– Det er stor entusiasme for Kunstfakultetet

Publisert:1. mars 2016Oppdatert:1. mars 2016, 11:00
Aashild Grana er dekan ved avdeling for kunst, samt leiar av prosjektgruppa som arbeider med den komande samanslåinga mellom musikkmiljøet på Griegakademiet og kunstmiljøet ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Før eit år er omme vil dei ha blitt slått saman til eit nytt UiB-fakultet. Foto: Ida Bergstrøm

Kunst- og designhøgskulen i Bergen og Griegakademiet kan saman bli UiB sitt sjuande fakultet.

– Det er overraskande mykje positivitet blant dei tilsette, seier Aashild Grana. Ho er dekan ved avdeling for kunst, samt leiar av  prosjektgruppa som arbeider med den komande samanslåinga av Griegakademiet og Kunst- og designhøgskulen i Bergen.

Frå og med 1. januar 2017 vil dei saman – viss alt går etter planen – danne det sjuande fakultetet på universitetet.

– Dei tilsette har både vilje til og entusiasme for å bidra til samanslåingsprosjektet. Det er gull verdt, seier ho.

Krav om <<robuste fagmiljø>>, også innan kunst
Innan 15. april skal prosjektgruppa levere ein rapport, og i juni skal styra ved institusjonane seie endeleg ja eller nei. Mykje kan tyde på at det går mot ein fusjon mellom dei to utdanningsinstitusjonane. I januar sa seniorrådgjevar Nina Maltherud at <<Det skal mykje til for at dette blir stoppa>>.

– Arbeidet til prosjektgruppa har pågått ei stund. Det har så vidt begynt, og det er snart slutt, seier Aashild Grana.

– Kven hadde ideen til samanslåinga?

– Den kom frå departementalt hald. Det kjem nye krav om robuste fagmiljø og om tal på doktorgrader.

Skreddar- og fabrikksaum skal gje form til fakultetet
Kunst- og designhøgskulen og Griegakademiet hadde fredag eit seminar for å diskutere ei felles framtid.

– Vi er jo kreative menneske, så vi kan jo sjå for oss fleire sirklar etterkvart, seier Frode Thorsen. Han viser fram eit lysark som viser korleis UiB sitt komande kunstfakultet kan bli organisert. 

I aulaen sit tilsette ved Kunst- og designhøgskulen samt dei tilsette frå Griegakademiet. Storskjermen viser eit lysark med tre sirklar. Ein for design, ein for kunst, ein for musikk. Under kvart namn er det nye sirklar. Her står namnet på dei ulike fagmiljøa.  

– Vi skal ha noko som kan fungere innanfor UiB. Det betyr at vi må ha ein god kombinasjon av skreddar- og fabrikksaum, seier Frode Thorsen. I dag er han instiuttleiar ved Griegakademiet, som i dag er underlagt Det humanistiske fakultet.

Frykt og nysgjerrigheit
– I andre fusjonsprosessar er frykt for kvarandre, og frykt for korleis framtida vil bli, gjerne ein synleg komponent. Er de også litt redde for kvarandre?

– Den kjensla finst nok  hos oss også. Men prosessen er meir prega av nysgjerrigheit på kvarandre, og på kva vi kan få til saman. Vi har laga gode møtepunkt, der det oppstår idear for korleis framtida kan bli, seier han.

Khib står på flyttefot til nybygget på Møllendal. Griegakademiet blir att i sentrum, sjølv om det no eksisterer forholdsvis konkrete planar for eit mogleg nybygg for Griegakademiet på Møllendal.

Ny doktorgrad i kunst
Frode Thorsen trur samanslåinga kan gje kunstfakultetet ein ny, nasjonal posisjon. 

– Vi kan mellom anna få ein tverrkunstnarleg phd. Dette vil bli noko heilt nytt i Norge, sier han. 

Han fortel at mange kunstnarar jobbar på tvers av dei tradisjonelle disiplinane. Det fordrar at utdanningsinstitusjonane heng med, og tonar ned skiljelinene mellom fagmiljøa.

–  Altså: Alt treng ikkje rørast saman i ein graut. Men vegen til tverrfaglege prosjekt kan bli kortare. Det er ikkje slik at designarar berre jobbar i rom, mens musikarar arbeider i tid, seier Frode Thorsen, instituttleiar ved Griegakademiet. 

Fusjon utan tvang eller innsparing
Han legg til at samanslåinga ikkje vert oppfatta som tvang. Samanslåinga skal heller ikkje vere ein sparefusjon, der ein skal kutte ei rekke administrative stillingar.

– Vi har ikkje lagt opp til at nokon skal miste jobben sin. Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene, men dette arbeidet vil vi sjå på til hausten. Då vil vi gå gjennom drøftingar og forhandlingar, i tråd med regelverket. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed