei siste åra. Det er forskarar frå UiT og UiO som har brukt det mest. Men UiB-forskarar understrekar at senteret er viktig som fasilitator og tilretteleggjar og at det bidreg til å etablera kontakt med russiske fagmiljø.

– Det er nok sentra i St. Petersburg og i Aten me er strengast mot, seier Claus Huitfeldt.

Me seier i rapporten at ein må visa klare teikn på auka aktivitet ved desse sentra

Han er prodekan for utdanning og internasjonalisering ved Det humanistiske fakultetet, og har òg vore med i gruppa som har evaluert sentra.

– Me seier i rapporten at ein må visa klare teikn på auka aktivitet ved desse sentra. Dersom ikkje, så spøkjer det.

– Kven sitt ansvar er det at sentra er lite brukt?

– Dels fagmiljøa, og dels sentra sjølve. Problemet er at organiseringa er ulik, med mange partar, noko som gjer at ansvaret vert pulverisert, meiner Huitfeldt.

Han seier at det er godt potensiale i mange av sentra, men at eksistensen deira er dårleg kommunisert.

– Ved sentra i Caen og Kiel har dei til dømes språkkurs som er retta spesielt mot norske studentar. Det har vorte sagt at utanlandssentra har utspelt si rolle fordi ein har fått gode avtalar gjennom Erasmus-programmet. Først syntest eg det høyrdest rimeleg ut. Men det eg no ser, er at gjennom utanlandssentra får studentane tilbod om noko heilt anna, seier Huitfeldt.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed