Korleis er det å vera innvandrar i akademia?

Publisert:15. mars 2016Oppdatert:15. mars 2016, 11:30
Me som har vore i sektoren i ei stund, veit at nepotismen er utruleg sterk. Det sa Vidar L. Haanes, som leiar Universitets- og høgskulerådet. Arkivfoto: Ingerid Jordal

Norske forskingsinstitusjonar er gjennomsyra av «norskheit». Det skaper vanskar for innvandrar, heiter det i ein ny rapport.

«Å være utlending er ingen fordel» heiter rapporten som Arbeidsforskningsinstituttet (Afi) i samarbeid med Nifu offentleggjorde førre veke. Rapporten viser at personar med innvandringsbakgrunn har lågare sannsyn for å få ein stilling i akademia enn personar med majoritetsbakgrunn.

– Informantane skildrar ein kultur ved institusjonane som ikkje er prega av openheit, medbestemming og flat struktur, men snarare av tildekte maktrelasjonar og fordommar mot praksisar i andre land. Dette kom mellom anna fram i form av støytande kommentarar om landa dei utanlandske tilsette kom frå, fortalde Cathrine Egeland frå Afi då rapporten vart presentert. Det skriv Forskerforum.

– Sterk nepotisme
Forskarane har mellom anna intervjua utanlandsfødde vitskapeleg tilsettte om deira møte med norsk akademia. Ein av dei seier at «UH-sektoren er et lukket samfunn.. når man skal inn, det er nok vanskelig, og til og med for norske utenfra, å komme inn i den sirkelen, så det blir enda mer vanskelig eller av og til umulig for andre å komme seg inn her». Vidare seier vedkomande at «det handler kanskje om hele høgskolesektoren som er for norsk. Jeg har kontakt med andre høgskoler og fakulteter… det finnes ikke stor plass for mange innvandrere synes jeg. Ikke bare på grunn av kunstige linjer, men fordi høyskolens struktur er veldig norsk. Den er veldig språklig organisert. (…) Du må nesten være norsk for å komme hit».

Forskerforum siterer Vidar L. Haanes, som er rektor ved Menighetsfakultetet og styreleiar i Universitets- og høgskulerådet.

– Me som har vore i sektoren i ei stund, veit at nepotismen er utruleg sterk og går ut over alle som ikkje passar inn i professoren sitt ønskjer om å byggja vidare på sin tradisjon. Me reproduserer oss sjølve, og dei fleste har ein ønskje om å vera skuledannande på sitt felt, sa han.

– Motsats til fordommar
Statssekretær Bjørn Haugstad sa under presentasjonen av rapporten at ein har visst frustrerande lite om kva som skal til for at folk med kompetanse som kjem til Noreg, får kompetansen sin teken på alvor. Rapporten vart bestilt i 2015 etter at komiteen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking fekk utvida mandatet sitt frå å ikkje berre jobba med kjønnsbalanse i forsking, men òg etnisk mangfald.

– Legitimiteten i akademia er avhengig av at forsking og høgare utdanning framstår som motsatsen til fordommar og diskriminering. Skal kunnskap kunne oppstå gjennom meiningsbryting mellom dei beste, så må me sikra at dei beste kjem til orde, sa Haugstad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed