No kjem unisex-toaletta

Publisert:3. mars 2016Oppdatert:3. mars 2016, 13:24
– Dette er noko vi gjer som ein del av likestillingspolitikken, seier Even Berge, direktør ved Eigendomsavdelinga. Foto: Colourbox

Innan 2017 skal UiB ha kjønnsnøytrale toalett ved alle fakultet.

«For å sikre et mangfold av studenter og ansatte på Universitetet i Bergen må vi blant annet sikre at ingen føler seg tvunget inn i en bestemt kjønnskategori som de selv ikke føler de hører til».

Dette står i ein fersk resolusjon frå Studentparlamentet ved UiB.

– Ved UiO har det vore ein debatt kring temaet. Vi tenkte at dette måtte vere eit behov også ved UiB, seier Johanne Vaagland, leiar av Arbeidsutvalet ved Studentparlamentet til På Høyden. Saka blei først omtalt av Studvest.

– Ombygging vil ta tid
Rektoratet og eigendomsavdelinga er positive til framlegget frå Studentparlamentet.

– Rektoratet ønska at vi skulle få dette på plass raskare. Men vi ser at i nokre tilfelle vil ombygging vil vere naudsynt, og vi vil difor trenge litt tid, seier Even Berge, direktør for Eigendomsavdelinga ved UiB.

I dag finst det enkelte kjønnsnøytrale toalett mellom anna på Studentsenteret, i Realfagsbygget og i Eigendomsavdelinga sine lokale. Også ved studentpuben Ad Fontes er det kjønnsnøytrale toalett.

I løpet av åra som kjem skal det bli fleire.

Tradisjonelle herretoalett/dametoalett skal bevarast
I prosessen er det imidlertid fleire omsyn Eigendomsavdelinga vil ta.

Ved nokre toalett, til dømes ved dei store herretoaletta i Realfagbygget, er det pissoar. Mange personar som frå tid til annan definerer seg som kvinner, kan ha innvendingar mot å måtte passere eit pissoar på veg mot eit avlukke. Andre kan også av religiøse årsaker ha innvendingar mot unisex-toalett.

Even Berge lovar at også desse gruppene skal bli tatt omsyn til.

– Omsynet til dei som ikkje er heilt komfortable med kjønnsnøytrale toalett skal bli tatt vare på. Vi vil behalde nokre kjønnsdelte toalett, seier Even Berge.

– Ein del av likestillingspolitikken
Eigendomsavdelinga vil starte med å kartlegge kva tilbod som finst i dag. Nokre stader er det tilstrekkeleg å endre skilta på dørene, andre stader må det ombygging til. Ifølge Even Berge skal UiB også ta omsyn til behovet for unisextoalett når nye bygg skal reisast.

– Dette er sutalaust og greitt, og noko vi gjer som ein del av likestillingspolitikken, seier Even Berge.

Arbeidet vil ta litt tid, men tilbodet er lova å vere klart innan 2017.

Dette er tilstrekkeleg hurtig, meiner Johanne Vaagland. Ho meiner mange, spesielt yngre grupper er mottakelege for endringar som overgang frå kjønnsdelte toalett til kjønnsnøytrale toalett.

– Får ein ordna det i løpet av året, er det betydeleg raskare enn fleire andre saker vi løftar fram, seier ho.

Ikkje eit reelt handicap
Å bruke handicaptoalett er ikkje ei fullgod løysing, meiner Johanne Vaagland.

– Å vise folk over til handicaptoalettet understrekar berre at «du er annleis». Mange tenkjer også at dei ikkje vil halde handicaptoalettet opptatt når det er andre med reelle handicap som treng toalettet meir, seier ho.

– I vedtaket som ligg på nettsida vår står det at ikkje alle toaletta må vere unisex. Det skal vere slike toalett tilgjengeleg på alle fakulteta og på studentsenteret, der studentar normalt ferdast.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed