Får visa klimafilmen på NRK

Publisert:8. mars 2016Oppdatert:10. mars 2016, 09:06
Frå venstre Øyvind Gjerstad, Oleksandr Kapranov, Vegard Rivenes, Helge Drange og Gisela Bøhm har laga klimafilm saman med Kjersti Fløttum. Torsdag vert det premiere.

Det har gått som franskprofessor Kjersti Fløttum og forskarkollegane hennar håpa på: Klimafilmen deira skal verta vist på NRK.

– Me er kjempeglade for å få vist filmen på NRK. Etter planen skal filmen visast både på fjernsyn og på nrk.no. I tillegg vert han tilgjengeleg på UiB sine nettsider, og truleg òg på Vimeo, seier Kjersti Fløttum.

Ho er professor i fransk språkvitskap og har leia prosjektet Lingclim. Eit av resultata er ein film omspråk og klima, finansiert av Samkul-programemt i Forskingsrådet. Torsdag er det premiere på “Når vi snakker om klima” for spesielt inviterte.

Les meir: Stiller klimaspørsmål igjen og igjen

Frå to timar til tretti minutt
Fløttum har allereie sett filmen mange gongar. Ho har nemleg vore med på klippinga.

– Det vil seia, eg har bestemt, eg har ikkje gjort noko teknisk, humrar ho.

– Det har vore utruleg spanande, og svært vanskeleg. Me hadde to timar råmateriale, og filmen skulle verta 30 minutt. Det gjorde at me måtte verta endå meir medvitne kring kva me ville formidla.

I filmen er både politikarar, ungdom, forskarar, og representantar frå næringsliv og organisasjonar med. Sjølv om mykje måtte kuttast, kjem alle likevel til orde.

– Kven er målgruppa?

– Eit allment publikum. Ein treng ikkje vita noko spesielt om klima og klimaendringar på førehand. Me forskarar forklarar, dei andre har meiningar, smiler Fløttum.

Ho fortel at ho allereie har vorte kontakta av fleire, òg frå skuleverket, som ønskjer å bruka filmen.

Forskarane har måtta forenkla språk og bodskap. Fløttum seier at sjølv har ho etter kvart formidla mykje for ulike grupper og har fått trening i å få fram det ho ønskjer å seia på ein enkel måte. Ho skryt av klimaforskar Helge Drange, som er ein av forskarane som er med i både filmen og forskargruppa.

– Han forklarar og forenklar.

Les meir: Avsluttar menneskeleg klimaforsking

Har fått meir pengar
Hovuddelen av  Lingclim-prosjektet vart avslutta ved nyttår. I tillegg til å laga film er eitt av resultata forskarane kan visa til ein artikkel på trykk i anerkjende Nature. No har nokre av forskarane fått pengar gjennom Akademiaavtalen. I utgangspunktet har både Fløttum, Gisela Bøhm (professor i psykologi) og Eystein Jansen (professor i geovitskap) fått tildelingar. Men styringsgruppa har sagt at dersom dei tre prosjekta slær seg saman under namnet «Pathways to energy transitions», vil dei få ein million kroner ekstra.

– Eg synest det er flott at eit humanioraprosjekt òg er kome inn i Akademiaavtalen, seier Fløttum.

Saman med Endre Tvinnereim frå Uni Research Rokkansenteret skal ho sjå nærare på nordmenn sine haldningar til energiomstilling. Er dette noko ein er interesserte i i det heile?

– Me skal mellom anna nytta Medborgerpanelet til å stilla spørsmål. Me har òg fått høve til å stilla spørsmål via Institut d’études politiques de Paris (SciencesPo) i Frankrike. Det vert kjempespanande. Eg gler meg mellom anna til å sjå på skilnader i språkbruk mellom nordmenn og franskmenn, seier Fløttum.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed