Mæland og Vaagland er valt inn i universitetsstyret

Publisert:18. mars 2016Oppdatert:18. mars 2016, 11:34
Jin Sigve Mæland og Johanne Vaagland er dei nyvalde medlemmane av UiB sitt høgste organ. Foto: Privat

Med knapp margin vann Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland slaget om dei to studentplassane i universitetsstyret.

Torsdag blei det klart at Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland skal representere studentane i universitetsstyret. Dette meldte rektor Dag Rune Olsen på Facebook.

Litt over tjue prosent av studentane stemte ved valet. Det er rekordstor oppslutnad. Begge kandidatane vann med små marginar over motkandidatane Bendik Verlo Nes og Camilla Isabel Wetteland Kristiansen.

Betre undervisning, kommunikasjon i app og fornybar energi
Duoen har gått til val på tre hovudsaker.

Dei vil betre undervisninga ved UiB gjennom «kontinuerlig kursing, statusheving og incentiver». Dei vil arbeide for at semesteret skal verte planlagt og god tid, og at informasjon og varslar skal vere lett tilgjengeleg via appen MittUiB. Dei vil også arbeide for at UiB skal satse på utdanning og forsking på fornybar energi og klima.

Valprogrammet til Jin Sigve Mæland og Johanne Vaagland kan du lese her.

Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland har røynsle frå mellom anna Studentparlamentet sitt Arbeidsutval (AU). Utvalet består av fire personar som arbeider fulltid med den daglege drifta av Studentparlamentet.

Forsvare studentane sine interesser i komande fusjon
Dei nye styremedlemmane trer inn i vervet 1. juli. Når universitetsstryet samlast etter sommaren, vil Johanne Vaagland og Jin Sigve Mæland ta plass ved bordet.

– Vi kjem til å ha stort fokus på den moglege fusjonen mellom UiB og KHiB. Hovedprioritet blir å legge til rette for at studentane blir ivaretatt gjennom hele prosessen, sier Johanne Vaagland til Studvest.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed